[Tidender.] Fraa Sogndals Folkehøgskule.


Styraren opnad Skulen med ein Tale, der han minte um Luthers Ord, at eit Folks Vælvere ikkje ligg i store Innkomur, sterke Festningar og fagre Bygningar. Aa hava upplyste, heiderlege Borgarar med klaar Forstand er Landsens beste Bate, Vælstand og Styrke. Luthers klaare Aand peikad paa dei rette Midlar til aa frigjera Folki, daa han hevdad kvar Mans Andsvar for si Tru og Liv; kvar ein skulde sjølv svara for si Tru, han skulde sjølv svara for den Maaten, han brukad sitt Pund i Livet paa. Men ikkje noko Andsvar utan Kunnskap. Kunnskap um Gud og hans Gjerning, men ogso um Manna-aanden, dens Liv og Arbeid, som alt er Guds Gjerning; og um heile Naturen, som er kringum oss, for vitnar ikkje alt det um hans Magt, Visdom og Kjærleik.
 
Lenge sat Bonden utestengd fraa Livsens Rørslur, det sat fast, at det berre var sume Klassar, som skulde have Upplysning, og naar Bonden ogso vilde samla seg Kunnskap, vart det berre kallat for Halvdaning, som var verre enn inkje noko. Ja den Halvdaning, som meiner seg aa vera fullferdig, er visst liten Bate i og faarefull attaat, den freistar oss til Høgmod. Men vaare høgre Skular hev daa og havt det paa dette Laget. _ Nei ikkje Fødsel elder Eigedom, elder høg Lærdom elder fine Seder gjev den Daning, som skal gjera oss til eit liveført Folk, men det praktiske Arbeids Folk, naar dei hev fenget ein Kunnskap, som hev vidgat ut Synet, adlat Hjartat, kveikt deira Kjenslur for det gode og vekt deira Hug til kvart gjævt Yrkje _ desse er Tidens Mænd, som Landet kann leggja sin Lagnad i Henderne til, dei vil best kunna fremja baade det aandelege og lekamlege Vælvere til Folket.
 
Han sluttad soleis: I 15 Aar hev Sogndals Folkehøgskule verkat i desse Bygderne. 10 Aar er det no nett sidan ho vart innvigd den Skulestoga, som no hev vortet for trong, og meire nen 1000 Ungdomar hev i desse Aari gjenget ut fraa oss. Og um Stormengdi av desse torer eg segja, at dei Dagarne dei hev voret her hev vorte ein Samling som hev knytt Hjarto isaman, eit Feste for dei ljosaste Ungdomsminni deira og ei Kraft som skal bera dei fram til eit reinare og gjævare Liv. Og gjord sterk ved den Trui hev eg bundet meg sjølv altfort fastare til dei unge. Og ved det nye Hus, som no stend her fullfærat, hev eg prøvat igjenom det kvardagslege Samanliv med dei Unge aa koma meir og meir i Kjennskap med kvar ein av dei. Og liksom eg hev vidkat ut Romet som eg ikveld vigjer inn til vaart Skulearbeid, ynskjer eg, at me og maa vidka ut vaare Hjarto til aa verja um det med altfort større Kjærleik.
 
Det gjeld og her aa arbeida med det er Dag. Der gjeng i denne Tidi ein frisk Livsstraum gjenom Folket, som det gjeld aa halda uppe og verja.