Heil vere Kristus.

 

Heil vere deg Herre Jesus Krist du heve i Heimen komi!

 

 

Davids Trone i Mold var lagt,

morkna var megtuge Kongemagt,

og ingen Arven kunn’ taka.

Men av gomol Rot tesist

grodde dæ upp ein einsleg Kvist

so fager han upp heve runni

Heil deg, du hev Kongsnamn vunni!

 

Ingen hev set so gjæv ein Mann,

aldri vondt dæ fanst i han;

ingen hev høyrt slike livande Or,

Sæla fylgde kvar han foor,

Døe te Liv han uppreiste,

mæ Djevelen tore han vreiste;

han var ein Profet av dei fyste,

dæ Ljose dæ glima og lyste.

Han var fulla Heimsens Von,

Heil vere deg, du Menneskjeson!

 

Paa Joræ saag dæ ille ut,

men du totte vondt i Mugen,

allsta var dæ Sorg og Sut,

ein annan bar dei i Hugen.

 

Fraa gomol Ti

Gud var ikkje paa Menneskja bli:

Eit Offer so maa De meg gjera!”

Men Ingen kunn’ Offre frambera.

 

Jesus sae: ”Sjaa her er eg,

meg maa De gjønni taka. ”Menneskja gjeng paa Syndeveg,

og eg er i Synd ikkj’ saka. ”Eg vil vera dæ Offerlamm”.

Sjølv so bar han dæ Offer fram. Han vilde ’kje Menneskja skuld’ forgange,

fyrr vild’ han for Domen sjølv stande.

 

Dei toko han

og pinte’n mæ Pinslur svare

Dei toko han

og feste paa Korse dæ hare.

Dei toko han,

dei totte dæ ingen Vande;

7 Timar han paa Korse hekk,

daa gav han upp sin Ande.

 

Dæ vart Myrker yve Land,

Soli ho gat inkje skine. Dæ bivra og skalv baa Himel og Jor,

og Daumenn av Gravenn’ mun trine.

 

Han er dø!” ”Han er dø!”

Han er dø, som for oss skulde sona”.

Han var Heimsens Von, ”Guds einborne Son.

Aa, Frelsingjæ vaar den er tjona”.

 

Heil vere du Herre Jesus Krist!

 

Du braut deg fraa Døen med Velde,

du sleit sund Djevelens arge Magt,

hans Rikje du heve under deg lagt,

og dei som te honom var selde.

 

Trie Dagen var Gravi tom,

og Herredom

Guds Son du heve deg vunni.

 

No Soli den raue

ho skin yve myrkaste Daue.

No Ljose dæ bjarte

dæ lyser i armaste Hjarte.

 

  

Heil vere du Herre Jesus Krist,

du hev min Frelsar vorti visst

du Gud i sann,

du Frægdarmann,

du heve meg frelst utor Djevelens List,

fraa Døens Magt,

Syndi øylagt,

heil vere deg Herre Jesus Krist.

 

Heil vere deg Herre Jesus Krist

i hægste Hægd

i lægste Lægd,

i Glæe og Nau,

i Liv og i Dau,

mæ Manna-Or,

i Englekor,

i alle Land,

av Møy og Mann.

Lova vere Krist i allan Heim.

Lova vere Kristus i alle Stunde.

Heil deg Krist, du hev Kongsnamn vunni.

 

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum