Eit og anna fraa Folkelivet paa Agder.

 
(Del 1 av 3.)
Ved H. Seland.
 
1. Ordtøkje.
 
Be’re aa vera helselaus enn ærelaus.
_ Be’re aa vera dau enn raadlaus.
_ Me brukar ikkje den Klattebakinga hos oss; naar me bakar um Morgo so hev me te heile dagen, sa Kjerringa.
_ Barne trur at hundre Aar og hundre Dalar aldri fær Ende.
_ Ikkje alt stend i Bibelen.
_ Bæ! sa Bukkjen _ og so døydde han.
_ Naar eg ikkje hev Braud, so sullar eg, sa Fattigmannen, dei spurde kva han levde av.
_ Var dæ ingen fleir enn eg, so var eg den beste, sa Mannen.
_ Den druknar ikkje, som hengjast skal.
_ Mannen slo i Dustregn og høydde i Glopregn, og endaa tok dæ Eld i Sta’en.
_ Det kann korkje drupa hell dra.
_ Du slepp kje mæ dette, sa Pokker, han dengde Mor si.
_ Dæ er Jamna som dreg.
_ Der er Dagar te live.
_ Etter Laatt kjem Graat.
_ Te eldre te argar _ te rikar te kargar (karrigare).
_ Dæ er Forskjel paa aa raka seg og aa skjera av seg heile Hoka.
_ Fautar er ogso Folk.
_ Dæ gjeng som Feitt i gamle Skor.
_ Dei er gale alle hos oss utan Mor, ho sansar kje Veggen, sa Guten.
_ Han gjeng so lett som ein Ungdom paa 70.
_ Me er alle like gode, sa Fyllefanten han laag i Grisehuse.
_ Han ga meg kje so mykje som Sputt i Neven.
_ God Baat tek Støytt sjølv.
_ Gris er Gris kor dei gjer av’n.
_ Han glodde, so Augo stod i Haargaren.
_ Ein Grode um Vaaren er betre enn ti um Hausten.
_ Dæ heng korkje paa Greip hell Reka.
_ Dæ er godt eg hev kje gjort verre vondt, enn at eg kann koma att der og hev vore fyrr, sa Kjerringa ho kom paa Slaveri tridje Gongen.
_ Dæ er godt te ha godt paa Føterne, sa Lensmannen, han gjekk berrføtt i Snøfonna.
_ Hastar ikkje, sa Kjeringa, ho auste Graut med Pinnesylen.
_ Den, som mykje hev, vil meir ha.
_ Mange Herrar er verst, sa Padda daa Harva gjekk over’n.
_ Hart imot hart, sa Kjeringi, ho slo Hovudet mot Steinen.
_ Dei er kalde Henderne, som gjorde det.
_ Eg høyrer ikkje mæ dæ eine Øyra _dæ andre vil eg ikkje lata te.
_ Inkje er betre enn noko, fær eg kje ei Skjeppe, so fær eg ein Fjæring eg, sa mannen.
_ Jol varar kje te Paaske.
_ Kjøp, sa Kjyllingen. _ (Betal sa Høna).
_ Dæ er vondt naar Kjæften er kloven te Øyro.
_ Kunsten er mangeleis, sa Kjeringa, ho reiv Haare av Mannen mæ ei Eldtong.
_ Lengje aa bia er ingja Matedrygja.
_ Der Lukka er burte, der hjelp kje Stræv.
_ Lærdom er lett aa bera.
_ Den, som dæ litle forsmaa, ska ikkje dæ store faa.
_ Dæ er Magjen, som ska stydja Ryggen.
_ Dæ, som i Marts gror, tek April i sine Skor.
_ Dæ finst upp so mange nye Motar no, sa Kjeringi, ho fekk ein Bukk mæ fire Horn.
_ Dæ er gode Greider, naar den eine Muraren held paa Skorsteinen mæ hin tek imot Betalinga.
_ Ord hemner.
_ Han hadde nær faatt Nosa te Piggstav. (Um den som detter framyver _ paa Is).
_ Han preiker som ein Bisp i eit Andereir. (Snakkesæle Folk).
_ Naar dei andre putlar og drikk, so putlar eg og stel, sa Mannen. (Kvar mæ sitt).
_ ”Ring kring Sola og Gar kring Maanen; eg vil raa dykk som ein ærleg Mann, at de søkjer Hamn; for dæ bli eit Uveer”, segjer Li-stelosen.
_ Rote er lett aa riva, sa Kjeringa, ho reiv Øyra av Mannen sin.
_ Du bør raa, og du ska raa; men der ska Skaape staa, sa Kjeringa.
_ Rad, i Rad! sa Mannen, han hadde berre ei Ku.
_ Tru berre ikkje eg er rædd, sa Mannen, han sprang fyre Haren.
_ Stort ska de vera, sa Kjeringa, ho kjørte te Kyrkja i ei bottenlaus Vogn.
_ Dæ er Saalebot aa gje Bakaren Brød.
_ Dæ finst alltid ein Stein te støyta seg paa.
_ Beina vert kje stuttare um du gjeng eit Par Stig te.
_ Kvar Fant ska halda seg i si Sokn.
_ Smedens Hest og Skomakarens Kjering gjeng tidaste berrføtt.
_ No ska du sjaa, sa Mannen, han datt ner av Take.
_ Er dæ kje vent, so er dæ godt sterkt, sa Mannen, han batt att Kjeften av Kjeringa mæ ei Vidja.
_ Eg stel ikkje, men ser eg noko, som eg likar, so tek eg dæ, sa Guten.
_ Ingen skyner Helsa før ho er burte.
_ Den, som spiller Smør, fær att meir enn han hadde før.
_ Tru godt, so gjeng dæ godt.
_ Dæ er Tros i alle Skogar.
_ Naar ein talar um Skrubben, so er han næraste.
_ Ein Tome paa ei lang Nase gjer au noko.
_ Dæ var Tanken, sa Mannen, dei spurde um han sku paa Tukthuse.
_ Mæ tæra paa Helsa liksom Bjørnen paa Feitte sitt.
_ Viljen er ingen Landsrett.
_ Han er vreden liksom Vidja.
_ Mannen visste ikkje, at Kjeringa var gal, før ho song mæ Bore.
_ Sume faa Vete tidlegt, og sume faa dæ seint, sume faa aldri Vet.
_ Den same Herren, som væter, han tørker.
_ Dæ er inkje vondt, dæ ikkje kunne vore verre.
_ Dæ er vondt, naar Kua gløymer, ho sjølv hev vore Kalv.
_ Vil de mæ so heng paa, sa Guten, han aat Erter, mæ Baken av Skeida.
_ Gjev Vinden vilde venda seg te eg sku heimatt, sa Kjeringa, ho rodde i Motvind. 
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum