[Tidender.] Kristiansand Seminar.

 

Det vart eit kallegt Ordskifte i Stortinget um dette Seminaret. Der fekk Seminarstyrar Marstrander sitt Pass paaskrivet, me hev aldri set, at ein Embætsmann hev fenget slik ei medferd fyrr baade av Storting og Regjering.

 

Det var Rejerson, som spurde Kyrkjestatsraaden, korleis det hadde seg med Stellet der nede og desse underlege Karakterarne, som der var gjevne. Statsraad Sverdrup upplyste um, at dei 13, som hadde fenget den underleg Karakteren, hadde ikkje alle vaagat aa senda Karaktersetelen sin inn, daa dei helder var rædde for aa faa klenare enn betre Karakter i Staden. Og Censuren hadde ikkje Departementet noko med aa gjera. Elles var ikkje Saki førd til Endes endaa. Liestøl sagde, at det var ikkje berre for denne Karaktergreida, at det var Misnøgje med Marstrander. Det var nok mykje meir. Det var Mistillit mot han all Vegjen, og det vart ikkje rett Stell der, fyrr ein fekk Marstrander burt, gjekk ikkje dette an, so fekk ein leiga ein annan Seminarstyrar umfram. Bentsen, Løvland og Rinde heldt fram det same. Statsraad Sverdrup hevdad, at Regjeringi hadde gjort kva ho kunne; han hadde sendt Folk ned til Seminaret til aa granska Stellet der, og tri Gonger hadde han bedet Marstrander um aa søkja seg derifraa, men det nyttad ikkje. Og skulde det ikkje verta likare, so maatte ein anten leggja ned heile Seminaret elder so maatte ein annan inn i Seminarstyret attmed Marstrander. Men det vart daa Stortinget si Sak. Det vart elles sagt, at Karen var bra nok i seg sjølv, men at han var udugeleg til aa vera Seminarstyrar var daa visst. Det var berre Saxe, som laut forsvara han litegrand og so Hertsberg daa maavita, for det var han, som hadde gjevet Marstrander Posten. Men der vart han ille ute, for det vart upplyst, at han hadde sett til Side alle dei andre Søkjaranne og gjevet Posten til denne Dugløysa. Dieseth  meinte paa det, at det kunne ikkje vera anna enn politiske Umsyn, som hadde gjort, at Marstrander fekk Posten i Staden for ein anna Mann, som baade var eldre og duglegare, men Vinstremann. Paa det kunne Hertzberg ikkje noko svara. Dei berre log av Hertzberg daa.

 

Bit ikkje dette Ordskifte paa Marstrander, so han ser til aa koma seg burt, daa er ikkje den Mannen lagad av same Grjot som andre Menneskje. Me spaar no, at han ikkje fær for mange Elevar.

 

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum