[Tidender.] Kravet vaart.

I fjor gjorde Stortinget ei Uppmaning til Regjeringi um aa gjeva Norskt Maal Jamstelling med Dansken her i Landet, so det ikkje lenger vart lagt Mein for den, som vilde bruka Landsens Maal, anten han var i ei elder onnor Stelling.
 
Ingen av Statsraadarne var imot dette, all-vist sannad Kyrkjestatsraaden etter og likeeins Statsministaren, som lovad at Maalsaki skulde fremjast ved ”Magt og Midler”, og dei meinte, at Regjeringi ikkje berre skulde venta paa Stortinget i denne Saki, men at dei sjølve vilde taka Upphavstaket og føra Saki fram.
 
Dette hev helder ikkje Regjeringi gløymt, Departementet hev gjort Tiltak til aa faa istand Skulebøker paa Norsk, og vil framleides driva paa med dette.
 
Men no er det eit.
 
Korleis er det med Eksamenarne? Er det so endaa, at ein hugheilt kann ganga upp til kva Eksamen det skal vera med sitt norske 
Maal, og allvisst daa tora skriva Uppgaava i ”Modersmaalet” paa det?
 
Det er mange, som føler for, at det vilde ganga dei ille; Folk, som tenkjer paa det, segjer jamvæl, at det endaa vert gjort Vanskar ved det.
 
Millom Ungdomen er det eit Krav no, som vart sterkare for kvar Tid, um aa faa Greide paa, koss dette verkeleg er lagat. Er det so, at nokon Autoritet endaa legg Hindringar i Vegen, so vil me tru, at det ikkje er med Samtykkje av Regjeringi, soleis som det var under den gamle Styringi, daa dei vilde tyna Landsmaalet. Det var Folk daa og, som vilde prøva, men det stokk i Professorarne, berre dei fekk spyrja det, og dei gjorde Bod um, at slike kunne ikkje faa Eksamen. 
 
Det vil væl endaa mange kanskje orsaka seg med det, at her er fleire Skrivemaatar endaa, so at det vart vandt aa vita, korleis ein skulde stella seg, um ikkje alle skreiv plent like eins. 
Men slike Vanskar finst berre for gamle bok-barkad Skulemenner, men me hev den Tru til Departementet, at det lett vilde kunne greida det for dei, det var berre aa senda dei ein Order, at naar ein skreiv godt Maal og var konsekvent i sin Skrivemaate, so var det ikkje so mykje aa sjaa etter, um ein skreiv nokre Ord annleis enn t. D. Aasen elder Rettskrivingi i Leseboki i Folkemaalet, som me helst saag vart sett til aa halda seg etter.
 
Sume Skulemenner kunne væl og klaga og bjoda seg undan, for det dei ikkje kunne Landsmaalet. Men den Vanten var snøgg aa avhjelpa, berre ein Filolog hev Viljen til det, lærer han Rettskrivingi av Maalet paa kort Tid.
 
For det fyrste fekk ein kanskje vera nøgd, naar det var so lagat, at ein fekk bruka Norsk til Studenteksamen. For um dei hine Domaranne der slog seg vrange, so kunne ein daa tilkalla Professoren i Norsk elder nokon av Stipendiatarne til aa hjelpa til og døma Uppgaavurne. 
Det vert væl ikkje so mykje Bry med det for det fyrste, daa berre eit Faatal vilde nytta seg av det, so lenge det ikkje er full Upplæring i Norsk paa dei høgre Skularne.
 
Me vil her minna Regjeringi um, at her er det eit godt Framtak for ho aa gjera til aa hevda baade Landsens Rett og Ære. Serleg er det daa Kyrkjedepartementet me uppmanar. Me tvilar ikkje um anna, enn at den Styraren, som no er der, er likeso viljug til aa gjeva Norsken sin Rett, som Statsraad Blix var det.
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum