Kva Slags mann skal me faa til Landsdomar i Innhordaland?

 
Her i Innhordaland hev det aldri vantat Høgre-embætsmenn, som hev sett seg paa Bakbeini mot folkelege Rørslur, og inkje minst mot Maalsaki.
 
Det vilde difor vera baade til Gagn og Hugnad for oss, um me no til Landsdomar i Innhordaland (Hardanger og Voss Sorenskriveri) fekk ein Framstigsmann, som og vilde stydja det norske Maals Jamstelling med Bokmaalet. Ein slik Mann hev me i Sakførar Otto Blehr i Leirdal. Me bed honom søkja seg hit, og me bed Regjeringi lata oss faa honom.
 
Innhordaland i November 1885.
 
Innhorder.