Ein Bakstrævar.

 
Han Skrulle
vil og med mulle,
sit og bite i Visdomsord,
tykkjer dei er seige som Bukkehorn.

Eg sit og røder so mangt eg. Og naar Kveldseturne vert for lange, fer eg til aa gruna og tenkja. Stundom skodar eg i Bladi med; det er løgje du.
 
Men so er det so mange leide Ord, som aldri eg skynar, kva det er for noko dei meiner med det, og eg er daa so maalkunnig, som nokon kann vera. For eg kann tri Maal: og vart uppalen i Haukestadgrendi, og so var eg sjau Aar i Nesgrend, og no er eg her, og ingen Stad er det same Maalføret. Men endaa skynar eg ikkje alt. Aa enn han Far daa, som hev voret heilt til Nordlandet, med han var ung _ nei han er og likevis.
 
Eg stabbad og las her, so stod det so mykje um denne Utveklingi. Kva er det for noko, Far? spurde eg.
Nei det hadde han aldri høyrt gjetet. Det kann ikkje vera noko større det, meinte han.
 
Jau det stend i Bladi, sagde eg.
 Bladi lyg dei, sagde han.
Jau men det stend daa paa Skrift, og Skrifti er heilag den, sagde eg.
Det er mangt i Skrifti, som ein ikkje kann tyda, meinte Far.
 
So vart det ikkje meir um det. Eg stabbad og las lenger. Men so stod det noko um Kosmepolotten hell Kassefolitten hell Komsofalitten hell kva Kallegheit det var.
 
Daa vart eg vond, slengde Bladi vurt so dei fauk burtetter.
 
Jamen dette vil eg hava ei Greide paa, dette, sagde eg til Far.
 
So lagde eg Ved innpaa Aarne, sette meg paa Stabben og tok til aa gruna.

Kva er det for eit tru denne hersens Utveklingi?
 
Eg trur no det maa vera eitslag Kretur ja. For det stend det, at naar ho kjem upp i Bygderne, skal det verta so gildt, ein skal draga alle Ting av ho, baade Grautvæte, meiner eg, og anna. Men anten det er Ku hell Geit daa, det veit ikkje eg.
 
Det kom heim ei graasadlad Framand-Geit aat Grannen vaar her eit Aaret; ho var avhoggi alle tri Beini.
 
Men ho tok dei og sende paa Telegrafen (hell Talakrafti, som me segjer paa vaart Maal) til Dovrefjell, sagde dei, der skulde ho slaa Eld utav Steinar. Men eg trur aldri det var ho det. For dette var visst berre ei skamfari Villgeit. Det kom for meg sidan, at det heller var den, dei foor og lokkad og leitad so fælskleg etter her eit Aaret, og som dei kallad for apselutt veit du, og so sagde dei endaa, at ho skulde standa i Loven, men paa min Laave kom ho daa ikkje, det apselutt veit eg. _ Nei eg trur aldri det var denne Utveklingi det.

Tilslutt skynad eg, at eg fekk ikkje meir Greide paa dette enn Katta, ho sat so reint fortenkt frampaa Aarsteinen ho, saag eg, so ho grunad vist paa det same.

So gjekk eg til Presten og spurde han um dette, kann du segja meg kva denne Utveklingi er for noko, spør eg. Nei var det likt seg, den kjende han ikkje noko til, og han vidle beda Gud bevare baade meg og seg for slikt Kjennskap, sagde han.
 
So gjekk eg aat Skrivaren og spurde honom, men daa bannad han, berre so det lyste um han.
 
Kven hev fortalt deg um henne? sagde han. 
Eg har leset um henne, sagde eg.
Aa det er aldri noko aa bry seg um for deg, sagde han.
Er det noko Kvinnfolk kanskje? sagde eg.
 
Aa ja noko slikt ja _ sagde han og log. _ Daa fekk eg som ei Teft paa det, for denne Skrivaren skal nok hava ymis Kjennskap i slike Ting han, segjer dei daa _ det er ikkje mine Ord.
 
So det er ei slik Megge det, og dertil ei, som hev denne Kosmofalitten med seg; nei daa segjer eg det for min Del, at eg heller sullar einsam i heile mi Tid, enn aa hava med ei slik ei, det held eg meg for god til.
 
Eg ruggar meg godt nok for meg sjølv eg. Og vil Ungdomen driva med henne, og lokka Komsofalitten, so fær det verta deira Sak. Eg sit og kved og mullar lika radt eg, og let henne stella som ho vil.
 
Hjorten spilar i Heio nord,
han sprikjer si Klo.
Hau! so gjere alle Herjus Sønin,
som giljar med Ord.

Det kom eit Troll or Rustinne ut,
det spelad so vent paa Fløyta;
den som vil yver Gjallarbrui,
han maa seg fulla nøyta.

Skrulle.