Tidender.

 
Kristiania, den 20de Oktobr.

Det kyrkjelege Landsmøtet hev no haldet paa til kvar Dag. Dei umhandlad fyrst Grunnsetningarne, som Kyrkjeforfatningi var tenkt aa byggjast paa. Her kom det straks tvo Synsmaatar fram. Utkastet var nemleg bygt paa Grunnlag av, at alt skulde vera friviljugt, med aa verta innførd som Kyrkjeborgar, og med heile Sokneraadet, anten Bygdi vilde hava det elder ikkje, det skulde vera friviljugt, og Kyrkjemøtet skulde berre hava raadgjevande Magt. Dette vart allvist hevdat at prof. Johnson. Men det var fleire, som var imot dette, soleis Bisp Laache, som meinte, at Utkastet ikkje naame nær gav Kyrkja Magt nok i hennar eigne Saker, det var ikkje nok med, at Kyrkja hadde berre ei Erklæringsmyndighed, som kunne trampast under Føter, ho burde i det mindste hava eit Veto imot Staten. Og han trudde helder ikkje det var gagnlegt, at det skulde vera so reint friviljugt med Sokneraadi, for daa fælte han for, at sume Bygder ikkje vilde faa noko; nei slikt maatte vera tvunget, skulde det gaa.
 
 
Kristianiavalet. Ved den endelege Uppteljing synte det seg, at Vinstre hadde 2004 R. og Høgre 3973 R.


Ny Maalbok. Inn i fjordarne, Forteljingar av Jens Tvedt. Stavanger. Utgivarens Forlag. 184 Sidur. Pris kr. 1.50.
 
 
Geografi og Kjærlighed, nytt Spilstykkje av B. Bjørnson, som ikkje er trykt endaa, vert spilat paa Kristiania Teater fyrste Gongen imorgo.


Landsmaalskurset paa  Hylla i Namdalen vart sluttat den 30de September. Det vart den Dag talat um, korleis Læraranne best skulde arbeida for Maalsaki ute blant Folket. Forutan Ordstyraren Marius Hægstad, var O. Myrnes, A. Schelde, E. Ottesen, Johanson og Presten V. A. Wexelsen med i Ordskiftet. Deretter vart det sunget og haldet Talar, millom anna av O. Myrnes, som talad vakkert og varmt paa Læraranne sine Vegner, og av Presten V. A. Wexelsen, som ynskte Lukka med det Arbeidet, som her var byrjat, Samankoma vart sluttad med Songen: Maalet hennar Mor me vil aldri, aldri gløyma. (Dag).


Namdals Folkehøgskule byrjad den 8de Oktober. 21 Gutar er innmelde. 2 er fra Beitstaden og 1 fraa Nordland, dei andre er fraa ymse Bygder i Namdalen. (Dag).


Alle Lærarar, som i Sumar hev voret paa Landsmaalskursus, bør taka til med Maalskular i Heimbygderne sine no i Vetter. Um dei ikkje samlar um seg meir enn nokre faa Ungdomar eit Par Kveldar elder so i Vika, lesa Landsmaalsbøker og øva seg i aa skriva, vil det gjera Mun. Dermed vil det verta utbreidt Kjennskap til Landsmaalsbokriket og Hugen til aa vera med i Maalreisingi vil vekkjast. (Dag).


Nyt Tidsskrift, Hefte 6 inneheld: Juleglæde, Kristian Gløersen. Komunistiske samfund i
Nordamerika, Prof. Ebbe Hertzberg. Utveckling; Georg Nordensvan. Leonidas ved Thermopylerne , Prof. P. O. Schjødt. Ianledning af hr. Bjørnstjerne Bjørnsons Et udeladt kapi tel, Prof. theol. Fr. Buhl.

 
Fraa Diakonissehuset, No. 10, inneheld: Glæder Eder med de Glade. Af Pastor G. Jensen. _ Wilhelm Lohe. V. (Forts.) _ Digt af Arnesen. _To unge Korsdragerinder _ Diakonisseanstalten i Kaiserwerth. _ Børne-Kuranstalter. _ Bøger.
 
 
Kunstutstellingi for 1885 vart opnad idag av Statsraad Jak. Sverdrup, Prof. Dietrichson heldt ein stutt Tale.