[Tidender.] Kristus for Pilatus,

 
eit Bilæte av Ungarsmaalaren Munkaczy hev no voret utstelt i Kristiania lenge. I dag var det den siste Dag det var framstelt. Dei 50 øre, det kostad, var væl farne, for dette meiner eg var verdt aa sjaa. _ Midt i Flokken stend Kristus høg og kongeleg med eit reint, blidt Uttrykk i dei fagre Dragi; i Augo slik som han ser paa Pilatus ligg baade Venting og Døming. Pilatus held ikkje ut det faste Augnalaget, men skodar myrk mot Jordi, og ein skulde tru det var han som var Syndaren og hin Domaren. Tvo tri Skriftkloke stend ikring Pilatus, og av dei stygge Uttrykk i Andliti deira, kann ein gjeta seg til, kva det er dei kviskrar inni Øyro hans.

Der er mange, som vil sjaa og høyra, men alle med vonde Augo, nærsom eit Kvende med eit Barn paa Armen, vonleg eit han hadde tekjet i Fang og velsignat. Bakum Kristus eit Stykkje stend ein med gapande Munn og ville Augo, ein kann mest høyra at det er korsfest han skrik. Han er so stygg, at det er ei Syn.
 
Det heile var so storartat, so gripande, og med slike livande Fargar, at ein kann faa seg til aa tru at ein hev faret mest 19 Aarhundrad attend ei Tidi og ser det livande.
 
Igjenom det opne Vindaugat kann ein sjaa eit Stykkje av den milde straalande Jødelandshimmel lik Andlitsdragi aat Frelsaren, og ei skjerande Motsetning til det ville og djevelske hjaa dei andre.
 
- g.