[Tidender.] Fedralandskjærleiken.


Kvifor elskar me Fedralandet vaart meir enn andre Land i Verdi? Kvifor tenkjer me ikkje meir kosmopolitisk og ser oss meir som Verdensborgarar og mindre som Born av Fedralandet?
 
Av same Grunn som me elskar Heimen vaar meir enn andre Heimar.
 
Der var det, me fyrst saag Soli stiga upp, ljos og varm og kveikjande, _ der var det, me fyrste Gong drøymande saag inn i Stjernehimmelen, _ Heimenvar det, som i vaar Ungdom straalad mot oss med ein Æventyrglans som den vænaste Plass i Verdi, _ der hev dei livt, som var oss det kjæraste i Verdi, _ der leikad me som Born, lette i Hugen og varme um Hjartat, alt var daa so ljost og fagert og godt, _ me kjende daa litet alt det, som møter ute i Livet, allraminst det vonde, som me daa fær sjaa og høyra. _ Og Naturen er seg sjølv lik, i det store so væl som i det smaa. Naturen lagde tidleg ned i oss Kjærleik til Foreldre og Heim, naar me vert større, lærar han aa elska Landet vaart og dei, som gjer mest for dette, dei, som gjeng i Fyreenden, naar det gjeld Landet si Vælferd og sine Interressur. _ Fedralandet verjer um vaart Liv, vaar Ære og vaar Eigedom; var ikkje det, galdt den Sterkes Rett og ikkje Sanningi. Kor maa me ikkje vera takksame mot Fedralandet! Kor kunne me gløyma det Land, der Fedrarne vaare budde og strævad, dei me hev aa takka for alt! Kor maa ikkje namnet Norigmed uslitelege Runer rista seg i vaar Sjæl, Landet, som hev boret so mange aandelege som lekamlege Heltar i sin Famn, og der Dalar og Tindar gøymer so mange Minne fraa ei runni Tid, um vaare Fedrar.
 
Men elskar me Landet, maa me og visa dette. Me maa arbeida for, at Landet kann verta sælt og lukkelegt, for alt, som kann lyfta og framhjelpa Landsens Interessur, desse vere seg aandelege elder materielle, _ me maa med andre Ord taka Del i Kulturarbeidet . Daa Staten er samansett av Individer, so maa kvar av desse vera med aa ryddja og byggja i Samfundet. Ein maa ikkje berre lita paa andre; sagde alle so, korleis vart det daa? Det er ikkje berre Rett aa vera med, det er Plikt. Kvar maa yta sin Skjerv til aa løysa dei Uppgaavur, som er uppe i Tidi; ingen maa halda seg tilbake, um han hev andre Meiningar um Statsstyringi enn Folk flest. Slike maa ikkje gløyma, at alle store Saker, alle nye Tankar hev arbeidt seg upp fraa noko lite; men hev dei havt Sanningi i seg, hev det smaatt um senn komet til det, at dei hev styrt Verdi. Det gjeld aa halda ut i Arbeidet for det, me held for sant. Korleis hadde Verdi set ut, hadde dei Ætter, som hev livt fyre oss, gjevet tapt, fyrr deira Idealar hadde vunnet Siger? Me hadde daa enno voret umgjevne av Oldtids Myrkr og Skodd. Er ein yvertydd um Sanningi av sine Idealar, hev han likevæl den trøyst og den Von, at um enn vaar Tid fordømer desse, vil Framtidi fella ein annan rettferdigare Dom. 
Held han berre ut, vil Ettertidi vita betre aa verdsetja, um ikkje honom, som kanskje er baade gløymd og gøymd i Moldi, so likevæl det, han hev arbeidt og strævat for. Kjem ein ikkje fram med sine Meiningar, kann dei umogeleg koma til sin Rett. Men det gjer mange som oftast ikkje, anten av Blygsle _ dei er rædd aa vedkjenna seg sine Meiningar, _ elder Rædsla _ dei er rædd for den Strid, som kann verta, _ elder falsk Audmjukheit _ dei vil ikkje sjølv gaa i Fyreenden, _ elder Autoritetstru. Det er det alt for mykje av enno, endaa den berre hev Rett, naar det gjeld Ting, som ein ikkje sjølv kanngranska; men i slike Tilfelle _ merkjelegt nok _ er det ofta igjen for litet.
 
Elskar me vaart Fedraland, vil me og elska dei, som gjer mest for Landet. Og ikkje berre dei som no liver, men og dei, som hev voret. Men gjer me det, maa me elska Fedralandssoga, daa me der høyrer tala um dei, som me elskar. Men daa me ikkje berre skal elska Fedralandet, men og heile Mannaætti, vil me elska heile Soga, ikkje berre vaart Fedralnds Soga. Me vil ikkje kunne sitja som likesæle Tilhøyrarar elder Lesarar, men me vil hava Kjærleik elder hat, Gleda elder Sorg, naar Soga rullar upp for oss sine Aarbøker med so mykje gjævt, men og med mykje Styggedom. Og dei store Merkjedagarne, daa me minnst ein elder annan Siger, som det gode og sanne i Mannaætti hev vunnet, det vil vera Festdagar for oss.
 
Ennvidare vil me elska det Maalet, som Fedrarne vaare talad, daa dei i det Maalet hev gjevet oss sine Tankar i Arv, _ det Maalet, som me fyrst høyrde, og som vaar Mor lullad oss i Svevn med den Gong me var smaa. Er det ikkje og i det same Maalet, at me best kann tolka vaare djupaste og innerlegaste Stemningar og Kjenslur, vaar Sorg og vaar Glede, vaare Lengslur og vaare Ynskje? Er det ikkje i det same Maalet, me kann gjeva vaare Tankar det fullaste, høvelegaste og reinaste Uttrykk? Elder er me av dei, som hev gløymt burt vaart Fedramaal og lært oss eit framandt? Det er alt for mange, som so hev gjort. Alle sanne Normenner lyt no slutta med aa bruka Danskemaalet; Fedralandselsken byd dykk: Elsk Morsmaalet, Fedramaalet, liksom du elskar Fedralandet!
 
K .