Ein Selle.

 

(Del 28 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 53).

 

Daa det er so sjeldan, at Presten er her, so gjer han det til Gagns dei Vendurne, som er. Det er Messe baade Sundag og Maandag og elles alt Slag radt ifraa Døyping til Jordpaakasting. Og Folk held seg paa Gardarne kringum Kyrkja fraa den eine Dagen til den andre, og det er Uppgjering paa all Slag Rekneskap, Handel og Trættur og alt sovoret. Og det kjem daa fram til Bygdi Folk, ifraa dei inste Avkrokarne langt nordi Heidarne, som ein elles ikkje veit er til ein Gong, Kallar og Kjellur, furdelege og fæle, gamle som alle Haugar med didrande Fot og vavrande Mæle.

 

Um Kvelden imillom samlast daa sume til Bøn, sume til Dans og Leik og sume til Drykk og Dragsmaal.

 

Her er ein Stad, som heiter Leikvollen, her hev det voret ein Samlingsplass for Ungdomen ifraa urgamle Tider, det er ingen annan som eig den Vollen. Og her hev dei daa og brukat aa halda til slike Kveldar. Men fyrre Aaret hadde Presten komet og jagat dei, i fjor stod difor Leikvollen tom, og iaar var dei og tenkte paa aa fara ein annan stad. ”Nei det skal De ikkje gjera”, sagde eg, ”det er De, som er Eignarmannen til denne Flekken, Presten hev ikkje eit Ord aa segja her han”. Og so vart det til det, at me gav oss til paa Leikvollen i Ro og Fred som i gamle Dagar. Bønefolket heldt til i ei stor Stoge uppi Grendi.

 

Daa det leid paa litt og Dansen væl var komen i Gang, saag me det kom Folk ut ifraa der det var Bønemøte, Feleljomen hadde nok lokkat dei ut, og det bar nedgjenom Vegen med Presten i Fyrespissen, og det var ikkje lenge, fyrr me høyrde Salmesong imillom Feletonarne vaare. Snart kom dei stigande inn paa Leikvollen og song ”Hvo ved, hvor nær mig er min Ende”, berre so det skral. ”Der kjem det Likferd”, sagde eg til Spilemannen, ”det er best du tukkar litevetta paa deg, sovidt dei slepp fram”. Daa dei hadde sunget Salmen ut, steig Presten fram og tok iveg med store Ord um Verdens Lyst og Daarlighed, men etvar fornødent, og det saag ut til, at han vilde gjera ein lang Tale paa standande Flekken, og det hadde han visst gjort og, hadde ikkje eg teket Ordet ifraa han. ”Bid litt du gode Prest”, sagde eg, ”no er me komne saman her for aa hava Leik og Moro og ikkje for aa lyda paa Liktalarne dine. No hev du trøytt oss i tri lange Timar fyrr i dag, og imorgo skal du taka til att, og likevæl vil du ikkje unna oss Kvelden fri, men kjem og vil plaaga oss no og. Men du skal vita det Prest, at det er me Ungdomarne og ikkje du, som raar denne Vollen; so hev det voret fraa ævordsleg Tid, og so meiner eg, det skal verta heretter og. Kva vilde du segja, um me kom inn i Kyrkja aat deg og tok til aa spila og dansa? Daa vilde du væl jaga oss ut, tenkjer eg. Og det gjorde du Rett i. Sameleis gjorde me berre det, som me hadde Rett til, um me tok og jagad deg burt, for no er det andre Gongen, at du kjem inn paa vaare Eigneluter. Men paa det, at deg skal sannast, at det er den vise, som vægjer, so skal me vikja for deg. Men det vaagar eg meg til aa spaa, at skulde slikt henda tridje Gongen, so kjem ikkje du heilskapad ifraa det”.

 

Endskapen vart daa den, at me drog oss undan, daa dei hine tok til aa syngja so grøteleg um denne Jordens Jammerdal.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum