Tekslehøgge¹).

 

Hev du vore paa Tekslehøgg,

som ragar høgt i sky?

um inkje, ja, so maa du snøgg

der upp paa Tinden fly.

  

Drag du ditupp min vetle Gut

aa vetle Gjenta fin,

so ska du faa ein liten Lut

av Fjell-luft i deg inn.

 

Det er eit Mas, eit Stræv, eit Slit

aa koma heilt der upp;

men er du ogso komen dit,

so sett du i eit Rop.

Ein Færdasong du ljomar ut

med Tonen mjuk aa rein;

daa er du komen paa ein Nut,

som er ein gasta Stein.

Du ser i nord, du ser i sud,

du ser i aust aa vest,

du skodar mesta upp te Gud

aa kjenner deg som bedst.

 

 

I nord du skodar Tind aa Topp

- som Taarn aa Spir dei staar –

dei ragar fulla høgt nokk upp

aa mest te Himmeln naar.

 

Den eine som eit Nebb du ser,

den andre som ei Klo,

dei trassa hev baae’ Storm aa Vær

aa Regn aa Slut aa Snjo.

 

Aa like kvasse standa dei

med grøne Bjørk ved Rot,

med risland’ Bekkjer yver Hei

fraa Topp aa ratt te Fot.

 

I sud ein finn eit gasta Glup,

det Numedalnokk er;

du bratte Lider, høge Stup

paa baade Sidur ser.

 

I vest du skodar og ein Rygg

med kvite Snø te Hatt;

Blehan kallast denne Stygg

- eg nemner Namnet ratt.

 

Men so i aust, kva finn du der?

aa jau, ei jupe Kluft;

det væne Sigdalhev ein her,

ei gamal Fædratuft.

  

Her du heve heile Lista

paa det, ein her kann sjaa,

tak difor med deg Heime-nista,

naar du ska paa ”Høgge” gaa.

Men so eit lite Vers te Slutt

um Tekslehøgge sjølv;

paa Toppen ligg ein liten Putt,

ja, og eit Dansegølv.

 

Av Stein ho er den Dansetraak,

slits soleis aldri ut;

her det haldast mangt eit Braak

av Kvende, Møy aa Gut.

 

I vest det stupar ende ned

rett som ein Stuguvægg;

her ”Teksleknut” med lette Fjed

gjekk bert med Træskolægg.

 

Ho ”Bergit” med sin Bøling og

gjekk her aa bandt paa Sokk;

ho var no slik ei lange Draag,

som med seg sjav hev nokk.

 

Han Knut tok hennar ikring Liv

aa gav paa seg eit Sving,

so Bergit utyv’ Fjellet sviv

aa fær so rundt i Ring.

 

Men Knut hev teket Gasta-tak

aa helt som Tongi fast;

han stend der like høg aa rak

aa snur ikring i Hast.

 

Ho Bergit bleiknar, raudnar, skrik

aa be’r Gud trøyste seg;

men snart ho stend paa Fjellet slik

som ho var før – so fjøg.

 

No hadd’ ho fengje seg ein Tur,

ein lystig Luftseilads,

men Knuten maatte ha’ ein Kur

for slik ein grove Spas.

 

Men so er sagt, at Knut, den Fant!

hadd’ Hæl paa faste Fjell;

men Fot utyver Bergekant

stod som ein Laavehjell.

Gjer etter det, du friske Gut,

som Staal i Armen hev!

so vil du likne gamle Knut

aa bli ein Mann so gjæv.

 

Tak difor med deg Møy derupp,

naar du vil stad aa sjaa,

so vil du bli ein Fjellmann glup

aa ikkje heimatt traa.

Eit Ord enno eg segja vil

te baade Møy aa Gut:

naar du vil hava ei god Kvild,

drag upp paa denne Nut!

 

 

Hermod.

 

 

¹) Ein høg Fjellnute i Lyngdal, Numedal.

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum