Tidender.

 

Kristiania, den 20de April.

 

Bibelsoge og Katekismus paa Norsk. Til aa døma Utkast til Bibelsoge og Katekismus paa Landsmaalet og Hjelp til Trykning gav Stortinget 1000 Kr. Bonnevie sette fram Forslag um, at Tinget skulde segja nei til dette. Han fekk berre med seg 25 Mann.

 

Nei  so igjenom styvne som Folk kann vera lell! Og at Vestlandsposten tek inn noko sovore, kann me ikkje forstanda. Dei toler ikkje, at der i ei Lesebok av Pauss og Lassen er Fablar og Æventyr um Dyr og Steinar som talar – hev Folk verkeleg ikkje komet lenger enno! Er det noko stygt, noko umoralsk desse Dyri segjer og gjer? Vøre det betre aa bruka Folk daa, naar ikkje dei helder var anna enn dikta upp? Helder skulde ein Bokmakar renna Verdi rundt for aa samla sanne og gode Hendingar fyrst? Kann det ikkje vera det same anten ein Trestubb hell ein Gut sagde det, naar det dei sagde var verkeleg godt? Hell um ei Padde hell ei liti Gjente var snild mot andre - ? Er det ikkje Moralen dei smaa skal lære av -? Nei at me i 1886 ikkje hev komet lenger daa!

 

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum