[Tidender.]

 

Kristiania, den 6te August.

 

So skal det vera. Tunsbergs Blad klandrar Tunsbergeren for, at Tunsb. ikkje brukar norsk Maal etterdi Bladet tek dette Maalføret i Forsvar. Tunsbergerenset so iveg med eit Svar paa norsk til TunsbergsBlad.

 

Dersom alle gjorde so. Og dersom dei ikkje berre gjorde det so sjeldan.

 

 

Nordenfjeldsk Tidende”. Det er hugnasamt aa sjaa, at andre Blad tek upp fraa FedraheimenTing, som dei likar. Men det vilde ikkje kosta dei noko aa segja, at det var or Fedraheimen.

 

 

Uppsettet hans Olav Sveinsson, ”Um Tvidraget i Vinstre” hev gjenget gjenom fleire Avisur i det seinare. Fyrst braut Dgbl, Isen, so torde Kr.posten og ta’ det upp, og V. G.fann, det gjekk for han og. Me hev og set att Stykkjet i Fjordenes Blad, Samhold, Varden, Kr.sands Stiftsav, og fleire.

 

 

Eit Maalblad paa Vestlandet  skriv ein Innsendar i Dag um aa faa i Gang. Me likar Tanken væl og er hugheile med paa dette Ynskje. Berre Landet no kunne føda 4 Maalblad ogso! Me fær sjaa.(Nora).

 

 

NorskMaallæra  vil koma ut med det fyrste paa nytt Lag, daa fyrste Upplaget er utseld. Denne andre utgaava kjem ut i Bergen paa Nygaards Forlag. Maalformi er Ivar Aasens Normalform, slik som den kjem fram i den nye Bibelumsetjingi. Den ”nyare Skrivemaaten”, som Fedrah. brukar, er ogso umhandlad. Boki er elles ein Grand forandrad, so at ho no er meir høveleg til Bruk paa Høgskular, Amtsskular og Landsmaalskursus. (Dag).

 

Den norske Leseboki av Garborg og Mortenson er nyleg ummeld av ein Heinrich Lenk i eit tysk Skulebald (Central-Organ für die Interessen des Realschulwesens). Boki fær i det heile ein god Dom; ellest er det sjaa-ande ut til, at Meldaren hev alt anna enn fullgod Greide paa Maalrørsla og Maalvokstren her i Landet. (Nora).

 

 

Maalskular vert haldne iaar – forutan i Seljord – ogso paa desse Stader:

 

Paa Vonheim fraa 12te Juli til 18de September. Lærarar: Kristofer Bruun, Ingvar Bøhn, Johannes Skard, Olav Aasmundstad, Matias Skard.

 

Ved Ullensvangs Folkehøgskule fraa 30te Juni til 30te Juli. Lærarar: Ingvar Bøhn, Andreas Austlid, Johannes Helleland.

 

Paa Bjørnstad ved Rakkestad i Smaaleni fraa 2dre til 31te August. Lærarar: Lasse Trædal, Hans Ross, Fru Ragna Nilsen, Olav Sande fraa Sogn o. fl.

 

I Kristianssand fraa 25de August til 30te September. Lærarar: P. A. Skjefveland, J. Løvland, Ross o. fl.

 

Paa Hylla ved Namsos fraa 1ste til 30te September. Lærarar: M. Hægstad o. fl.

 

(Nora).

 

 

Folkehøiskoleblad  styrt av O. L. Kirkeberg, kjem ut i Kristiania 1ste og 15de kvar Maanad i 8sidigt Format. Pris Kr. 2.25 pr. Aar. No. 12 er no komet ut med dette Indhald:

 

Alexander Kielland og hans Modstandere. – Hemmelige Selskaber. – Meddelelser.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum