[Tidender.] Fraa Nordamerika.

 

I Nordamerika er det tri Folkehøgskular. Den fyrste av desse vart grunna i Elk Horn i Jowa Aaret 1878. Den hev namnet ”Leiv Eirikssons Minde” etter den fyrste Nordbuen, som sette Foten sin paa amerikansk Jordbot’n, Islendaren Leiv Eiriksson.

 

Dette Namnet totte mange Danskar svert lite um, ja vart sinnad paa det radt. For – meinte dei – Namnet var norsk, og Skulen fekk Studnad især av Danskar.

 

Um dette kom der upp ein noko hug-sam Kamp, og i denne fekk Uvenerne av Skulen Tilhøve til aa skjota ut mange Slags Vaapn.

 

Med dei gjekk og eit Blad Den danske Pioneer. Dette Bladet vilde riva ned Skulen radt.

 

Men so fekk Skulen i Gang eit nyt Blad Dannevirke, som tok Kampen upp med Pioneeren, til dess dette sistnemnde Bladet tapad fleire hundrad Tingarar for den Raaskapen og vyrdlause Maaten, som den hadde faret fram med, medan Dannevirke  kom seg og Skulen sameleis.

 

Daa tvo Aar var gjengne, vart Skulen yverletet til den danske evangeliske Kyrkja i Amerika, som framleides eig han.

 

Der hev voret tenkt paa, at eit Presteseminar skulde knytast til denne Skulen.

  

Den andre Folkehøgskulen i Amerika vart grunnat i Ashland i Michigan, og den tridje i Polk County i Wisconsin.

 

Naar Lærlingarne hev samlat seg paa desse Skularne, er dei komne langveges ifraa, lengre enn som hender ved Folkehøgskularne vaare. Her tykkjer mange, det mest er formykje aa lata reisa nokre faae Mil. Men i Amerika er det so langt millom, der Lærlingar kjem fraa, og til Skulen som fraa Finland, Rusland, Tyskland, Frankrik o. s. b. og korso er især Folkehøgskulen i Elk Horn godt søkt. Den tridje Skulen hev havt minder god Søknad som vist kjem seg mest derav, at den ligg avsides og langt fraa Jarnveg.

 

(Folkehøiskoleblad).

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum