Ein Selle.

 

(Del 25 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa fyrre No.)

 

Eg hadde ikkje set ho sidan den Dagen uppaa Heidi, endaa ho stod for Augo mine kvar ein Dag. Eg saag ho ikkje att, fyrr eg saag ho ved Kyrkja. Ho var med Mor si daa. Og eg, som ikkje kjende ho, nei eg kunne ikkje tru, ho var den same, det var berre det, at eg visste, at det var Gunnbjørg. Eg naadde dei att paa Vegen eit lite Stykkje hitanfor Kyrkja. Mori gjekk høgtideleg og tankemyki, ho rødde so laagt og stillferdugt, det laag Tyngsle i alle hennar Andlitsdrag, og som Mori so var Dotteri, fylgde tett etter med framlutt Hovud og nedsøkte Augo, bleik og likesæl, som um ho gjekk i Draum og korkje saag elder høyrde nokon Ting.

 

Upp Bakkarne kom det Folk ifraa alle Kantar, taugt og seinleg med store lange Stig, og det rauk av dei graae Vadmaalskofturne, som hadde vortet vaate i Regnet, og so Kvendi med Hovudet innpakkat i store Turrklæde, so ein saag berre ein liten Snipp av Andlitet, og det var raadlaust aa kjenna dei, soframt ein ikkje vilde ganga burtaat og bretta Turrklædet ifraa, so vidt at ein fekk sjaa Talskiva.

 

Rett som det var, høyrde eg ein Skrell, som naar ein slo paa ein gamall Koparkjele, det var Kyrkjeklokkurne. Alle Kararne lyfte paa Hatt og Hette, og Folket reiste seg og kom strøymande ut fraa alle Holt, der dei hadde setet og pratat, og det bar ivegen mot Kyrkja med heile Flokken. Kyrkja saag ut som ein gamall Laave, som det var gjort ein Skut paa og so sett paa ein Spir i andre Enden. Daa me kom innaat, lugtad det Tjøre, so eg mest vilde komna. I Kyrkjesvali stod det Likbaarur og andre slike hyggjelege Ting, som var lagad til aa fylla Hugen med den rette Andakt.

 

Det fyrste Kararne gjorde, daa dei kom inn i Kyrkja, var aa taka upp Knivarne og køyra dei inni Veggjen med slikt eit kallegt Brak, at Veggjerne riste. Alle saman, fraa den største til den minste, hadde serskilde Knivar, som dei kallad Kyrkjeknivarne, til dette Bruk.

 

Daa Skriftemaalet var fraaseggjort, kom det ein stor sterk Kar midt fram paa Golvet, sputte i Nevarne og treiv etter ein diger Reipende; det var Ringjaren det.

 

Songen var paa den Maaten, at det var Klokkaren, som gjorde det aaleine; naar han var komen halvmidt uti Tonen, kom det alltid slengjande nokre falske Tonar som Sporvekvitring fraa øvst uppi Hjellarne, men det var daa Klokkaren, som drog Lasset. Og det var ein, som ikkje sparad seg, han drog kvar ein Tone so lang som han kunne og gjorde dei endaa ut med so mange Trillar og Krullar, som han paa nokon Maate kunne faa til aa hengja fast. Forlate meg mi Synd, men jamen fann eg ikkje ut, at ein kunne tralla ein heil liten Slaatt ifraa det han byrjad paa ein Tone og tok i att med ein ny. Og millom kvar Tone drog han Pusten, det var liksom han drog ein Smidjebelg. Elles so var det laglegt med det, at naar han drog Pusten, so song dei hine, og medan han drog Pusten, so song dei hine, og medan dei hine song, so gjorde han det. Det høyrdest plent, som naar Hjuringen kallar paa Sauderne, og han so stend og lyder eit Bil til aa høyra um alle er med og so blæktar det rundt ikring i Haugarne. Naar han so var komen ut Lina, tok han seg ei god Kvild, og naar Verset var ute, ja daa var det no lang Pust i Bakken daa.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum