Teologisk og nasjonalt Formyndarskap.

 

Me heitest aa vera eit fritt Folk. Det er det berre ein Tridjedel Sanning i.

 

Me hev naadd fram til politisk Fridom. Men ikkje heilt der helder, dersom det er Folket, som ein skal kalla fritt. Husmenn og Arbeidarar og Kvinnur høyrer ogso med til Folket, men dei er inkje politisk frie, daa dei ingenting hev aa segja og soleis inkje kann taka Tak i med og verka noko paa vaar Politikk. Fyrst naar dei fær same Rett som me andre til aa røysta, daa kann dei ogso reiknast med til det frie Folk.

 

Men religiøs  Fridomhev me inkje aa reikna for nokon. Ja me toler, at Folk skriv seg ut or Statskyrkja paa ei Vis, men dei som gjer det, dei tapar noko. Dei vert daa inkje reikna jamt i alt med oss andre, som stend i Statskyrkja. Dei skattar til Staten. Men Staten gjev dei inkje noko att til deira Gudstenest og Skular. Til all Lukke var Grunnlovsgjevaranne so frilynde, at dei inkje tok Røysteretten og den politiske Valretten og Retten til aa veljast fraa dei. Ellest hadde me no fengje den Ting ogso aa kjempa um.

 

Men inne i Statskyrkja er liten Fridom. Ein maa inkje tenkja fritt – ja Tankar er tollfrie, heiter det. Men Tankefridom i den Meining, det hev no Folk allestads under den verste Aandstrældom – tenkja fritt i den Meining kann ingen forbjoda, anten det so er i Russland, Kina elder Pavekyrkja. Det er inkje Tankefridom det. Tankefridom er ingenting, er der ikkje fritt for aa tala og skriva. Er Talen stengd, so er Tanken det ogso, for Talen er Tankens Likam og Liv.

 

Liksom eg er fri i Politikk, naar eg umeinka kann tala ut og verka for mi eigi sjølvtenkte Meining, so er eg religiøs fri, naar eg kann gjera nett det same der. Men der heiter det, at eg maa tru og tala som Prestarne, som Teologien, eg maa inkje tenkja sjølv – jau naar eg berre kjem til same Endelykti, daa maa eg tenkja fritt – men gjer eg inkje det, daa er det galet, daa er eg med ein Gong utskilt som skabbat. Det heiter so: Du maa tenkja fritt, men du maa inkje koma til noko anna Utslag enn det, me hev komet til, uttast du paa ein elder annan Maate skal lida for det.

 

I Politikken tolest det, at ein trur som Høgre, som Jaabæk, som Oftedal. Ein kann vera Lærar, Prest, Embættsmann og alt anna anten ein er Vetomann, Sparemann, Parlamentarisk elder Fristatsmann. Ein er inkje for den Skuld utestengd fraa noko borgarlegt Gode, som ein ellest kann vera lagad til. Og dette er rart. For Politikken, den kann daa forsovidt skada noko den.

 

Men med det religiøse er det ikkje so. Me skadar ingen um me hev ei onnor Tru. Det vedkjem berre oss sjølve. Det var tenkjeleg, at ein der skulde vera meir tolsam endaa. Men nei. Der stend me under Formyndarskap: ”Du lyt tru som eg”, segjer Formyndaren, ”ellest vert du ulukkeleg. Difor maa du inkje tru anna, elder lære andre anna, enn eg segjer deg. Det er di eigi Lukke si Skuld me forbyd deg aa tru og lære anna. Gjer du det likevæl, so skal du lida for det. For du lyt faa kjenna det med det same, at det ikkje er Lukke i aa vika av fraa det me meiner, og so lyt du standa som ei Skræme for at andre inkje skal fara same Vegen”.

 

Skulde daa alle lata seg skræma av dette, so kom me sjølvsagt aldri til nokon onnor Meining enn den, som Teologarne hev. Men so er der likevæl dei, som hev so sterk Trong i seg til aa vera frie, at dei gjer det likevæl og gjeng viljugt inn paa aa lida det som fylgjer paa. Og di fleir det er som bryt med Formyndarskapen, di betre. For dette Formyndarstellet kjem inkje burt paa onnor Vis. Ja um ein inkje var so ueinig i Hovudsaki i den Læra, som ein er paalagd aa hava, so bør ein endaa mæle imot, høgmælt endaa i alt, som ein ikkje er einig i, og mæle fritt imot den Maaten aa taka det paa mot andre, som inkje er einig i mykje meir.

 

Eg tykkjer difor ikkje, at det er noko aa krossa seg for, um t. D. Ullmann so kvasst og høgt berjar paa og heirar av Teologia. Det er nettupp noko, som lyt til for Fridomen si Skuld, for at me ogso paa den Leid kann verta eit fritt Folk. Ullmann er i Grunnen ikkje so ueinig i den gjængse teologiske Læra. Men han gjer seg ueinig med ho solangt han kann, og tek kvassare i, enn det strengt teket trengst nettupp for aa gjera Ende paa denne Husmanns-Ræddsla, som sit i oss og som Teologarne hev ala oss upp i for aa styra oss av med aa tala ut vaare Sermeiningar i religiøse Saker. Ullmann kjem ikkje til aa njota mang søte Retter for dette. Det vert sjølvsagt no i Fyrstningi eit fælt Skraal um Kjettarskapen hans. Men det vert berre no fraa Fyrsto. Men han gjer so mykje godt, ikkje so mykje for Læra sjølv, men for den religiøse Fridom og Sjøvlstende si Skuld, at Folket kanskje um ikkje so rett lang Tid vil skyna paa det, og takka honom for det.

 

Eg veit, at mange, mange, Bønder ikkje minst, sit og brenn med mangt i Hugen aa faa sagt um Kyrkjestellet, Teologia, og anna, som heng i hop med dette. Men dei bit det i seg og tiger, fordi me hev fengjet den Trælevanen i oss aa tiga. Men di fleir det er, som opet og høgt hevdar si eigi Meining, dess fyrr vinn me oss fram til aa vera eit fritt Folk og inkje berre det, eit sjøvlstendigt Folk ogso, religiøst.

 

Teologarne sit som vaar Herre i det religiøse. Me heve rent som ein Saudflokk etter dei, og so hev me jamvel gjort det so, at me lyt til dei for aa faa ein Attest for, at me kann tala rett, fyr me torer ganga ut aa tala religiøst for andre. Dette er fælt for ein fri Mann. Tenk um me skulde hava det so i Politikken, at me lyt faa oss ei Attest av Styret for, at me hadde den rette politiske Meining, fyrr me torde tala ut paa Folkemøti! Det skulde vera politisk Fridom det! Men so er me i religiøse Ting, trass i det at H. N. Hauge hev synt oss Vegen, den han sjølv braut.

 

Her i Noreg hev det aldri voret nokon, som heilt og sterkt hev hevda ei sermerkt religiøs Meining. Me hev livt paa Laan. Derav kjem det visst og mykje, at me stend som me stend. Me trur anten det, som er tenkt av tyske Tenkjarar og Teologar (pietistiske og høgkyrkjelege) elder av engelske (puritansk og skotsk), elder no av danske (Kierkegaard og Grundtvig). Derav kjem det og mykje, at me er so usjøvlstendige og ufrie. Me hev ingi norskTeologi. Og den fær me inkje, fyrr me fær brjota med det, som me hev laant fraa det andre Europa. For aa faa noko skote fram av den norske Folkehugen, so lyt me fyrst faa fritt for aa tala ut. Difor gjerd dei ei stor Gjerning, som tek seg den Fridomen; dei rydjer og lagar Vegen til. – Det, som ligg oss nærast av alt det laante, er vel Grundtvig og Kirkegaard. Men laant er laant. Alt kann sjølvsagt hava si Nytte. Det er ein annan Ting. Men det, som i Sanning skal vera vaare Meiningar, kann fyrst koma fram, naar me alle fær Lov til aa tenkja sjølve ut av vaart eiget Liv, vaar eigi Røynsle, vaar eigen Hug og Tenkning.

 

Me maa ikkje lata oss skræme av det, at dei, som her gjer det lite lønande Arbeid aa brjota Vegen til Tale- og Tankefridom, kanskje sjølve hev Meiningar, som me no ikkje tykkjest um. Me er so lagad, at alt det, som støyter imot det, me er uppvande med, det tykkjer me er galet. Um det kom ein med aldri so sjølvstenduge Meiningar, aldri so høvelege, so vilde dei ogso tykkjast oss galne, fordi dei var annleis lagad enn dei, me er vande med. Me maa ikkje skræmast av det. Hovudsaki er, at me kann koma ut av Tankeløysa og inn til Fridomen.

 

- Enno ein Ting lyt me faa for aa vera eit fritt  Folk heilt og haldet og det er norsk Maal.

 

Der liver me paa Laan. Me ser inkje enno, kor fælt dette er, at me brukar eit laant Maal. Me hev Trælevanen i oss. Men me skal nok faa sjaa det. Det er noko eit kvart tenkjande Menneskje lyt skyna, at skal me standa som heilt nasjonalt fritt Folk, so lyt vaart eiget Maal til Høgbords. Embætsmenn og Bytalande hev ei forfælande Magt yver dette Smaafolket og ein stor Fyremun i det, at dei fær halda uppe eit Maal til Bruk for oss alle, men som berre dei er heilt Herrar i, fordi det er deira Tale- og Morsmaal. Difor var det eit svært so gildt Framtak det Stortinget gjorde, at det gav oss Fridom til paa alle Leider aa bruka vaart eiget Maal.

 

Men so innbarkad er Træletanken i oss, at her finst ei heil Mengd Bønder og andre, som er imot dette, som inkje bryr seg um aa stydje Framsteget i dette. Alt so kjem det av Vanen og det, som er det verste: av Trælevanen. – Dei meiner: Nei det kann daa inkje vera rett aa skrive eit Brevskap, eit Skjøte, eit Bevis, ei Stemning, ei Bokførsle o. a. sl. so uvaadt, ein lyt daa ganga til Lensmannen, til Sakføraren elder ein annan klok Kar, som kann setja det upp i den fine, vande, kloke Embætsstilen, so det kann verta fullgildt, sjølv um det er so uppsett, at eg sjølv inkje greidt kann tyda det. So segjer den gamle Trælevanen.

 

Nei lat oss læra oss upp aa bruka vaart eiget, faa det inn i alle vaare Skular, temja oss upp fraa me er smaa, so skal dei nok sjaa det hjelper oss upp til aa verta frie sjølvstenduge Menn; eit nasjonalt fritt Folk.

 

Altso: Fridom i Politikk, i Trudomssaker og i Maalvegen. Fyrst daa kann me heite eit fritt Folk, fullfritt, heilt fritt.

 

Ein Bonde.

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum