[Tidender.]

 

Kristiania, den 27de August.

 

Norsk i Kyrkja. Paa Maalkurset i Seljord vart det haldet eit Ordskifte um korleis ein skal fremja Maalsaki, og det vart samrøystes gjort eit sovoret Vedtak:

 

Til Kyrkjedepartementet!

 

Lat oss faa ”Nokre Salmar” godkjende til Kyrkjebruk.

 

50-60 Menneskje var til Stades.

 

Dei andre Maalskularne bør og gjera slike Vedtak og senda inn til Departementet, so kann det ikkje verta so lenge, fyrr me fær denne Saki greidt. Di fleire Uppmaningar det kjem inn, di likare er det.

 

 

Maalskulen paa Vonheim  hev i Sumar havt 50-60 faste Elevar og desutan likso mange, som hev voret der kortare Tid. Millom Elevarne hev det voret 4 Prestar og 40 teologiske Studentar. Av Kvendi kann m. a. nemnast ei Dotter av Statsraad Haugland. (Etter Husm.).

 

 

Maalmannnen, kand. teol. Erik O. Bruhjell, er utnemd til Stiftskapellan i Trumsøy.

 

 

Aust-Agders Lærarsamlag hev haldet Aarsmøte i Arendal. Paalag 50 var med. M. a. hadde dei fyre seg um ei Lesebok for Folkeskulen, innleidat av Fossestøl. Det vart eit varmt Ordskifte um dette. Det sluttad med eit Framlegg som vart vedteket med 25 mot 20 R. Framlegget, som var forfattat av A. Hanssen, lydde soleis:

 

En Læsebog for Folkeskolen bør foruden Eventyr, Sagn o. l., ogso indeholde Fortællinger og Skildringer af naturhistorisk og og historisk Indhold, samt andre Fortællinger fra det virkelige Liv, ligesom omtrent halvparten af Indholdet bør være paa norsk.

 

Millom dei, som røystad mot Framlegget, var det nokre, som vilde røysta for fyrste Delen, men maatte røysta imot heile for siste Delen si Skuld.

 

 

Fyrst Aleksander av Bulgarien  hev nyleg vortet fengslad og førd ut av Landet. Dei veit ikkje vist kor, men trur det maa vera til Rusland. Det skal vera Rusland og Austrike, som hev faret so skamlaust fram. Det finst inkje gale han hev gjort. Einaste er, at han hev voret ein Fridomsmann og freistad paa aa gjera Bulgarien til eit fritt Land. Han var elskad av Folket, som saag upp til han som til ein Far. Korvidt det gjeng i Lengdi dette, er tvilsomt, daa Folket hev gjort Uppreist og krev han attende. Det vilde vera ei Skam for heile Europa, um dette Fantestykket lukkast. – Det er sanneleg paa Tide no, at Folk avkastar all denne Lygni med Fyrstar av Guds Naade o. s. b. og sjølv tek Makti. Verdi hev so lenge voret styrat av einskilde Menn, at det var paa Tide, det vart slutt paa det no.

 

 

Ein Mann spurde i eit dansk Blad um det gjekk an aa kalla ein Hund Estrup, naar det ikkje var ein Svinehund. Bladstyre meinte, at det ikkje var noko til Hinder for det, anten det var ”Svinehund” elder anna Slag. No hev Estrup saksøkt Bladstyret. Det vert morosamt aa sjaa, korleis det gjeng.

 

 

Daude av Svolt. I London og Smaabyarne ikring hev det døydt 37 Menneskje av Svolt siste Aar.

 

 

Pall Mall Gazette”  fortel, at ein Mann hev arbeidt i hop ei Liste yver dei Monarker, som er døydde paa ein elder annan stygg Maate. Etter denne hev Verdi havt 2550 Kongar og Keisarar, som hev styrat 74 Folkeslag. Av desse hev 300 vortet avsette, 64 tvingat aa gaa av, 28 hev drept seg sjølv, 23 hev vortet galne; 100 er fallne i Krig, 123 fangat av Fienden, 28 pint ihel, 151 snikmyrdat og 108 hev vortet rettat. (Berg. Tid.)

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum