Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 4 av 9. Fyrste delen.)

 

III.

 

(Framh. fraa fyrre No.).

 

(Darwinismen. Utdøydde Dyr- og Voksterslag).

 

 

Men anten me no kann tru paa Læra hans Darwin elder ikkje, so er det kor som er visst, at det allstødt ter seg nye Slag, naar ein kjem fraa dei eldste Lag og uppetter til dei yngre.

 

 

I den primære  Bolken hev me 4 mindre Bolkar; den eldste er den siluriske, og det underste Laget i den er det kambriske. I dette Laget finst Beinløysur (”Bløddyr”), Krabbar, Polypar og Tang.

 

 

I dei øvre siluriske Lag finn me Leivningar etter Fisk; i den Tidi stod Havet endaa yver det meste av Jordi.

 

 

Yver dei siluriske Lag ligg dei devoniske; i den Tidi, daa desse vart til, raadde Fiskarne i Havet, men dei veik mykje ut fraa dei, som no liver, og var for det meste brynjeklædde. Vokstrarne liktest mest paa vaar Kraakefot og Mose, var endefram lagad og aatte ikkje Blomar. Mange av dei var store liksom Tre, nokre med ein Svip liksom av Gran elder Fure.

 

 

So kjem Steinkols-Laget  .Endaa i Steinkols-Tidi var Jordi so heit, at Solskinet i den dimme regntunge Lufti gjorde korkje fraa elder til. Det var like heit paa Grønland som i Guinea, og dei finn merkje etter same Vokstrarne baae Stader. I den drivande Vermen voks Ormegraset upp til drustelege Tre, Skavgras (Skjefte) vart 30 Fot høgt, Kraakefot skaut 100 Fot upp i Veret, men inkje Tre med Blomar og Frukt. Det var stilt som Gravi i dei uhorvelege Skogarne, noko Flygje og Krek var dei einaste dyri paa Landjordi og i Myrarne. I Havet paa Lag dei same Dyri som fyrr; av Beinløysur 900 Slag.

 

 

Yver Steinkoli ligg det permiske Lag; no kjem eit Slag Bar-Tre fram. I Havet livde ei Fjorføtta, som liktest paa Krokodillen.

 

 

Naar me fraa den primære Bolken kjem upp i den sekundære, so minkar Vokster-Rikjet noko av, men Dyre-Rikjet aukar seg upp. Der er tri mindre Bolkar i den sekundære: Trias, Jura  ogKrit.

 

 

I Trias-Tidi, som er den eldste, tek det til aa glinsa med Kraakefot og hine gamle Tre, og det vert tjukkare med ymse Slag Bar-Tre. Gamle Dyre-Slag døyr ut, nye hev utviklat seg. Skjelpaddur kjem upp or Havet og karar seg fram paa Strandi, skræmelege Krjupdyr liver i Havet og paa Land.

 

 

I Fyrstningi av Jura-Tidi hev Krjupdyri utviklat seg til øgjelege kjempestore Styggebeist, som er Kongar i Dyreriket paa den Tidi og er mest likso kunstfullt bygde som Spendyri i vaare Dagar. Den skræmelegaste av alle desse var den veldige Fiske-Øla, Ichtyosaurus, som andad med Lungur og hadde Sveivar (”Svømmefødder”, ”Luffer”) som ein Kval, men Snut som ei Nise, Hovud som ei Fjorføtte, Tenner som ein Krokodill, Beingrind som ein Fisk. Han vart 15 Alner lang og fælande diger med Augur større enn eit Manna-Hovud. Mest likso stor var Plesiosaurus med ein lang Hals liksom ei Svane. Endaa større Bisn aa sjaa var ein liten Drake, Pterodaktylus, ei Øle med Vengjur, liksom ein Skinnvengje (”Flaggermus”). Denne var liksom eit Fyrebod paa Fuglarne, som snart skulde koma.

 

 

Lufti var ikkje so regntung lenger no, Soli foor til aa skina klaarare, og nye Vokstrar skaut upp, bland desse ei Mengd med store fagre Tre, som var liksom eit Fyrebod for Palmetrei.

 

 

I Slutten av Jura-Tidi (Oolith-Tidi, dei kallar) finn me eit Dyr, som er liksom ein Millomting millom Krjupdyr og Spendyr. Det lagde ikkje Egg, liksom hine eldre Dyreslagi, og fødde ikkje livande Ungar helder som Spendyri no, men fødde liksom ei Glye (”Gele”), som Mori sidan bar i ein Sekk til Fostret mognad, og so vart det født andre Gongen, liksom Pungdyri i vaare Dagar. Soleis vart det Steg for Steg nye og fullkomnare Dyreslag. I denne Tidi flyg Humlur, Fivreld og Guldsmedar umkring paa Blomarne; fraa den Tidi hev dei funnet den fyrste Fuglen og (Arkæopteryks, som fyrr er fortalt um).

 

 

So kjem Krit-Tidi. Jordi hev no kolnat mykje, so no vert det meir og meir Soli, som raar for Verlaget. Voksterriket fer no til aa likjast paa det, som liver i vaare Dagar. Ormegraset vert meir sjeldfengt og veks ikkje so høgt. Der er store Skogar av Bar-Tre endaa, men jamsides med dei kjem det fram Older, Nate-Tre, Valbjørk og ymse andre Slag av dei mest fullkomne Lauv-Tre, som sidan skulde breida seg ut yver mest heile Jordi.

 

 

I Dyreriket er det endaa Krjupdyri, som raar baade paa Jordi og i Havet. Ichtyosaurus og Plesiosaurus høver ikkje lenger med det Verlaget, som no er, og i Staden for dei kjem forfælande Fjorføtlur, innpaa 30 Alner lange, som jagad etter Fisk, som liktest paa Laks og Gjedde. Fleire Fugle-Slag hev no komet til. Nokre liktest paa vaare Myrsnipur.

 

 

Det er fyrr fortalt, at Geologarne trur, at kvar Bolk hev vart i lange Tider. Men likso lange Tider, og i mange Tilfelle lenger, trur Darwin det hev voret millom den eine Bolken og den, som etter fylgjer, so naar me kjem til ein ny Bolk, ser me tidt med ein Gong eit merkjelegt Braadskifte.

 

 

Naar me kjem til den tertiære Bolken, so er dei fleste gamle Dyreslagi utdøydde. Krjupdyri raar ikkje i Dyreriket lenger; det høgste og mest fullkomne Dyreslaget hev no lagat seg til, Spendyri er no fullt utviklad og legg Jordi under seg, det livnar i Skogen av Songfuglar og Ræfuglar, og det laver med braglande Blomar og fraudige Frukter. Lufti vert klaar og rein, og i Nordenden og Sudenden av Jordi kjem truleg den fyrste Snøen og Isen.

 

 

Der er tri mindre Bolkar i den tertiære. Den fyrste kallar dei den eoceene; Namnet kjem av eit Ord, som tyder Morgonrode, for no tek det liksom til aa lysa av den Dagen, som no er. Bjørk, Older, Alm, Eik, Bok veks i Lag med Fure og Gran, og endaa det ikkje nett er same Slag, som no liver, so veks dei likare smaatt um Senn. Av Spendyr er det Tjukkhudingar, som fyrst syner seg, i mange underlege Slag og mangfaldige Yvergangsformer, Millomting millom Hest og Nashorn, nokre Bregder paa eit Esel elder ein Gris. Klauvdyr, slike som jortar Føda, Hjort, Ku, Saud, var ikkje til endaa. I Slutten av denne Bolken finst det Merkje etter Hestar.

 

 

Den andre Bolken kallar dei den miocene. Det minkar med Ormegras og Bar-Tre, nye Slag av Palmetre og Lauvtre kjem fram, men endaa er dei aldri heiltupp like vaare. Nye Spendyr ter seg i Mengd. Det kjempestore Dinotherium er liksom eit Fyrebod paa Elefanten, men var mykje større. So kjem Mastodonten, paa Storleiken og Skapnad mest som ein Elefant. Rottur, Skinnvengjur, Bjørn, Hund, Katt kom til paa den Tidi, er det likt til, og likeins Apekattar, nokre av dei paa Storleiken som ein Mann, Ormar og Froskar, og av Fuglar Sporv, Trast, Ramn og Stork, og i Vatnet Kobbe og Aborr og mange andre Slag.

 

 

Den tridje tertiære Bolken heiter den pliocene. Vokster-Riket hev no utviklat seg mykje meir og likjest svært paa det, som no liver; men endaa trur dei, at det finst ikkje eit einaste Slag av dei Vokstrarne, som grodde i Europa i den Tidi, som er heiltupp likt vaare Vokster-Slag.

 

 

Av dei gamle Dyreslag døyr fleire ut slike som Mastodonten, men nye kjem i Staden, Elv-Hesten (Hippopotamos), Kamelen, Hesten og Hjorten. Store Flokkar av ville Kyr beitte paa dei endelause grøne Vidderne i Europa; dei var reine Kjempur paa Vokstren og liktest mest paa Bøflar. Hesten er det Dyret, som hev brigdat minst paa seg; men han var i den Tidi noko mindre. Det merkjelegaste av alle Klauvdyri var ein Hjort med 4 Horn, som liktest mest paa ein Elg men var stor som ein Elefant. Av Fuglar livde Ørn og Hauk og Ule, Svale, Høns, Ender og Skjor og mangfaldige andre. I Havet finn dei Kval, som berre vik lite ut fraa dei, som no liver.

 

 

Um det fanst Menneskje so tidleg som i Tertiær-Tidi, veit me ikkje, men det er mange, som tek til aa tru det.

 

 

I den kvaternære Tid finn me ikkje so lite Utvikling att. Vokstrarne er paa Lag som no, Dyri sameleis for det meste, endaa det i Fyrstningi livde fleire Dyreslag, som sidan døydde ut. Av desse skal me nemna Mammuthdyret, eit Slag Elefant med langt Ragg og ei skræmeleg Man i Nakken og burtetter heile Ryggen og mykje større enn Elefanten; han livde mest yver heile Jordi. I Sibiria hev dei funnet i Isen tallause Leivningar etter dei; og stundom heile Dyret med Kjøt og Hud og Haar. Sume Stader er det so tjukkt med Tenner etter dei, so dei i yver 500 Aar hev utført Mammuth-Tenner, og endaa er det like mykje att. Truleg var det mykje varmare i Sibiria daa enn no, og det ser ut til, at den Kaldebolken, som sidan kom, hev drepet dei. Kjempe-Hjorten hadde Horn, som var yver 9 Fot lange, og det var 9-12 Fot millom dei ytste Endarne.

 

 

Dei verste Klodyri i Europa var Heller-Bjørnen, som livde i Hellerar (Berg-Holur), sterkare og ein Femtepart større enn vaare Bjørnar, og Kjempe-Tigeren, som var dubbelt so stor som Tigeren no er.

 

 

I Amerika fanst det fleire underlege Dyr i den Tidi, som Megatherium, paa Storleiken som ein Elefant; det stend midt imillom ”Dovendyret” og ”Panserdyret”. Paa Ny-Zeeland livde Moafuglen, ein halv Gong til so høg som ein Ukse.

 

 

I Europa var det i den Tidi ei Yrje med Uksar, Kjempe-Hjortar, Mammuthdyr, Nashorn og tallause smaa tettbygde Hestar, og i Flokkarne deira braut Heller-Bjørnen og Kjempe-Tigeren inn. Dei hev funnet fulltupp med skadslegne Bjørnebein; dei hev fenget av Hestehoven. Det var ein rasande Strid for Livet. I Irland hev dei funnet Pile-Oddar i Sidebeini paa Kjempe-Hjorten. For no kjem ein ny Skapning fram, han som skulde leggja heile Jordi under seg. Men det var eit tungt Tak i Fyrstningi for han. Han var for veik i Handi til aa slaa og for sein paa Foten til undan røma. Skulde han greida seg i den ville Leiken millom alle Kjempedyri, laut han taka til Vetet, og dermed lagad han seg Klubbur, Steinøkser og Bogar, og dei slo seg i hop mange i ein Flokk; te meir verjelause dei var av Naturi, te meir laut dei bruka Tanken, og Manna-Aandi vann den fyrste mødesame Sigeren yver den raae Styrken.

 

 

So kom den forfælande Istidi; det lagde seg som eit Likklæde utyver store Vidder i Europa, Mammuthdyret, Nashornet, heller-Bjørnen og fleire Dyreslag tyndest, men dei fleste heldt ut.

 

 

So drog Isen¹) seg attende til Høgfjellet og dei nørdste Landi, Vermen aukad paa att, og Jordi med Vokstrar, Dyr og Menneskje vart slik, som ho no er.

 

 

Men dei Vilkaar for Utvikling og Framgang, som hev verkat fraa gomol Tid og til vaare Dagar, held paa og verkar no og, segjer Darwin. Me hev ei likso lang Tid fyre oss som bak oss, Dyreslag, som no liver, vil døy ut, og andre, som hev ein Fyremun anten med betre Kropp elder større Forstand til aa greida seg, vil liva og faa Avkjøme og utvikla nye Slag, som høver betre med dei skiftande Vilkaar.

 

 

Soleis, trur han, vil daa alle Eigenskapar, baade for Kroppen og Sjæli, gaa fram mot større Fullkomenskap.

 

 

¹) Orsaki til Istidi er ikkje kjend. Sume trur, at ho kjem att til visse Tider, at ho heng i hop med Jordbanen umkring Soli, og at naar det er Istid paa Nordholva, er det varmt paa Sudholva.

 

 

 

Misprenting i Stykkje II: som Bredarne skurad framfor seg, skal vera: skuvad.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 21.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum