Skyttarfesti i Dale.

 

Det var kring hundrad Mann, som møtte fram, Sogn- og Fjordingar. Men daa her er tvo Slag Fjordingar, fær eg melda, at det var mest berre Nordfjordingar. For dei er so vituge i Sunnfjord, ser du. Ein skikkeleg Sunnfjording vil kalla den Skytingi berre Narreværk. Ja, det kunde no vera, fekk dei altsaman for inkje – serleg Riflur. Det fær dei i ”Centralforeningen”, so det er vel difor, her er fire slike Lag, med Folkevepningi berre tri.- Men so er det denne Kongs-liten. Ja, hadde der ikkje voret Kongs-lit paa ”Sentralen”, hadde vonlegt dei fire Lagi ikkje voret til. For Kongshugen er sterk i Sunnfjord.

 

Det var morosamt dei Dagarne, me var i Dale, um det enn kunde ganga helder kvasst til stundom. For det er so rart med det. Der hev voret ein leid Pikk millom Sogn- og Fjordingar fyr. Dei vil baae vera dei gildaste, og daa gjeng det sjeldan godt. Ein kunde no tru, at slikt gamalt Skrap maatte kverva burt etter kvart i den nye Tid. Det kjem det no visst til aa gjera og, naar me fær vera meir saman. Det var heile tri Dagar, me var i lag i Dale. Me skaut, hadde Sendemannsmøte og Fest siste Kvelden.

 

Paa Festi var det hugnadsamast. Fyrst heldt Formannen, D. O. Bakke, ei Tale um Skyttarsaki og minte um, at det ikkje berre var for Premairne, me var saman og skulde kappskyta, men for aa øva oss til verja Heimen vaar. Etter Tala song nokre Gjentur Skyttarsongen av Bjørnson. For der var Gjentur, gjæve Gjentur. Dei hadde endaatil Hardingebunad paa seg. Ei hadde jamvæl skrivet tvo Stykkje i Fedraheimen. – Daa dei eingong hadde sunget ein av Wergeland, vilde ein av Skyttaranne minna oss um denne Mannen, som fyrst hardast arbeidde for Fridom, Likheit og Brorskap her i Landet. So ropad me Hurra for Henrik Wergeland.

 

Den, som kunde halda ei liti Tale. Seg eg berre var god til, tenkte eg. I so Fall eg skulde freista, fekk det vera litt um Maalet. Det var no helder ikkje so lite høvande. Eg kunde byrja so: I fagre Ord hev det voret mint um Henrik Wergeland og Arbeidet hans for det norske Folk. Eg vil berre nemna nokre Ord etter han, um dei kunde mana oss fram til Strid og Ofring for vaart norske Maal. Wergeland hadde dei klaaraste Syner um Framtidi her i Landet, og han saag, at skulde Nordmennerne rekkja noko fram i Kultur, maatte dei faa utvikla seg med sitt eiget Maal, difor sa han, at eit norsk Maal maatte ha vunnet Retten sin fyrr Aarhundradet var burte _ _ _

 

Det var ikkje so godt aa koma paa meir. Eg liksom tok etter Anden. Skulde eg no ikkje faa Ordi fram, men berre standa og stamma. Dei kunde kanskje læ aat meg. Eg tok meg for Skallen. Uf! – Eg var mest aat og sveittad _

 

Eg skal berre fortelja ei liti Skrøne”. Det var ein ny Talar, som tok soleis tilords. Jaja, tenkte eg, eg kann no kanskje freista seinare. Men so laut eg no lyda etter han, som fortalde Skrøna. Og den Skrøna var so meistarleg, at eg ikkje anna enn freistar fortelja henne i Fedraheimen. Skrønemakaren heitte Anders Hauge, ung Seminarist, og var Lærar paa Høgskulen i Sogndal ivetter. De fær orsaka, Godtfolk, um ikkje Ordelaget er nett det same. Ver so god:

 

Eg vil berre fortelja ei liti Skrøne. Det var ein Mann, som reiv paa Torv og Stein og ellest stelte med Garden sin. Det gjekk godt, so han hadde ei Utkome. Men so vart han liksom tusken av seg, tenkte, at kanskje kunde det vera betre aa tena hjaa andre. So reiste han daa og kom i Teneste hjaa ”fine” Folk. Aa ja, han totte no mest, at han ingi Naud hadde, og so vart han der lenger elder lengje. Paa Slutten kom han daa hug, at kanskje det var likso godt vera sin eigen Herre. Jau, so fekk han det paa seg, han vilde reisa, og so reiste han. Løni – ja, det var berre ein fin Bunad, det. Han reiste og kom heimatt. Ein god, lagleg Vadmaalsbunad hadde han liggjande. Men den totte han var for simpel no, han var vorten Storkar. Han byrjad arbeida. Men dei fine Klædi heldt ikkje ut, kann ein vita. Der gjekk Hol for Knei, Aalbogarne og kvar som helst. Ja, han fekk til aa bøta, men Bøter skulde der til. Han tok den gode gamle Vadmaalsbunaden og skar sund og tok til Bøter. Ein veit no sagte, kor det gjeng, naar gamalt og nytt Klæde kjem ihop soleis. So vart Lappebunaden kastat og Mannen kaupte seg ein god og fager Bunad av Vadmaal. Daa fyrst kjende han seg rett heimsleg att. _ Sameleis som det var med denne Mannen, sameleis var det og med det norske Folk. – (No skynad me alle, kvar Talaren vilde hen. Han fekk difor ei Fagning og Vællæte, so det berre knakad). – Det norske Folk miste Krafti si. Det gjekk liksom i Teneste hjaa eit anna. Det kom under Danmark. – Naar eit Folk vil herska og styra hitt, freistar det jamt aa tyna Maalet. For det veit, at kann Maalet verta tynt, so er det felles Samband i Folket burte. Danskarne kjende godt den Læra, og dei fekk sitt Maal inn i Landet vaart. Men daa so Folkeaandi vekte dei gamle Minni um, at Nordmennerne hadde voret sine eigne Herrar med Klem, daa vilde dei slutta den lange Tenesta, og ho var daa slutt. Men Løni? – Jau, det var no eit fint Maal, det. Dei hadde nok Maal sjølve og. Men det var ikkje dugande no, daa dei hadde fenget Smaken paa det ”fine”. Ja, so byrjad dei aa bruka det. Au – au! – Der gjekk Hol. Store Hol! For, ser de, det kunde ikkje høva millom Nutarne vaare, daa eit friskt heimslegt Liv tok til aa røra seg. Kva var so aa gjera? Jau, her maatte bøtast, og so bøtte dei. Diktaranne gjekk fyre. Dei tok norsk og bøtte paa Dansken med. Bøtte slik, at dei laut setja det ned under, kva kvar Bot skulde tyda. Men det heldt ikkje korso. Rett ein heimsleg Bunad vart teken av mange, og han held no paa og festa seg etter kvart”.

 

Soleis paalag var Tala. Me klappad i Henderne og sat som kitad allesaman. Eg gaadde nokre fine Damur. Ei av dei klappad med sine vesle kvite Hender. Ei onnor skubbad i henne litt. ”Klappar du?” kviskrad ho. – ”Ja”, sa hi og smilte, og so klappad dei baae. Me ropad Hurra for Maalet vaart. Det tor eg segja, var det sterkaste den Kvelden.

 

Det er morosamt vera Maalmann paa slik Maate, naar Saki fær slik Fagning, tenkte eg. No er det kanskje best aa nøyta seg, medan her er slik Vind i Segli. Eg stod godsnakka. – Du hev vel høyrt gjete det vesle Maalbladet Nora? – Ja. – Eg hev med meg nokre Stykkje av fyrre Aargangen. 148 Sidur konstar berre 60 Øre. Kunde du kjøpa denne Boki og so tinga Nora for iaar, var det svært kjert. No hev Styraren lovt aa gjeva ut eit Jolehefte paa 3 Ark, kann det verta 500 Tingarar til Hausten. So mange Maalmenn, som me no er, maatte me lata Maalbladi vaare liva. – Ja, men eg fær lesa det lell. – Aaja, det kann vera. Eg gjekk til ein an’. Han heldt Fedraheimen, so der var ingi Raad. Tvo-tri hadde for lite Pengar med seg, men skulde sjaa seinare. Berre ein leet upp Pungen. Eg smilte. Kr. 1.60 kjem væl med for vesle Nora.

 

 

Mons Litlere.

 

 


Frå Fedraheimen 07.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum