Ein Selle.

(Del 9 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Eg undrast paa, naar eg hev talat med Folk um sovorne Ting. Aldri, tenkjer eg, berre setet og høyrt paa og ikkje retteleg visst, kva eg skulde segja til det.
 
Det var ikkje berre denne gloppelege Augneferdi hans, som argad meg, eg kjende meg for mykje Yvermann til baade aa argast og hata han, ein hatar sanneleg aldri den, ein kjenner seg fullsterk imot; noko var det væl den sæle Kjensla av aa hava hjaa meg denne Armingen, som laag og sov so godt. Men det var helst dei Inntrykk og Kjenslur og Hugdrag, som hadde lagast hjaa meg i det siste, som spratt ut i Tankar og Ord ved det den hin sagde. Um ikkje han var Mannen til aa tala aat for meg, det var det same.
 
Eg minnest ikkje plent, korleis Ordi fall, og det kann og vera det same baade for meg og deg, men eg minnest nokre Grunnar.
 
Eg meinte paa det, at det var Karmannskapen det galdt um. For var den i Folk, so turvte dei aldri ganga og bera seg uliklegare enn eit Kvinnfolk og fara skeina og skjessa som ein Utange, som aldri kann faa Umagelekken av seg, som noko Kragg og Knudretre, som berre stend i Knott og kjem seg ikkje til aa veksa meir. Sjaa no han som ikkje var god til aa koma til aa sjaa nærmare paa Livet, berre fordi han var for hugad paa sitt og kunne ikkje koma utanum den Synsringen, som han sveiv i, og so hadde dei likesom eit Dogme elder ei Gudstru, um at i den Stakarsdomen skulde alle sviva og ikkje koma seg utor, fyrr han gjekk trøytt i Leiken.
 
Fyrr hadde Folk berre preikat um ei 
Gudstru og um aa ikkje liva annleis enn i det hitt Livet, so hadde no andre teket til aa driva paa med Livet her til Gagns, driva paa med Drifti og liva paa Leta. Og alle som hadde 
Nyfikna i seg, rusad etter dette. Men nyfeget er sjeldan langfeget; fyrst dette fekk rusat ifraa seg vilde det koma meir Vit upp i Folk att. Doktaren og eg, burde elles vera gode Vener, meinte eg, for me arbeidde kvar paa si Vis til eit Maal. Han og hans Folk strævad av all Magt for aa nøra og næra Elden i desse gamle Kultursamfundi, so dei tyndest og tærdest upp, til dess dei datt ned som Fausk og Fjom, og daa vert det nokso romsamt baade for meg og andre slike Karar. For det er sume Folk, som likesom ikkje er sette til anna enn aa riva og brenna og øydeleggja, dei trur seg gilde Karar og kallar seg som De for ”Fremtidens for tidleg fødte Sønner”, men dei Slag Søner sit rundt umkring uppimillom alle Fjell og utmed alle Strender, og naar De hev gjort ifraa Dykk, so kjem Turen til oss. Eg for min Del tykkjer Synd i slike Fyrebøtarar elder Torpedofabrikantar elder kva det er De kallar Dykk, men det maa væl hava sin Gang, eg kann ikkje hjelpa. Den som det ikkje er Livsvon i lenger, nyttar det ikkje aa ofra eit liv til aa berga, til aa stella med slike fær dei lata seg til, som ikkje orkar meir. Men det er større Gjerning aa stella med det som er friskt og faa det til aa veksa seg stort og staut.
 
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum