Anarkistsong¹).

(Tone: Strilevisa).

 

Nei, handkvite Herrar, de fint kann prala

med Ordi fagre, som klingar.

Men oss imillom skal Kniven tala

den Stund, daa Verdi seg svingar.

 

Og alt som svalt og som greet og døydde,

og alt som under dykk ned de sydde,

stig fram i Lag

og gjeng til Slag,

den Stund, daa Verdi seg svingar.

 

Høgt stiger eit Rop, som naar Nøkken ropar

og drepen Mann under Tufti,

og Verdi vert svart av dei ville Hopar,

og det gjeng Havbrak i Lufti.

 

Dei rømer rædd fraa rike Salar

og søkjer Gøymsle av Berg og Dalar,

og bed um Ro,

og sig i Blod,

og det gjeng Havbrak i Lufti.

 

De liter paa det, at me tagde lengje

og er so taalege og seine.


De kyter til Gud; han skal setja Stengje

og stydja dei rike og reine.

 

Men Ramnar skograr og skrik i Lufti,

og Menn seg sankar i Uverskufte;

og hadde de

kvar Avgud med,

so held me Domedag aaleine.

 

Arne Garborg.

 

 

 ¹) Anarkistar kallar ein agalause Villstyringar, som ikkje vil hava nokor Styring, anna ganga i Sjølvræda og styra seg sjølve. Det er mange soso lagad i Paris, so forfattaren hev havt dei for Augo, som han legg denne kallege Visa i Munnen til. Bladstyret.


Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum