[Tidender.] Olaf Huseby og Maalsaki.

 

(Del 4 av 6. Fyrste delen.)


IV.

 

For aa verta mest mogeleg lærd i Faget, staa paa Høgdi av, kva Verdi veit og kann i Bokhandlarvegen mæla seg med og ikkje vera ringare enn Folk i same Verksemdi her heime, tok Huseby seg ut, reiste til Tyskland han og, for i Leipzig aa gaa i Skule. Han saag seg um andre Stader i Europa og, der det var Lærdom for honom aa henta, og kom so heimatt og gjekk i Gang.

 

Olaf Huseby & Olaf Olsen heitte Firmaet, som med veiftande Fanur og ljomande Spæling siglde upp og kasta Anker paa Karl Johans Gata. Det hadde heile Vinstrevinden for seg, men Bidevind fraa Høgre og iser Kristiania-bokhandlarar. Det ”starta Forretningen” som vinstre, frihuga og maalvenleg, som norsk-liberal-nasjonal. Det gjorde det kunnugt over alt Noregs Land og vidare, at her er me, no maa de, Godtfolk, vera bra søkja hega, so skal me handla og verta einuge.

 

Firmaet likad seg vist bra, og dei ventad seg noko av kvarandre baade det og dei som handla vilde. Huseby & Olsen hadde mange og store Fyremunar til Underletting i Upphavstaket, og gjekk dei fram med Umsyn og Klokskap, kunde dei gjerna fenget Siger. Dei gjorde Reikning paa alle frilynde Nordmenn, ikkje berre i Aalmennmeiningi, for i so Maate var dei alt bergad, fyrr dei tok fat, men og i Kauping og Seljing, i sjølve gagnet altso. Det var nett i dei Dagar, daa Vinstre her i Landet sogodtsom var vorte Sigerherre over Høgre i ein stor og vigtug politisk Kamp, at Huseby & Olsen sette seg ned som Bokhandlarar, og dette gjorde ikkje minst til, det saag ut for, at dei hadde teket fat i ei god Stund. Aa vera sit paa med Raangsaugo av Kristianiabokhandlararne og utsett for Spottord og Ringeagting av Høgreintelligensen i Kristiania og andre Stader i Landet, det maatte berre vera til Bate for Huseby & Olsen. For til meir vilde dei verta Parti-bokhandlarar, til meir vilde heile Vinstre samla seg um dei. Slikt noko hende i andre Næringsveger og det her hjaa oss, med det gjekk som heitaste til i Kampen.

  

Det var mange av Vinstre, som ringat seg kringum Husby & Olsen, ja sa’ upp gamle Bokhandlarar for aa gaa over til dei nye. Ikkje fordi dei hadde noko sers aa kjæra paa dei hine, men fordi dei helst vilde stytta desse, som hadde so særlegt godt norsk Formaal og var nye og ikkje so megtuge, at dei jo trengde til Studnad.

  

Diktarar og andre Pennemenn vart bedde um aa slaa seg til den nye Bokhandelen, og nokre av dei gjorde det og.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum