[Tidender.] Til Maalkursar

 

for Skulemeistrar hev Stortinget gjevet 7930 Kr., som skal bytast soleis: Kristiania Stift 1000 Kr., Hamar Stift 2800 Kr., Kristiansands Stift 2000 Kr., Bergens Stift 1000 Kr., Trondheims Stift 1130 Kr.

 

Bonnevie  gjorde ein lang Tale um, at han hadde den same Mothugen for slikt noko iaar som i fjor.

 

Steen fann, at det var liti Meining i aa taka fram att no dette Spursmaalet, som vart so væl dryft paa fyrre Tinget. Det var einast det, at her no hadde voret Val. Men han meinte, at dette her var ei avgjord Sak, for Maalkursarne hadde no stadet Prøva si, dei hadde haldet alt det, som ein kunne venta.

 

Hertzberg fann, at det var hans Pligt aa segja nokre Ord til Forklaaring paa, at han ikkje kunne vera med paa dette. Han trudde, at Maalutviklingi fylgde ein Lov, som ingen kunne stansa. (Men den Loven skynar no ikkje han daa). Han var glad i at det norske Maalet utviklad seg og tok Stoff utor Bygdemaali han og, men naar det var Tale um aa innføra det ”saakaldte Landsmaal”, daa vilde der verta Forstyring i Skulens stille og fredelege Arbeid. Han kunne ikkje vedkjennast, at det fanst noko verkelegt Landsmaal, og daa vilde det berre vera til Skade aa innføra det, og ein vilde brjota Sambandet med Brorlandi og dei store Kulturfolk, (som Hertzberg elles er so rædd skal koma med for nye Tankar her uppi Einmennet).

 

Statsraad Sverdrup hevdad, at det gamle gløymde Maalet vaart no kom med Livsens Magt og kravde Plass i Tale og Skrift. Og no var Tidi komi for Staten aa hjelpa til. Det saag ut, som Hertzberg meinte, at ein skulde venta med Landsmaalet, til at heile Landet hadde samlat seg um ei Form. Men han trudde det var naturlegast aa lata denne Einskapen faa veksa seg fram litt um senn. Meiningi var berre den, at Landsmaalet fritt skulde faa tevla med Skriftmaalet. Han trudde, at til meir det norske Maalet kom til Heider og Ære, so vilde det verta ein samlande Fane, det vilde helder binda Folket i hop enn kløyva det. Likeso urimelegt vilde det vera aa negta Landsskulen norsk Maal, som um ein vilde føra Undervisning i Kristiania paa Landsmaalet. Det var berre det heimlege me vilde bruka, det tenkte han berre kunne vera Vælsigning i.

 

Hertzberg maatte medgjeva, at det nok kunne vera nyttelegt, um Borni fekk lesa ABC-boki paa Bygdemaalet, men lenger vilde han ikkje gaa.

 

Statsministar Sverdrup fann ikkje, at der var komet fram noko nytt i denne Saki. Han minte um, at Stortingsavgjerdi i fjor hadde spurst yver heile Landet, og soframt Røystingi no synte at Vali hadde gjevet det same sigersikre Fleirtal for Landsmaalet, so vilde det vera Vitnesburd, som vilde tala utyver Landet og faa Saki til aa gaa fraa Siger til Siger. Og han hadde ingen Tvil um anna, enn at Røystingi vilde gaa, som han tenkte.

 

Etter at Stang hadde klagat yver, at ei slik Sak skulde avgjerast som eit anna Majoritetsspursmaal, og at her var det Atterslag ikkje Framstig o. s. v., talad Bentsen for Innstellingi, som vart vedteki imot 26 Røyster.

 

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum