Rispur.

 
Dei spurde ein galen Mann i Bedlam, kor han var komen der. Det var eit Ordkast, som gjorde det, sagde han. Kva Slag Ordkast? Aa, Folk sagde eg var galen, eg sagde Folk var galne, og dei vann paa meg.

 
Medan Hertugen av Assima var Vara-Konung i Napoli, gjekk han ein Heilagdag um Bord i ei spansk Gallei til aa gjeva fri ein av Stakararne, som trælad der, og so nøyta Ser-Retten sin. Han spurde deim kvi dei var sette der, og alle svarad dei, at dei var saklause, so nær som ein, og han gjekk ved at Refsingi var for linn for Broti hans. Kom her, ropad Hertugen, og hav burt denna Skarvne, anna kunde han skjemma ut detta Lag av seduge Menner.


Det var ein Irlending, som hadde voret nøgd til aa bu i Skotland ei Tid med Husbonden sin, og daa han kom heimatt, spurde Sellarne hans, um hadde unat væl i Skotland. Eg skal segja dykk noko, sagde han, eg var sjuk heile Tidi eg var der, og hadde eg komet til aa butt der til no, hadde eg voret daud eit Aar sidan.