Litt um Sosialismen¹).

 
(Del 1 av 2.)
 
Sosialistarne steller upp den Grunnsetning, at den som ikkje arbeider skal ikkje eta helder .
 
Dei segjer, at ikkje noko friskt og arbeidsført Menneskje hev Rett til aa krevja, at ein annan skal arbeida for seg, men at det skal vera same Arbeidspligt for alle utan Skilnad til Kjøn .
 
Men Arbeidet skal ikkje berre vera Arbeid, det vil segja berre Møda i seg sjølv, men ogso eit nyttigt produktivt Arbeid. Det nye Samfundet krev soleis, at kvar og ein tek sitt visse Yrkje, t. D. i Industri elder anna, og der maa han vera før til aa skaffa ei viss Arbeidsmengd, etter som det er trengjande.
 
Utan Arbeid ingi Njoting, inkje Arbeid utan Njoting .
 
Men daa alle er pligtad til aa arbeida, er alle jamhugad paa aa naa tri Vilkaar: for det fyrste, at Arbeidet vert høvelegt, ikkje røyner nokon for hardt, og ikkje vert for drjugt; for det andre, at Arbeidet vert so hugsamt og gjev so mykje Umskifte som mogelegt; for det tridje, at det vert so lønande som mogelegt.
Med alle desse tri Vilkaari kjem det an paa, baade korleis Arbeidskrafterne er lagad og kva Krav Samfundet hev til sitt Underhald. 
Daa det skal vera Meiningi med det nye Samfundet, at ein ikkje skal liva fatigt, men at alle skal faa det so godt og laglegt, som det er Raad, so vert Spursmaalet: kor høgt steller Samfundet vanlegt sine Krav?
 
Til aa avgjera det maa det lagast ei Styring, som greider med alle Arbeidsgreiner i Samfundet. Dei serskilde Kommynarne gjev her eit høvelegt Grunnlag, og er dei for store, so delar ein dei i Smaaringar. Alle myndige Medlemer av Kommynen, utan Skilnad paa Kjøn, er med og vel dei, som skal standa for Styringi. I Spissen for alle Smaastyre stend eit Samstyre, som ikkje er nokor Regjering med Herskarmagt, men berre til Ordning og Styring.
 
Um dette Yverstyret skal nemnast eit av heile Samfundet elder av Kommynestyri gjer inkje til Saki. Slike Spursmaal, meiner dei, hev ikkje mykje aa segja, for det spørst ikkje um Postar med stor Løn, men berre um eit Tillitsarbeid, der ein tek den høvelegaste, anten det so er Mann elder Kvinne, og som ein vandar elder vel upp att, ettersom dei trengst elder dei vert likad. Det er Postar, som kvar ein berre hev for ei viss Tid.
 
Held ein det for tenlegt aa hava nokor Millomled millom Yverstyret og Kommynestyri, so fær ein sodanne i Stand, bryr ein seg ikkje um det, so let ein det vera. Naar Framstig i Utviklingi krev ei elder onnor Umvøling, so gjer ein dei utan noko Braak, løyser upp det gamle og innfører noko nytt. Og dei meiner, at denne Lettvinnskapen skal spara Samfundet baade for Avisstridar og Trættur i Storting og Haugar av Papir fraa Departementi.
 
Hovudsaki er aa faa Greide paa Arbeidskrafterne og Arbeidsmidlarne, sosom Fabrikkar, Verkstader og Jord m. m., og aa reikna ut Arbeidsevna og kva som trengst til Livsupphald for Folket. I alle desse Saker er det Statistikken, som det ligg mest Lag paa, det vert den fyrste Hjelpevitenskapen i Samfundet.
 
Dei peikar i so Maate til den store Nytten, som Statistikken alt gjev no, at soleis baade Riks- og Kommynereikneskapen er bygt paa eit stort Tal med statistiske Uppgaavur, som ein fær samlat paa dei ymse Arbeidsgreiner.

( Meir.)


¹) Me trur, at Folk vil tykkja forvitnelegt i aa lesa ei Utgreiding um dette Emne, som vert mykje umsnakkat, men som faae hev full Greide paa. Denne Utgreidingi er etter ein tysk Sosialist, som heiter Bebel. Me ser her korleis dei tenkjer seg Samfundet skulde vera skipat. Bladstyret.