”Fra Bygd og By!

 

heiter ei Bok, som Anton Velde hev skrevet, og som nyst er utkomi. Ho kostar Kr. 1.50 og kann inkje kallast dyr. Boki er etter mi Meining inkje noko Diktarverk; det kann ein held inkje venta av so ung ein Mann, men der er ymse gode Ting i henne, som tyder paa, at Velde kann koma til aa skriva enno betre Ting. Det er heldest inkje so faa gode Ting i denne Boki, serleg vil eg nemna den siste av ”Skisserne” ”for Frihed og Fedreland”. Det er eit godt Stykke. Det stod fyrst som Føljeton i Norsk Skyttertidende. Morosamet er det au um Guten, som inkje kunde skyna, korleis ei ”triumferende” Kyrkja saag ut, allvist naar ho inkje skulde hava ”Taarn og Spir”.

 

Ein vil hava Gagn av aa lesa henne, og i eit Bygdebibliotek vil ho verta myket lesi.

 

Men der er ein Ting, eg alt annat enn likar, og det er Maaleti henne.

 

Sovitt evnerike og norsklynde gutar som Anton Velde bør inkje skriva sine Bøker paa dansk.

 

Eg skynar inkje, kor me skal faa arbeidt upp den norske Bokavl, naar inkje me skal kunna venta det, at dei norske og norsklynde Bondegutarne, som kann skriva, vil skriva norsk.

 

Medan Velde si Bok vilde voret eit godt Tilskot til den norske Bokavlen, so vert ho meir som ei Pylse i Slagtartidi i den danske held, um ein no absolut vil, norskdanske. Ja, for er noko norskdansk, so maa det vel vera det Maalet, Velde der hev brukt.

 

Det høyrer sant aa segja ingenstad heime. Naar han t. D. skriv ”Hovetbygningen”, so er det aa skjemma ut dansken, ja det er slett inkje rett held, korkje etter Læta heruppe i Noreg og held inkje etter Maalets eigne Lovar. Like eins naar han skriv: ”Jeg har taket Skridt for Skridt” o. s. b. ”Et Støt” og paa Side 126 ”nød de Glæder” o. s. b.

 

Det hev daa voret Velde si Meining aa gjera Dansken so norsk som mogeleg, men han hev vunnet det, at han hev skjemt ut dansken au, utan at det er vortet eit Haar norskare. Det heiter inkje ”et Støt”, men ein Støyt, og det heiter inkje ”toket” men teket og soleis alt i eit. Og det hender vel med dei flestalle, som vil prøva aa faa dansken norsk; di meir dei arbeidar paa det, di meir syner det seg, at han korkje er held kann verta det. Det skulde Velde vist fyrr, so kunde han brukt seg til noko nyttugare enn aa skjemma ut Dansken.

 

Til Velde sjølv vil eg segja: Kann du faa Høve til det, so arbeid med aa skriva; du vil gjera Nytte, og eg trur, god Nytte med det. Men lat oss aldri faa Bøkerne dine paa slikt eit Maal meire. Gjer deg til full Herre yver Norsken og bruk so den. I den unge framveksande norske Bokavlen vil du koma til aa gjera ei god Hjelp, og der vil du verta motteken med opne Armar. Kann du inkje det, so skriv dansk, rein dansk, for det vert aldri norsk av han, kor du balar, det vert berre Knot.

 

23/786.

 

Lasse Trædal.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum