Tidender.

 
Kristiania, den 28de Juli.
 
Statsministar  Richter kjem til aa standa i som Statsministar endaa nokre Maanar. Sidan fær han væl att den gamle Posten sin i London.
 
 
General  Grant, som døydde her um Dagen, var fødd 1822. Far hans var Garvar, og Sonen hev ogso drevet med Garvararbeid. Foreldri hadde ikkje nokor stor Tru til Evni hans. 
Du burde hava heitt Useless (Udygde, vesalling) du, ikkje Ulysses sagde Mor hans til han ein Gong. Men han kom seg daa fram. Han gjekk gjenom ein Krigsskule, og var med i Krigen mot Mexiko i 1846, men fekk Avskil som Officer i 1854. Og alt til 1861 dreiv han berre som Bonde og hjalp Far sin med kva som høvde. Men so daa Borgerkrigen kom, vart han teken inn i Herren att, og der steig han skjott til Generalmajor, vann den eine Siger etter den andre og gjorde Meistarstykkje som Hermann. Med det vart han so namngjeten, at dei tok han til Præsident i 1868, og endaa han fekk leidt Ord paa seg for aa taka Mutur og gjeva burt Postar aat Vener og Skuldfolk, so vart han gjenvald i 1872 og var Præsident til 1877. Daa tok han seg ei Reise til Europa og var jamvæl her i Norig. Sidan kom han upp i 
Handelsgreidur, so det gjekk reint ut med han, men han fekk æreløn af Staten, so han ikkje leid nokor Naud.
 
 
Millom England og Rusland kom det paa ein Floke att, som liknad denne Komaroffs Greida. Det er eit Skard dernede paa Avganistans Grensa, som dei kallar Sulfikar-Skardet. No var det meldt, at Russarne hadde herteket dette Skardet, dei er no aldri i Ro, sender herfolk hit og dit, so ein kunne aldri vita, kva som er Meiningi. No tok so Englendarne til aa undrast, um ikkje Russaren hadde gjenget utom dne rette Grensa, for Sulfikar-Skardet hev dei lovat Emiren. Og no er det det, som valde Ugreida, at kvar hadde si Meining um kva Sulfikar var. Russaranne sagde, at det var ikkje Sulfikar der dei var, Engelskmannen meinte, at jau so var det. Meir skal det ikkje til, fyrr Stormagterne kann rjuka i hop, er det so at det er so laga og at Hugen er fus. Og det sat no den Otten i Folk ogso, at det nye engelske Ministerium var meir hugat paa Krig enn det gamle. Men ein hev vist ingen Grunn til aa fæla, dei siste Tidender melder, at Russland hev sagt, at for aa sleppa nokor Ugreide vilde dei daa helder gjeva upp att Stellingi si ved Sulfikar. Og det er sjaa-ande til, at Salisbury no er meir spakfengd, sidan han kom paa Ministarbenken, og at han ikkje torer taka Andsvar for ein Krig med Russland berre for Smaagreidur, men at han vil fara fram med same Maatehaldspolitikken som Gladstone.

 
I Frankrike er det dei radikale, som arbeider mest for Tingvali. Det er Clemencau, som er Fyrstemannen der. Han vil, at der Monarkistarne er sterke, skal alle Fristatsmenn standa samstelte, men i dei Landsluter der det ingen Fare er, bør dei berre freista aa arbeida for sine Sermeiningar. Han segjer, at dei radikale er for ei fredeleg Utvikling, vil ikkje driva for mykje med Krig og Ferder i Utlandi, men arbeida for Frankrikes eigen Framgang.

Elles er det vanskelegt um aa faa semja dei ymse frilynde Flokkar under eit Program, kvar Flokk hev sine Valkrav.
 
 
Elsas og Lothringen hev fenget ein ny Stathaldar, ein Sudtyskar, som heite Hohenlohe. Mange ventar, at dette skal verta ein høveleg og vitug Landsstyrar, som vil brjota Skikken hans Manteuffel, som hev voret der fyrr.

 
England. Det er Irlendaren Parnell, som no er den megtugste Mannen i Politikken; han og Flokken hans var det, som reiv ned Regjeringi. Og endaa hev han ikkje fleire sikre med seg enn 40 Mann. Men til næste Aar fæler dei for, at han kanskje vil faa det dubbelte Talet, og det vil helst vera fraa dei frilynde, at han tek dei. Desse tek difor til aa verta ottsame.
 
 
I Spania er det urolegt. Eit Blad skriv soleis: Heile Landet er fullt av Samansverjing og Uppstyr. Republikanaranne meiner, at det er gode høve for ein Revolusjon. Jordskjelte og Kolera hev skapat Armod og Fortviling i dei rikaste Bygdelag. Berre Sotti hev rivet burt 19,000 Menneskje. Handel og Haandverk hev siget reint ned og ført mangfalduge til Armod og Vesalldom. Paa Pengar er det Vant og mest umogelegt aa faa Kreditt. Mange Stader er det Uppreist og Gatekampar, der mange vert drepne og saarad. Herfolk maa sviva all 
Stad til aa halda Ro og Orden.
 
 
Grosserar  Astrup skal verta Statsraad og Styrar for det nye Dept. fortel Dgbl. ikveld.


Stortingsmann  Foosnes i N. Trondheim lyser ut, at han ikkje tek imot Gjenval.


Valet i Finmarki ser ut til aa verta Høgre iaar ogso.


Det siste Bispevalet , skriv Vestmar, hev godtgjort, at Kyrkjefolket meir og meir fær Hug til aa vera med, naar det gjeld Valet av dei kyrkjelege Tilsynsmenn. Kravet reiser seg sterkare for kvar Tid, for at Folket maa faa vera med og velja. Ikkje noko Krav kann vera rimelegare. Det er Kyrkjefolket som er Kyrkja, og for deira Skuld er det, at me løner baade Prestar og Bispar. Dette at Prestarne vel Bispen og at Folket berre stend og ser paa, det er eit Prestevelde, som eit myndugt Kyrkjefolk ikkje lenger bør halda paa.


Høgre er so ibeit for høvelege Stortingsemne, at dei jamvæl held dømde og avsette Statsraadar for gode nok. Det er helder ikkje so visst, um Stortinget vil godkjenna slike Folk, um dei vert valde ifraa andre Kantar enn der som dei bur. V. G. skriv um dette sovoret: Aa kunna veljast i andre Valringar er ein Fyremun, som ligg til Statsraadsembættet. Men denne Serretten misser ein, naar ein forspiller Embættet sitt. For Kriminallovens Kap. 2 § 36 segjer:

Afsættelse saavelsom Embedsfortabelse medfører Tab af alle tilværende eller tilkommende
Rettigheder og Fordele, som maatte være forbundne med de Embeder, Bestillinger eller Ombud, hvilke den angjældende fratræder, forsaavidt samme ikke ved lovlig Anvendelse af Penge eller Penges Værd ere forhvervede, saasom Pension, der ved Indskud er forsikret eller Naadensaar for geistlige Embedsmænd.

 
Um Garborgs Bondestudentar skriv eit danskt Blad millom anna: At Bondestudenter for norske Læsere indeholder mangt og meget, som er gledet os forbi, er udenfor al Tvil, og naar Bogen alligevel har Magt til at fængsle os, taler dette i høj Grad til Gunst for dens Forfatters Talent. En god Egenskab, som i vore Dage bliver sjeldnere og sjeldnere, har Garborgs Fortælling: den er i høj Grad fri for alle erotiskpirrende eller plat naturalistiske Kjærlighedsscener, der er ren og skarp Luft i den, og verken Drivhusem eller Mosetaage.


Folketalarar reiser no kring um i alle Bygder, Høgre og Vinstre um kvarandre. Stats- raadar og Professorar, Stortingsmenn og Skulmeistrar. Berre Kristiania er lagt øyde, det er so stilt og audt her no, at ein skulde ikkje tru at det fanst korkje Politikk elder Tankar um nokon Ting i Folk.


Høgremøtet paa Litlehamar , som hadde fenget Dr. Y. Nielsen og Statsraad Hertzberg til aa gjeva Folket sund og god Lærdom, endad med det, at Forsamlingi ropad Hurra for _ Maalsaki.

 
Sylv i Sogn. Paa Gjerde i Leikanger fann dei ei Sylvaare i Haust var. _ I Sumar hev dei freistat med Drift, og det hev synt seg at Malmen vert baade rikare og betre, til lenger dei kjem inn i Berget. Malmlægjet er 8 m. breidt. Etter dei Prøvurne, som er sende til Kristiania, inneheld Malmen 750 Gram reint Sylv pr. Ton. Her synest det, som um alle Vilkaar finst for lønsam Drift, Gruva lig berre 200 M. ifraa Sjøen, 10 M. uppifraa, og det er ei stor, fyssande Elv tett attmed.


Ein Klædefabrikk og eit stort Hotell i Danmark hev brunnet. Fabrikken var verd ein halv Mill. Kr. Det var midt paa Notti Vaavermen kom upp. Hotellet var fullt med Folk, og dei laag og sov som best; daa dei vaknad, saag dei eit stort brusande Eldhav imot seg og ei Glodrign fall yver dei. I Huj og Hast for dei upp og ut, sume nakne, sume med lause Plagg og Flangar sveipte kringum seg. Ei gamal Dame budde paa Hotellet med Hund og Barn og mykje Prydnad. Sveipt i eit Tjeld for ho skrikande gjenom alle Rom og spurde etter Hunden sin. Daa ho fann Dyret, tok ho det paa Armarne og bar det ut. Daa fyrst tok ho til aa spyrja etter Barnet. Ei sinnsjuk Gjente kravlad uppaa Taket, og heldt seg fast med Hender og Føter; dei maatte bruka Magt til aa faa ho ned.

Folk strøymde til og tok til med Pumpurne, medan dei song Ned med Estrup! Ned med Estrup! Det var lite dei fekk bergat, men ikkje noko Mannaliv gjekk med.