Ein Selle.

 

(Del 20 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald).

  

Det var ein Dag eg hadde gjenget ute med Byrsa og voret langt paa Heidi. So godt kjend som eg tenkte, at eg var, so kom eg til aa vildra meg burt, so eg gjekk og gjekk, alt til Kvelden kom. Det lagde seg Skodd nedyver, so eg viste aldri, kvar eg foor. Sistpaa kom eg nedpaa ei stor Myr, og den kom eg meg aldri av att, til lenger eg gjekk, til vaatare vart det, og til sist vart det berre Vatten, so eg maatte vera komen innaat ein Sjø elder noko. Det var ikkje onnor Raad enn aa gjera heilt um. Men det helder var ikkje so greidt. Endeleg fekk eg krabbat meg innpaa ei Tuve med ei stor Gran paa. Trøytt og sigen var eg, og medan eg sat der, visste eg ikkje Ordet av, fyrr eg somnad. Eg vaknad kulsen og virren og ør i Hovudet. Eg hadde drøymt, at eg var komen til ei Sæter og hadde dreget av meg paa Føterne og sat og vermde meg frammed Aaren. So høyrde eg ein Ljod langt langt burti Lidarne, og den Ljoden kom nærare og nærare og det vart so urimeleg vænt, at eg tottest aldri hava høyrt vænare, og eg høyrde Bjølleskramling og Rauting av Kyr og Blekting av Sauder. So kom det inn ei overlag væn Gjente med langt gult Haar utyver Herdarne. Eg syntest eg skulde kjenna ho og syntest det ikkje. ”Er du tyrst”, spurde ho. ”Javist er eg tyrst”, svarad eg, og ho kom med søt og urimeleg god Mjølk, og eg drakk, drakk umaateleg. So sette ho seg paa Krakken attmed meg, og rødde og log, so det lyste, so sagde ho, at eg var Guten hennar og slo Armarne sine kring Halsen min – og so var all Ting burte. Eg var mest stivfrosen, daa eg vaknad og umaateleg tyrst.

 

Men eg tottest endaa sjaa ho so klaart og høyra Ljoen, som um det hadde voret Sanning alt saman. Og eg kunne ikkje faa det utor Tankarne, so livs livande stod det for meg. hadde eg trutt paa Hulder og Trollskap, so hadde eg visst maatt sagt, at det var slikt den Gongen. Men det var nok berre Draum. Eg blindad att Augo og somnad att, men altjamt var det den Gjenta og Sullingi og alt i hop, som stod for meg, eg visste ikkje anten eg vakte elder eg sov, men det same Emne laag eg og vasad um heile Tidi. Ein Gong syntest eg, at ho kom heilt burtaat Grani der eg laag, nemnde Namnet mitt og sagde med so rart eit Tonelag: ”ligg du der du daa”, so stod ho lenge uppyver meg og berre saag paa meg, eg vilde upp, men eg var som klumsad, magtad ingen Ting, eg berre kjende, at Kaldsveitten draup av meg: endeleg snudde ho seg, og gjekk sagte burtetter, eg saag det store gule Haaret laag som ein Flaum nedetter Herdarne. Daa fyrst magtad eg aa vakna og risa upp, men naturlegvis alt var svart og stilt, berre vaate Myri kringum paa alle Kantar. Eg var so mergstolen, at eg snaudt kunne gaa; eg skynad, at eg maatte hava Feber. Eg lagde meg nedpaa att og ynskte berre aa faa ein roleg Svevn til det vart ljost, so eg kunne hitta Vegen. Men best som det var tottest eg høyra ei Bjølleskramling att, og no var min Fantasi so uppøst, at dei same Syner berre kom att. Eg saag, at det var ikkje verande her lenger, eg maatte taka avstad straks, skulde eg ikkje verta liggjande her og verta aalvorleg sjuk, utan at noko Menneskje viste um meg. Eg sette avstad i Skoddi, hoppad og vassad og endeleg kom eg meg paa turt Land og sprang gjenom Skog og Ulende i ein Hast, som det skulde gjelda Livet. Eg veit ikkje, kor lenge eg heldt paa, eg totte, at det var endelaust, eg gjekk mest som sanselaus, so eg ikkje merkad noko, fyrr eg vaknad langt utpaa Dagen, med at Soli brende meg i Augo. Og daa eg skulde sjaa aat, var eg ikkje langt heimafraa.

 

Det vart ikkje nokon vidare Sjukdom, som eg var rædd for, men likevæl var eg heiltupp som ”huldrin” mange Dagar etter. Og um Næterne allvisst kom eg aldri ifraa det, allvist utpaa Morgonen.

 

Tileg um Morgonen, naar eg vaknad, hadde eg nokre Dagar etterpaa høyrt ein Tone sviva for Øyrom gjenom Halsvevnen, men naar eg vart fullvak, vart han burte, eg visste ikkje, anten eg hadde drøymt elder det var noko eg høyrde. Det underlege var, at det leet paa same Maaten som det eg hadde høyrt fyrr. Men um Dagarne vart eg gangande og tenkja paa dette.

 

Men det som plaagad meg mest var, at den Gjenta, eg hadde drøymt um hadde eg daa sanneleg set fyrr, men kunne aldri koma paa kven det var, det liknad. Men endeleg ein Dag møtte eg Joronn Aarhaug, ho smilad imot meg, og daa blygdest eg reint, daa eg kjende att Andlitet igjen. Daa kom det paa meg ein Tanke braatt som ein Eld, at dette Kvende hadde eg komet til aa elska, um ho hadde voret ung, og ho vilde likeins hava elskat meg. Etter dette totte eg at det var reint leidt aa koma til Aarhaug.

  

Eg tenkte, at det snart skulde gjeva seg med denne Huldredraumen min, men det gjorde han ikkje, av den Grunn at eg aldri fekk Fred um Morgonen. Eg var forstyrrad halve Dagen av det. Er det daa verkeleg berre Nervøsitet, tenkte eg. Var det daa sagt endeleg, at det var berre eg som drøymde og virrad i hop um Morgonen; det kunne daa væl godt henda, at det verkeleg var noko, som eg høyrde, og at det berre for meg syntest aa vera den same Ljoen. Eg maatte hava ei Greide paa det. Eg vilde upp so tidlegt, at eg kunne vissa meg um det sjølv. Men eg kom aldri upp, fyrr eg hadde høyrt Ljoen gjenom Halvsvevnen, det var som ei Huldermagt klumsad meg. Heile Dagen tenkte eg ikkje paa anna, og gjekk i ei Spenning, som var ulideleg. So heldt eg meg uppe ei heil Nott, og utpaa Morgosida gjekk eg ute og sveiv. Men daa trudde eg so lite paa mine eigne Øyro, at eg ikkje plent kunne segja, anten det var ei Hildring elder ikkje, daa eg høyrde same Ljoden og plent med den same Slengen, som eg kjende so væl. Til aa vissa meg tok eg straks avstad uppigjenom Lidi, der eg totte Ljodet kom ifraa, men eg korkje fann elder høyrde nokon Ting, naturlegvis.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum