Til Bjørnstjerne Bjørnson!


Eg hev leset Stykket Ditt i Verdens Gang om Diktarløn aat Kjelland, og eg fann der eit Ord, som sette mig i Tankar. Du segjer: Jeg tror ikke paa Jesu Gud, men jeg tror paa Gud.

Kva meiner Du daa med, at Du trur paa Gud? Trur Du paa ein Gud, som høyrer Bøner? paa ein som styrer Din Veg, og som gjerer Deg lukkeleg? Trur Du paa Kjødets Opstandelse og det evige Liv?

Det er so merkjeleg med Fritenkjaranne med det, at eg hev jamleg set, at dei hev kritisera og rive ned Kristendomen, men eg hev alli høyrt, hot dei hev sett istaden. Eg hev set, at Du eigong for mange Aar sidan sagde, at Du vilde reinske ut av Kristendomen det som fram igjenom Tidi hev blive tilsett, og som er uægte; men eg hev alli set det hev voret gjort, og eg er rædd, at det er faae, om nokon av os Bønder og ulærde som hev minste Greide paa, hot ein Fritenkjar aandeleg liver paa, som han trur og vønest.

Eg lyt gjera det stutt, avdi eg kjenner meg kje før til aa taka upp nokon Strid med Deg korsom er; men eg hev tidt tenkt som so, at hev Fritenkjarskapen nokot aa bjoda, som kann vera jamngodt med den kristne Tru, so maatte Bjørnson helst vera den her i Landet, som kunne segja det fram. Og hev kje Fritenkjingi nokot Innehald anna det berre hev seg i For-Negtingi, so maa korkje Bjørnson held nokon annen inbilde seg, at dei nokonsin er Karar til aa hamle upp med Kristentrui og skaffe den ut af Verden. Menneski er no eigong so laga, at dei maa hava ei Umsyn og ei Von, som gjeng lenger hell detti Liv, og detti synest meg vera eit godt Merkje paa, at det er ein Religion som hev Sanningi i Verden.

Og so spyrr eg: Heve altso Fritenkjaranne ein Religion, som dei meinar er reinare og hev Fyremuner for Kristentrui, so lat os faa høyre _ dei tener som sagt inkje paa at halde det dult.

10/ 7 85.

A.