Tidender.

Kristiania, den 9de Februar.
 
Maalkursar. I fjor gav Stortinget 6000 Kr. til Maalkursar. Folkehøgskulen i Gausdal fekk det halve av desse Pengarne. Maalkursen varad fraa 1ste Juli til 26de September, der var yver 100 Menn og Kvende, 59 av desse var Lærarar elder Lærarinnur. I Namdalen var det ein Kursus i September (1000 Kr.), der var, 14 Lærarar og 6 Lærarinnur. Ved Folkehøgskulen i Sogndal heldt dei paa ein Maane (1000 Kr.), omlag 40 Elevar. Paa Seminaret i Kristiansand var det Maalskule i September (1000 Kr.) Pengarne hev mest voret brukad til Hjelp for Lærarar og Lærarinnur til aa koma paa Skulen.
 
Stiftsdireksjonarne i Trondheims og Hamars Stift hev laatet ille um desse Maalkursarne, dei hev meint, at det er meir Tap enn Vinning i dei, og dei berre verkar til Uro og Forstyrring i Skulen.
 
Men so hev me daa ei Regjering no, som ikkje lyder etter kva slike Norskfiendar segjer, ho veit at det nettupp vil lyfta Skulen storleg upp, at Læraranne fær læra Norsk, og Kyrkjedepartementet kjem difor iaar fram med Forslag for Tinget, um at det skal gjevast Kr. 6930 til 
Maalkursar no og. Dei meiner, at eit sovoret Framtak er i Samhøve med den Uppmaningi, som Stortinget gjorde til Regjeringi, at ho skulde syta for, at det norske Folkemaalet vart sidestelt det vanlege Bokmaalet i alle Delar.
 
Iaar hev dei same søkt um Pengar til Maalkursar, som hadde det i fjor, so nær som Sogndalskulen. Og elles hev komet inn Søknad fraa Ullmann i Seljord og fraa Folkehøgskulen i Ullensvang ved Helleland og Austlid og fraa O. J. Høyem til aa halda Maalskule ved Klæbu Seminar.
 
Departementet set upp Pengar til 
Folkehøgskulen i Gausdal og Ullensvang og til ein Maalskule i Trondheims Stift og ein i Kristiansands Stift, utan at dei paa Fyrehand vil orda seg med, kven av Søkjaranne, som helst skal faa Pengarne.
 
 
Ei ny Bok av Arne Garborg er, ettersom me høyrer, ventande til Hausten. Ho skal koma ut hjaa F. Nygaard i Bergen, vert det sagt.
 
Det er væl Stykkjet hans Huseby i Indthrønderen, som hev sett Garborg i Ulag, vil me tru, so han gjeng fraa Huseby & Co. limit, som han ei Tid tenkte aa slaa seg ned hjaa for godt.
 
 
Nye Løner. Regjeringi gjer Framlegg til Tinget um ein ny Professorpost i Medisin, ein tridje Landbruksinsjeniør med tvo Assistentar, ein Meieriinspektør, ein Fiskeridirektør, og tvo Inspektørar ved Saltvatsfiski med ein Assistent aat kvar av dei.
 
 
Til kong. Kommissjonær, som alt er nedsette, bed Regjeringi um 95,500 Kr. og til aa fullføra desse og til nye Kommissjonar og til onnor Hjelp tilsaman for næste Aaret 109,500 Kr. imot 108,500 Kr., som er gjevet for dette Aaret.
 
 
Lærarinneseminar. Regjeringi bed Stortinget um 8000 Kr. til eit Lærarinneseminar, som Presten
 
Kullmann-Olsen skulde styra.
 
 
Henrik Ibsen er beden um aa vera Gjest hjaa Hertugen av Meiningen, som no vil lata Skodespilselskapet sitt spila nokre av Stykki hans, fyrst og femst er det nemnt ”Gjengangere”.
 
 
Statsraad Haugland hev og no fenget seg Uniform.
 
 
”Framåt” er Namnet paa eit nytt svensk Tidsskrift. Det vert styrt av ei Kvinne, Alma Åkermark, men forresten er det Gøteborgs Kvinneforeining som gjev det ut. Det er Retten aat Kvinna, det vil arbeida for.
 
Det gjev Meldingar um korleis gjæve Kvinnur hev strævat og arbeidt for aa naa dit, der all deira Hug stemner. Men for nokre Aar attende, var det so svert, at berre dei, som hadde den sterkaste Hug og Vilje, som vaaga seg til aa prøva. Soleis er der um ei Finlands Kvinne, som heiter Emma Åstrom.
 
Det er reint eit Bisn aa lesa det ho maatte ganga igjenom for aa faa læra noko større, men det var og ein Hug og eit Tolmod, som ein sjeldan høyrer Make til. Hovudemni i Skriftet er: ”sjelfständiga uppsatsur, bref från in- och utlandet, notiser, poesi och føljetong”. Fleire kjende Menn og Kvinnur baade for Noreg og Danmark hev lovat aa skriva i det. Fyrste og andre Heftet hev komet ut. Dei inneheld mange forvitnelege Stykkje, helst um Kvinnesaki. Det kjem ut i Gøteborg tvo Gonger um Maanaden og kostar Kr. 3.50 Aaret.
 
 
Ei Segn fraa Jæren. Utanfor Jæren er ikkje godt aa sigla. Sjømennerne likar ikkje aa vera paa den Kanten, naar det er Uver paa Sjøen, for daa er det ikkje greidt aa berga korkje Skip elder Folk. Men der er no ikkje like stygt der helder alle Stader. Den styggaste Plassen er eit Skjer, som ligg eit Stykkje ut i Havet midt paa Jæren. Dette Skjeret kallar dei ”Ryggjen”, og dei fortel, at det kom upp soleis: I gamle Dagar, daa ”Reserne” var her i Landet, var der tvo av dei, som var leigde til aa bera ned noko Stein til Holland, daa Kongen der tenkte paa setja upp ein Steinmur mot Havet. Dei kom daa stigande baae tvo med kvar si Hit paa Ryggen. Daa dei steig ut i Havet ved Jæren rivnad Hiti aat den eine, og Steinen gjekk i Sjøen. Der vart han liggjande, og der ligg han den Dag i Dag til Skræmsle for alle Sjømenner.
 
 
Ein Amerikanar, som hev faret i Norig skriv slik um Ferdi si: Tanken min var aa skriva til Dykk snøgt eg hadde set Skandinavien; men eg reiste til Rusland derifraa, og Umslaget i Kjenslurne var so stort, at eg skundad meg alt det eg vann aa vorta ferdug med det eg hadde aa gjera for aa koma yver Grensa att so snart som mogeleg. Eg veit ikkje kva eg skal segja um Noreg, eg kann ikkje finna Ord som er gode nok. Eg hadde tenkt aa vera der i tvo Maanar, men eg var der i tri og endaa ynskte eg aa vera lenger. Eg trur ikkje at nokon Stad i heile verdi kann mæla seg med Landslaget i Noreg. Det er so storsleget og so skiftande at eg aldri hadde tenkt meg slikt. Ja der er ikkje Ord i det engelske Sproket, som kann uttrykkja fullt Kjenslurne mine for det. Sverik saag eg mindre av. Det kann henda eg vantad for mykje av det, for all Ting totte eg var forunderleg tomt der etter eg hadde faret i Noreg. Eg vil raada Venerne mine i Amerika, at um dei vil taka den mest storslegne Turistruta i Verdi, so skal dei reisa til Noreg. Eg foor igjenom Landet fem Gonger: Telemarki, Valders, Gudbrandsdalen, Trøndelagen, Finnmarki og Lappland, fraa Skien til Nordkapp og attende, so du kann sjaa eg hev brukat Tidi. Eg reiste gjorde Teikningar og skreiv, for det meste 15 til 20 Timar kvar Dag, men endaa vilde eg sjaa meir, og likeeins vert det visst støtt, ein kann aldri verta leid. Eg hev ein heil Samling av væne Teiknestykkje som eg vonar aa syna deg, naar me møtast i Amerika.
 

Frå Fedraheimen 10.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum