Hr. Alf Baartvedt,

 

som, ikkje rettare eg veit, er Prestmann i den norske Statskyrkja, hev i Fedraheimen  No. 43 skrivet eit Motmæle mot Arne Garborgs Utgreiding um ”Bondekulturen” – eit Motmæle so ukjærlegt og so fullt av Juristeri, at eg tykkjer, ein maa leggja imot att.

 

Det er paa ei Vis nokso forvitnelegt aa leggja Merkje til hans Syn paa den nyare Bokheimen og paa Arbeidet av vaare store Diktarar.

 

Etter mi Meining og etter den Bondekultur, som eg er komen til, og som skal vera eit laagare Stig i Kultur, so er Oftedal og Jakob Sverdrup mykje meir til Bate for det norske Folks Utvikling i det, som er sant og godt enn alle sonemnde ”vaare” Diktarar”.

 

- Det er forvitnelegt, dette, det skal ikkje negtast. Det visar for det fyrste, at Hr. Baartvedt er med i den store Flokken, som ikkje forstend, at Moralen hev den Uppgaava aa gjera Mannelivet so riktog vent som mogelegt, og soleis kann bruka i si Tenest ogso den norske Notidsdiktning, den eg tenkjer, at alle, som kjenner den, er einige um aa segja er ganske annleis dugande til aa gjera Mannelivet rikt og vent, enn t. D. ein Oftedals ævelege Preiking. Og for det andre visar Stykkjet hans Baartvedt, at han stend som den framande for Bokheimen, at han hev ikkje fylgt med, og at han altso er ein av dei, som simpelthen slett ikkje kanndøma um dei norske Diktarar og den nyare Bokheim, men likevæl sutar¹) ut i høgan Sky.

 

Men dette er so daglegdagse Ting, at eg skal ikkje stansa vidare ved det. Daglegdags, segjer eg; for me er nok alle van med aa sjaa, at Dumba hev øydelagt Teologarne, so dei vert standande langt tilbake, der dei stend og pustar og ankar som andre astmasjuke Stakarar.

 

Det eg vil visa er, at Hr. Alf Baartvedt er svært nærskyld til visse Grunnlovstolkarar; meg hev han gjevet det Inntrykk, at han vilde vera ein Meistar i aa stella med juridiske Kranglesaker.

 

Naar Bonden talar, so kjem han med Talemaatar, untakan han gjeng med paa Diktarløn til Kielland”.

 

Hr. Prest Alf Baartvedt! Eg rettar det Spursmaal til Dykk: Naar hev Arne Garborg meint dette elder sagt noko slikt Galehusvas?

 

Vidare:

 

Du lyt til Europa Ola med det fyrste. Europa, segjer du, kor er det, er me ikkje i Europa? Nei ser du, det er ikkje so aa forstaa. Eg meiner, du lyt lesa Alexander Kielland og dei andre ”norske Diktarar, so kjem du til Europa, so er du ikkje noko so simpelt som Bonde, Husmann, Skomakar”.

 

Hr. Baartvedt, som er so norsk-norsk, at han ikkje vil godkjenna Bjørnson, Ibsen, Lie og Kielland som norske Diktarar, av di dei ikkje skriv Landsmaal, han hev naturlegvis leset Arne Garborgs ”Bondestudentar”. Det vilde vera spe aa tvila um det. Men dersom han hev leset ”Bondestudentar”, veit han ogso, at Garborg let Endre Storr segja um Bonden, at ”han skulde arbeida med Lyst! det er Tingen, med Lyst! Ja. Men det kann han ikkje, so lengje han er Villmann og hatar Arbeidet... og so lengje det aa vera Embættsmann, det aa liva trygt og godt og rolegt og uproduktivt er det høgste i Landet”. _ _”Eg vil drikka ei Skaal for den Bonden som _; for, at Bonden _og me alle i hop _maa faa so mykje Kultur, at me vert glade i aa arbeida... og at han, og me alle, maa læra aa forstaa, at den, som avlar ei Tunne Havre, er større enn den, som lagar ei medels Bok... at den, som fær tvo Straa til aa veksa der, som det fyrr berre vaks eit, _han er ein Vælgjærdsmann mot Ætti”. _

 

Hev ein leset dette aa likevæl gjeng stad og freistar faa Folk til aa tru um den Mann, som skreiv desse Ordi, at han meiner, det er simpelt aa vera Bonde, Husmann, Skomakar _er dette Forsøk i visse lite samelegs.

 

Med desse Prøvarne fær det idag vera nok.

 

Naa, 12te Juli 1886.

 

J. Maakestad.

 

 

¹) So stend der. Red.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum