Halvdan Sekse.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)


(Skisse av J. E. Maakestad.)

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

_ I tvo, tri Maanar gjekk det paa Hogg og Belegg for Halvdan. Aasa neitad aa taka imot han. Bilætet hans Alv kom oftare og oftare uppatt hjaa henne. Um han nohadde friat, ottast ho for, at ho kunne ikkje lenger ha stadet imot... Men han kom ikkje... Nei, han var for kaut til det, og hadde for stor Sjølvvyrdnad til aa bjoda seg fram paany... Nei han kom ikkje... Skuldi var hennar eigi... Nei han kom ikkje...

 

Og so fekk Halvdan det godt igjen. Vistnok med mykje Sut og Stræv og Bal – men godt igjen. Det var Hovudsaki. Hurra! han trudde, han no hadde vunnet for alltid, og naar Enden berre er god, so er sanneleg allting godt...

 

Det kom ut millom Folk, at Alv hadde voret hjaa Aasa og gjevet henne Greide um Halvdan. Og ut kom det, som var hendt paa Krambui med. Og Ungdomarne lo, so det klukkad. Dei undte han Halvdan so godt, at han fekk noko Peis. Rett som det var, kunne det henda, at ein av dei beste og kaataste Skalkar gjekk hit til han, lettad paa Hatten og grein aat han. Det var eit Minne um Eiliv Sandsstø og skulde vera ei stor Skam.

 

Daa beit han Tennerne saman, medan han kokte og frøste av Sinne, men han torde ikkje by seg. Han hadde ikkje mykje av kropsleg Magt. Og endaa det kunne ha voret nokso gildt aa faa gjevet dei Hundepelsarne Juling, fekk det no vera det same. Det vigtugaste for Guds Born er aa vera aandeleg sterke.

 

Snart vart det vitelegt ute millom Unglyden, at Aasa i grunnen var forelskad i Alv. Det fekk han Alv vita gjenom ein av dei beste Venerne sine, ein ung Snedkar, Helge Torvaldson.

 

So lengje ho er trulovad med Halvdan, segjer ikkje eg eit Ord til henne, og vert dei gifte, so fær det so vera; men vert ikkje det, so friar eg paa nytt Lag”, svarad Alv hugfast.

 

Helge Torvaldson talad aldri mykje, men var kjend for aa kunna gjera aldeles meistarlege Puss og Skalkestykkje, naar han berre vilde leggja seg frami Selen.

 

Han smilte løglegt, naar han skildest med Alv denne Gongen. Han hadde sett seg fyre, at Aasa skulde verta Kona hans Alv, og difor vilde han sjaa aa finna paa noko, som skulde gjera han Halvdan umogeleg...

 

Folk vart ikkje lite forbinad, daa dei ein god dag fekk høyra, at Helge hadde tingat seg inn hjaa Halvdan. Um Grunnen til dette vart det ei Gissing paa likt og ulikt. Kannhenda han skulde arbeida noko, som skulde vera so reint i Duldi, at han vilde ikkje vera heime… Hmhm. Halvdan skulde fulla snart ha Brudlaup... til aa kosa seg med henne Aasa... vilde væl ha han Helge til aa arbeida Vogge, hm... Hø, ho, oh!... kremtad sume og smollad uvarlegt, liksom dei viste betre Greide paa Tingen.

 

Helge leigde Kost og Hus hjaa Halvdan paa uviss Tid. Seks Krunur Vika skulde han gjeva. Flutte inn gjorde han, og tvo Kistur hadde han med seg...

 

Halvdan totte, at Helge hadde ein reint forunderleg god Mathug. Han aat som ein Søring, som berre er van med Graut, og betalte altso for lite. Han aat so nyttelegt og væl, at det var ikkje gjengne mange Dagar fyrr Halvdan tok til aa ræddast for, at eileis galet maatte det hanga i hop. Forsyne meg kunne det gaa rett til, nei. Enn um Helge heldt paa aa putla ned i Kisturne sine?... Lyklarne passad han stødt nett som ein Smed, so det var Uraad aa faa sjaa etter held.

 

Halvdan vart fortvilad.

 

Det vert væl ingen annan og betre Utveg for meg aa finna”, tenkte han ottefull, ”enn aa snakka til han Helge og forlanga sjau Krunur Vika. Gjer eg ikkje det, vert bitlade’ Vinningi liti, altfor liti; og no veit Gud og kvar vitug Mann, at det er av Vinningi og ikkje av Austavind me Handelsmenn skal liva”.

 

Og so gjekk han, den sutsame Sjæli, til Helge og klagad seg yver, at han ahdde reknat galet. Anten maatte han faa sjau Krunur Vika elder so tapte han Pengar, og det hadde han, fatige Stakkaren, slett ikkje Raad til. Han vonad, Helge var so heiderleg ein Gut, at han vilde betala sjau Krunur for den Tidi, han hadde voret der i Kost...

 

Men Helge berre gav Kjæft. Han hadde akkederat um seks Krunur og vilde naturlegvis aldri i Verdi betala eit Øre meir. Vilde Hr. Sekse ha meir, kunne han taka Resten der uti Skogen.

 

Tilslutt vart det eit heilt Uvedr millom dei tvo. Halvdan var grov og Helge var gletten. Han kom med den eine Pretta etter den andre og fekk endeleg eglat han Halvdan so upp, at i Sinne jagad denne han ifraa seg.

 

Nett det var det, Helge vilde, og daa han hadde fenget dette til, vart han just i Godlaat.

 

Mullande paa ein skjemtesam Song um Samson og Dalila foor han, lett paa Føterne, hoppande uppetter Trappi, dansad inn paa Romet sitt, skiftad i Hast Klæde, tok paa seg dei beste han hadde der, og tok Kisturne sine og bar dei hit til den gode Gamling, han Sigurd der burte ved Elvosen.

 

- Av Sigurd hadde Helge fenget laana ein gamal utsliten Hatt, som han gjekk med, naar han i Kveldingi foor avstad for aa gjera Greide med Havldan. Det hadde synt seg fyrr, at Halvdan elskad ann’s Manns Hattar, og soleis var det nok ikkje aa lita paa, han kunne faa Kjærleik til denne med.

 

- Det vart Skjenning. Halvdan var arg og harm. Helge hadde sin beste Moro. Han talde upp so mange Krunur, han var skuldug han Halvdan og flidde han, so andløgd, at han snaudt var god til halda seg.

 

Halvdan var gruvelegt sint og so raud i Andlitet som ein Hanakamb, og lagde i med Eid etter Eid, at dette var for lite Mynt. Helge hadde, Dægeren ta, voret slik ein uhorveleg Storetar, at meir laut han betala, ”for elles tapar eg jagu Pengar paa det, og det hev eg ikkje Raad til”.

 

Eg veit ei liti Gjente,

ja eg kjenner ho so væl,

eg veit ei liti Gjente, som hev Pengar,

med raude Kinner, Augo blaa,

med fine Hender, Føter smaa,

eg veit ei liti Gjente, som hev Pengar,

 

skravlad Helge høgt, reint krokutt av Laatt.

 

Reis til Bloksberg med deg; vil du gaa og det fort!” stotad Halvdan i dydig Harme. Han hadde i fleire Aar ikkje gløymt seg sjølv soleis som i dag.

 

Og Helge tok Hatten, sette han paa Hovudet og gjekk – glad yver den framifraa Moroen, han hadde havt.

 

Med det same han gjekk gjenom Døri, var Halvdan brennande snar, so svint som ein Elding, og hukkad Hatten.

 

Ba-a, bra-a, Hurra!” sutad Helge, reint drukken av Glede. ”Du fekk ikkje Floshatten, du; du tok imist. He hi, hi!”

 

No vart han var eit Kvinnfolk, som stod i Gangen bak Døri og gøymde seg. Han tottest høyra, ho greet. Det var Aasa.

 

Helge totte, han var overs heppen. Han flaug ut som ein Ekorn og kom, hattalaus, sendande, med eit Byks innpaa Golvet hans Sigurd. Og so til aa fortelja, og dei til aa læ baae tvo, so det var mykje aa sjaa. Dei lo so lognt og innerlegt, at dei laut leggja seg nedyver Bordkanten, og Taare etter Taare kom trillande nedetter Andliti.

 

Daa Helge endeleg hadde nokonlunde fenget fortalt, koss alt var gjenget, og Laatten var sluttad, sat Sigurd og togg paa Skraai so trivslegt og trottugt, at det brunfargad Sputtet rann ned Munnvikarne. Henderne hadde han i Brokalummurne og sat elles og skok og vaggad seg, rett som det var. Slik var han aldri, utan naar han var i sitt beste Laat.

 

Skraai sputtad han ut og sa læande:

 

Jamen lyt eg segja, du var Kar no. Øh, ho, hi, ho-heia!... Du, han som trudde, han skulde ha fenget stela den nye , kostesame Floshatten din... Undrast paa, kva han sa’, naar han vart vis med Mistaket. Det var, mi Sæl, tri Hol i Hatten, du. Og so var han tilklint med Tjøre og Maaling og Linolje og Fiskareist og andre gode Ting. Hi hi! Du fekk han so fint til aa klæ taa seg no, at han er ferdug fraa Aasa. Kjem han endaa att, bed ho han berre reisa heim og koka Humlur. Naar denne Soga kjem ut, vert han berre til Spe. Eg tenkjer, at jamvæl Bønafolket vil ikkje vita av han lenger. Eg lyt faa takka deg!”

 

Og ganske rett: Det vart Titeville av.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum