[Tidender.] Skirennet ved Huseby.

Det er reint ein Høgtidsdag her i Kristiania, daa Skirennet stend av seg. Daa skal dei dit alle som kann sleppa avstad, ja mange Skular tek seg ein Fridag berre for den Skuld.
 
Rennet var fyrst dagsett til fyrre Maandag, men daa vart det Linnver, so dei ikkje kunne, og so sette dei det ut att til neste Maandag.
 
Det var rett eit Bisn so mykje Folk som der var, frametter alle Vegjer og uppyver Bakkarne so tett som det kunne standa. Ja i Tretopparne jamvel hekk der fullt av Folk og dinglad. Og ein uhorveleg Mengd av Køyrarar med klingande Dumbjøllur og glimande Sledar. Det var no dei fine det maavita. Den Bakken der Rennet stend er fælt, høveleg til detta. Han er paa baade Sidur og uppe kringsett med fager Gran- og Furuskog. Midt uppe sveiv der eit stort Flak, og mange andre baade store og smaa var sette her og der utyver allestad. Der vart svingat med eit lite Flak, og so kjem dei utyver ein etter annan. Dundrande Hurrarop hell Laatt fylgde mest kvar ein ettersom dei greidde det. Ein kunne mest sjaa det paa Laget deira, fyrr dei kom paa Hoppet, anten dei vart standande hell ikkje. Sume saag ut som dei studerad paa kva Kant dei skulde leggja seg paa, og stupa gjorde dei og so det tok Tak. 
Torjus og Mikkel Hommestveit fraa Telemorki gjorde det best. Daavist Mikkel. Dei hoppar ikkje so uhorveleg langt, men so mjukt og vænt og liksom so likesælt, plent som det var berre Smaating. Kristiania-guturne er sanneleg ikkje hell klene. Daa vist Blichfeldt og Brokholm, men dei orkar ikkje faa det sikre og leikande laget som Telarne. Og um Telarne kantar, so er dei so brennande svinte paa Føterne att, at ein mest ikkje gaar dei var nedpaa. Men Bygurarne balar so, at ein veit ikkje anten dei kjem uppatt hell ikkje. Ja, det undrar meg heiltupp, at dei fekk med seg alle Lemer like heile. Daa Kongen kom med Fylgjet sitt, vart dei helsad med kraftfulle Hurra. Plassen deira var stelt til vinstre i Bakken, umlag midtfor Hoppet. Den var klædd med Flak. Paa hi Sida var Musikken uppsteld. Paa baade Sidur av Bakken stod Vakt med Mundering og paa Ski. Det var løglegt.
 
Um Kvelden vart Præmiarne dela ut. Kongens Præmi, verd 100 Kr., den fekk Mikkel Hommestveit, Telemork. Fyrste Præmi, 100 Kr., Ed. Lillehagen, Bærum. 2dre Præmi 70 Kr., Torjus Hommestveit, Telemork. 3dje Præmi 50 Kr., Kadet Nicolayson, Kristiania, 4de Pr. 40 Kr., Iver Svendsen Bjørke, Bærum. 5te Pr. 39 Kr., Olav Bergland, Telemorki. 6te Pr. 80 Kr. Joh. Brokholm, Kristiania. 7de Pr. 22, Kr., Peder Hansen, Sørkedalen. 8de Pr. 19 Kr. 50 Øre, Blichfeldt, Kristiania. Dagen fyre hadde dei havt Lengdelaupet. Daa var det gildt Føre.
 
Lengdi var 12 Kilometer. Der var Mikkel Hommestveit den beste. Han sprang ut som Nr. 27, og kom att som Nr. 4, han hadde soleis sprunget framum 23. Han greidde det paa 58 Min, 2 Sek. For det fekk han Gullmedalje. Torjus Hommestveit (1 Time 58 Sek.) fekk Sylvmidalje. P. Lillehagen (1 Time, 1 Min. 36 Sek.), fekk og Sylvmedalje, den sjotaste Byguten var 1 Time, 8 Min. 86 Sek.
 
Ekstrapræmien av Damurne (til den beste Lauparen fraa Kristiania) fekk Kadet Nicolaysen. Ein annan Ekstrapræmi fekk I. K. Nordgaard, Kristiania.
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum