[Tidender.] Ein Multiplikator.

Eg var baade svolten og tyrst, for eg hadde gjenget eit langt Stykkje, og Soli steikte, so ein ratt kunne koka Egg i den heite Vegemoldi. Der kom det ei Kalesjevogn; Moldi gauv og botnad mest att Halsen paa ein Stakkar. Eg flaug, so eg kom undan denne Plauga, og so kom eg burtpaa ei Mo, og der fann eg nokre Tytteber-kartar, som stod her og der burtimillom Smaatuvurne. Det hjelpte lite baade paa Svolten og Torsten. So fann eg meg ein liten Skugge attunder ei liti Knuldrefuru; der la eg meg til Kvile, og so _somnad eg.
 
Eg sov visst ei god Rid. Daa eg vaknad og saag meg umkring fekk eg Auga paa ein vaksen Kar, som flaug og sprøytte Vatten med ei Sløkje. Han laut det vera. Eg gjekk burt til han. Daa eg helsad, so berre glytte han burtpaa meg, og var so underleg _ det var ein Tulling; han hadde ikkje fulle Vitet stakkar.
 
”Er det so langfarande Folk ute daa?” _ Han peip mest som ei Mus.
 
”Ja kjenner du meg daa?” spurde eg.
 
”Ja er det ikkje du som er Krambudgut hjaa Kaupmann Olsen daa?”
 
”Jau det er daa det”.
 
”Jaso”, so glytte han att; ”du er væl fæl til aa rekne au du daa?”
 
”Aa eg veit ikkje det so plent. Var det noko du skulde ha sleget yver kanskje, so skal eg hjelpa deg so godt
eg kann?”
 
”Nei var det likt seg daa; men skal me kapp-reikna?”
 
”Eg kann freista”.
 
”Jau, skal me freista, kven av oss som fyrst kann slaa yver kormykje 27 Gonger 23 er daa?”
 
”Ja”.
 
”Det er 621 det”, sa han.
 
Eg tok upp Blyanten min og reknad yver; det var rett.
 
”Jau, men det visste du fyrr”, sa eg.
 
”Aa langt ifraa; tak kva for Tal du vil”.
 
”36 Gonger 47 daa”, sa eg.
 
”Det er seksten hundre og to og halvfems det”.
 
Det var au rett.
 
So tok eg større Tal. Eg tok 619 Gonger 37. Han sa rett, men soleis: 229 hundre og 3.
 
Tusen hadde han ingi Greide paa.
 
”Korleis hev du lært aa reikna so godt?” sa eg.
 
”Eg hev lært det av Gardstaurarne”, sa han.
 
Men det var ikkje anna en Multiplikation, han kunne. Ja han kunne ikkje eingong leggja i hop 7 og 8. Det fekk han til 56. Han vantad Vitet, men multiplisera kunne han so det tok. Og so tok han aldri imist, sjølv um det gjekk upp i Millionar.
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum