Ein Avhaldsmann.

Der ha komi noko nytt inn i Bygdi. Mange visste ikkje ko det var, andre sa at det var ei Avhaldsforeining, som skulde bli skipad. Mange lo aat det, og meste alle ha noko løglegt aa segje um det. Iser ha Sladderkjeringarne det uendelegt annsamt. Dei foor ikring plent som dei ha Rute og fortalde um denne Foreiningi og alt det som Folk fann paa og etter mange Dømingar fann det endeleg ut, at her maatte vera paa Verdsens Ende.
 
Avhaldsmennerne heldt av og til Møte. 
Fraa det fyrste var der faae, som kom paa dei, men seinare kom der fleir og fleir, og mange skreiv seg inn.
 
No byrjad Folk aa sjaa seg um. Kanskje det ikkje var so galet likevæl?
 
Dei som fyrr ha gjort Narr aat det og spotta som verst, byrjad no aa skreppe so smaatt, men skriva seg inn vilde dei no ikkje, men paa eit Møte og høyre og sjaa paa korleis det gjekk til vilde ikkje vera so gali. _
 
Og i Avhaldsforeiningi syntest det aa gange gildare og gildare. Der vart fleire og fleire med, so det tilslutt vart mest ein Mote. Avhaldsmennerne syntest au aa vera gildare enn andre. Dei ha meste alle slikt eit gildt Merkje, og det maatte ein vera hugheil paa, at dei ikkje gløymde etter seg heime. Og daa visst var ein sikker, at dei ha det, naar dei var til Kyrkja, daa var det so det lyste av trikanta Naalehovu og blaae Band ut yver heile Brikarne. _
 
Ein Kveld skulde der vera Møte atte. Lars Tveit vilde au vera med den Kvelden, men skriva seg inn _ aa langt derifraa, berre vera med so for Moro.
 
Han Lars var ein av dei Kararne, som var rædd for aa halde fram si Meining. Han lika best aa sanne etter andre og løyne seg i Flokken. For aa drikke var han nok ikkje so sikker, men han foor so fint, at Folk ikkje gaadde stort aat, men han ha likevæl Ord for det. Og so var han litt rar. Folk lo mest aat han, naar dei tala um han, og dette skyna Lars og vart harm _ gild Kar vilde han vera.
 
Daa han kom paa Møtet den Kvelden, krabba han inn i ei Kro og sette seg. Formannen heldt ei lang Tale. Skildra med sterke Fargar den umaatelege Skade Drykken gjorde, peika paa kor vandt det var aa stanse denne Lasten, men let det tilslutt gli yver paa, at det var best aa gjeva seg til Avhaldssaki _ friviljug setje sitt Ord og si Ære i Pant paa ikkje aa smake sterke Drikke.
 
Forsamlingi ha seti still og høyrt paa, og no daa Talen var slutt, var der mange av dei eldre, som drog eit djupt Sukk, liksom dei kjende den djupe Sanningi, som laag i det Formannen ha sagt, og var einige i kvart Ordet.
 
Formannen spurde, um der var nokon, som vilde skriva seg inn. _ Ingen svarad. _ Han ropad ei Gong til _ ingen svarad. Der var so drepande stillt, ein ha kunna høyrt ei Naal ha dotti. Sveitten byrjad tyte ut paa Panna hans. _ Han stod enno ei Tid _ der var like stilt _ det var pinande. Men so kom han til aa sjaa ned i Enden av Stoga. Der sat Lars og gjorde seg so uendeleg liten, som det paa nokon Maate gjekk an. Han gaadde Formannen saag paa han, og det var so han vart kald heilt ned i Føterne. ”Vil ikkje du Lars skrive deg inn?” ropa Formannen ned til han. ”Eg vei-t ikkje eg”, stammad Lars. Alle snudde seg um og saag paa han, og mange lo. Lars høyrde denne kalde Fnisen og kjende, at han vart eldande raud.
 
”Ja, so skriv meg inn daa,” ropa Formannen og opna ein Protokoll, som var so stor, at det var eit knabbe Lyfte i den. ”Ja, gjer so det daa”, svarad Lars og retta seg. ”So fær du faa Merkje au daa”, sa Formannen og gjorde siste Slengen paa Namnet hans. No maatte Lars fram utor Kroi si, men han var so stram og kaut, ein ha kunna tenkt, at han var 10 Aar ygnre enn for 5 Minutar sia. 
”Ver so go”! sa Formannen og gav han Naali og Lappen _ og Lars bryste seg, for no var han total Avhaldsmann.
 
Væl so eit Aar etter dette var der Dans paa Bø. Lars Tveit var der au. Han dansa ikkje, men ha krabba innafor eit stort Bord og sat og røykte so smaatt. Var der noko aa læ aat, skrata han i med og var der noko aa fingstinge, so gjorde han det au, so godt han kunne: Avhaldsmerkje ha han og det lyste so gildt der det sat paa vinstre Sia av Vesten. Der var litt Brennevin au i Dansen, og dei baud Lars, men nei takk! han berre peika paa Merkjet og smatta og røykte atte.
 
Ein liten Kar med raudt Haar og smaae listige Augo stod burt i Flokken og saag paa. 
Han blinka med Augo og slo inn paa Lumma jau der ha han Flaska. Han ha fylt den, daa han reiste heimantil, med sterk Kognak og endaa sett litt Spiritus til, so han visste det smaka. Det var ikkje lenge, fyrr han gjekk burt til Lars og gav seg i Prat med han. Daa det ha lei av ein Tur, spurde han Lars, um dei ikkje skulde ut og kjøle seg. Jau. Lars vilde det, og so gjekk dei. Daa dei var komne eit Stykkje fraa Stoga, burt paa ein Aakerrein, sette dei seg. _ Vil du smaka paa det, eg hev paa Flaska?” spurde den raudhaara og tok Flaska ut or Lumma. ”Takk, men Folk kunne faa vita”, sa Lars og saag seg umkring. ”Nei, eg skal ikkje segja det”, sa den raudhaara _ ”Det er ikkje visst det”, svara Lars og Andlite hans vart i eit Smil. _ ”Aa Vas!” sa den raudhaara og skaut Flaska burt i Haandi paa Lars. Han flirde og lo att, og bad endaa ein Gong, at den raudhaara ikkje maatte segja det, og sette Flaska for Munnen. Han drakk lenge og væl, so ein ikkje paa ein lang Tur høyrde anna, enn at det susla i Flaska, for kvar Gløypen han tok. Endeleg slutta han, sende Flaska fraa seg og takka. ”Der er enno ette litt”, sa den raudhaara, og det var so det lyste av dei smaae Augo hans. Lars mulla enno noko um at den raudhaara ikkje maatte segje det, saag seg umkring og drakk upp Resten. _ 
”No vil me inn”, sa han, og so gjekk dei. Lars sat ein Tur paa Bordet. Han vart blidare og blidare og seinste vilde han til aa danse. _ Men daa byrja Folk aa glo _ han som aldri ha dansa vilde no danse, korleis kunne det hanga ihopes? Men Lars var ikkje verre, enn han saag det bar galt iveg, gjekk ut, slong burt etter mot Skogen, og der sette han seg. Han laag tett inn ved ein Veg, der gjekk gjenom Skogen og burt til dei andre Gardarne, og korleis det ha seg, kom tvo 
av Styraranne for Avhaldsforeiningi gangande etter Vegen denne Kvelden. Daa dei kom til Lars, stansa dei, bøygde ned og saag paa han. 
”Aa nei, eg trur det er Lars”, sa den eine. 
”Han maa vera full”, sa den andre. Dei sto ein Tur og berre saag paa han.
 
”Kanskje han hev drykki Brennevin som Medisin?” sa den eine og saag tankefullt fram for seg. ”Hell drukki heimbryggja Øl”, sa den andre likso aalvorlegt. ”Ja, kanskje det”, tok den fyrste i atte. Baae tvo syntest bli glae vyer desse vigtige Grunnarne, dei ha funni ut, og so rusla dei sin Veg.
 
Men Lars sov heile Notti og raut, so Folk ha kunna høyrt det lang Veg. Soli gylte dei høgaste Fjelltopparne _ dei kom lenger og lenger ned etter. Skein paa Furetopparne ned i Dalen, kom endaa lenger; men Lars vakna ikkje fyrr ho sende ei fin Straale like inn i det halv opne Auga hans, daa strauk han seg med Haandi yver Andlite og saag upp, og det fyrste han kjende, var at han ha umaateleg vondt i Hovudet.
 
Han sprang upp, vingla burt yver Vollen og subba Graset av Klædi. Men so gaadde han Merkjet. Ha nokon set han? Nei, det ha voret Skam det. Han retta paa det blaa Baandet, stakk Naali fastare og gjekk burt etter mot Vegjen. _ ”Hm _ total, hm _ kva Meining er der vel i det Ordet?” mulla han med sjøvle seg. Han gjekk burt etter, men rødde endaa noko um, at han ha lesi i Almanakka um total Maaneformyrking. ?Ja”, sa han og lo, ”eg hev nokk voret formyrka eg”. Han fekk ikkje Tid til aa segja meir, for burt paa Vegjen kom tvo Karar gangande. Han strauk betre av Klædi sine, stramma seg upp so godt han kunne og gjekk mot dei, helsad og gjekk vidare som ingen Ting var. Dei han møtte, merkad helder ingen Ting _ berre det blaa Bandet og Naali. ”Han er total Avhaldsmann”, sa dei, gjekk vidare og saag seg ikkje tilbakars eingong.
 
Bendik Taraldlien.
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum