[Dikt.] Drose mi.

 
( John Lie ).
 
Hjartans takk daa Gud
For mi vene Brud,
Ho mi Rose rein og skjær!
Ho min Sumar varm
Kviler ved min Barm
Dag for Dag meg meire kjær.

Du mi vene Dros
Er mitt Livsens Ljos,
Er mi Stytte til alt godt;
Du er Trøyste god,
Naar det gjeng imot,
Og eg dengjest til med Spott.

Kvart mitt Aandedrag,
Kvart mitt Hjarteslag
Tolkar Elsken i mi Sjæl,
Fugl i Morgon-Gry
Helsar Dagen ny
Inkje halvt so glad og sæl.

Som eg helsar deg.
Innaat Bringa dreg.
Kvil deg der so godt og trygt _
So hev Gamle rødt:
Kvar den Heim stend støtt
Som paa Kjærleike er bygt.