William Ewart Gladstone.

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)


(Slutt fraa No. 53).

 

Imidlertid kom Bakstrevet. Det gjekk her som det altid gjeng: Bakstrev etter Framstig.

 

Folk totte, det gjekk for fort. Alle desse Reformar, som kom Slag i Slag, gjorde dei rædde.

 

Gladstone sjølv stod like rak og ferdug aa gaa iveg med nye Reformar. Men Bakstrevet var for sterkt.

 

Daa han i 1873 vilde vøla litt paa Tilstandet ved Allskualrne i Irland, laag han under ved Valet. Motparten fekk 3 Røyster yver Halvparten; men endaa han var samanset av konservative, radikale og mishugad liberale, so saag Gladstone, at han laut gaa av. Han vilde gaa med det same, men Disraelli negtad aa dana Ministerium enno. So uppløyste han Parlamentet (Jan. 74) for aa faa Greide paa Stellingi. Høgre sigrad og daa tok Disraelli Roret.

 

 

Gladstone var trøytt no. Han var mest hugat paa aa draga seg attende fraa Politiken. Venerne hans gjorde det, dei kunne, for aa hindra han i dette, men han gav seg ikkje. Dei maatte taka Lord Hartington til Førar i Underhuset i Staden for Gladstone. Han forstod, at det gjekk ikkje so snøgt aa venda Straumen. Han skulde nok taka i, naar det vart Høve til det.

 

 

I 1878 byrjad Krigen millom Rusland og Tyrkiet. Han øste upp heile Europa, og det var nærpaa, at Disraelli hadde fenget England indviklat i han. No tok Gladstone i att. Han heldt med dei underkuad Folki paa Balkanhalvøyi og vilde ikkje, at England skulde hjelpa Tyrken. Han foor Landet rundt og heldt Talar mot Disraelli. Men han tok imist. Engelskmennerne er altfor hugat aa blanda seg upp i andre sin Strid, til at dei vilde gjeva seg her. Dei heldt med Disraelli. Daa han kom heim fraa Kongressen i Berlin hyldad mest halve London han. Gladstone var dei so sinnad paa, at dei kastad Stein gjenom Vindaugo hans.

 

Men Straumen var ved aa snu seg. Folket vart leid av den ævelege Striden utanfor Landet, og lengtat etter Ro, so dei kunne faa sjaa paa Tilstandet heime.

 

1879 foor Gladstone paa Folkemøter att. No vann han. Parlamentet vart uppløyst i 1880 og ved dei nye Val fekk han 50 Røyster meir enn Motparten. Dronningi valde fyrst Granville og sidan Hartington til aa dana ny Regjering. Men det gjekk ikkje. So maatte Gladstone til, og daa gjekk det i ein Fart.

 

Dette nye Ministeriet Gladstone fekk ikkje Høve til aa gjera so mykje som det fyrre. Dei største Reformar var den irske Landakt og Utvidingi av Røysteretten. Men Folket hadde ventat meir av han. Dette var visseleg Grunnen til at han maatte gaa av Sumaren 1885.

 

 

Men alt i Slutten av 85 maatte Salisbury gaa av og Gladstone kom att.

 

 

III.

 

Gladstone og Irland.

 

Irland hev i heile dette Aarhundrad valdet England mykje Bry. Og det er ikkje anna ventande. Naar eit Folk vert kuat og trælkat som Irarne hev vortet det av Engelskmennerne, so maa det vera onnorleis enn Folk flest, um det ikkje gjer Motstand. Det hev voret eit undarlegt Stell derburte i lang Tid. Engelskmennerne hev fullt og fasst trutt, at Irarne var eit laagare Folkeslag, som det berre galdt um aa trælka og bruka somykje som mogelegt. Rike Lordar eig meste og beste Jordi i Irland. Sjølv liver dei høgt og gjævt i Paris elder London, og so maa det stakkars Folket arbeida for aa skaffa dei Pengar aa øydeleggja. Det er knapt nok, dei fær so mykje Mat, at dei ikkje svelt ihel og Husrom er det no ikkje talande um. Fær dei seg ei Jordhytta aa bu i, so fær dei vera glade til.

 

I Slutten av Disraelli si Regjering vart Naudi overlag stor i Irland. Mord og Brand høyrde ein um daglegt og Forhaldet millom Godseigaranne og Bønderne vart verre og verre. Paa den Tid skipad dei i Irland Landsamlaget (the landligue), som hadde til Fyremaal aa stydja Bønderne mot Godseigaranne og arbeida for aa gjera Bønderne til Sjølveigarar. Irlands Jord for Irarne var Programmet.

 

Nettupp daa fekk Irarne ein dugande Førar i Parnell. Han er sjølv Godseigar og ættat fraa England. Ingen hev som han kjempat for Irarne sin Rett. Han og Flokken hans i Parlamentet hev støtt stadet nær Landssamlaget, men hev gjenget enno vidare. Han hev framsett Fordring paa Sjølvstyre (Home-Rule) for Irland, soleis at Landet fær eiget Parlament og Regjering, men hev same Fyrste, Utanrikspolitik, Forsvar-, Toll- og Pengegreidur som England.

 

Kvar ein maa kunne sjaa, at dette er den einaste Maaten, Striden millom England og Irland kann løysast paa. Engelskmennerne vert aldri anna enn framande i Irland. Det gjeng ikkje aa smelta dei i hop til eit. Det er altfor mykje Skilnad millom dei baade i Tru, Livsforhald og Sogeminnur til det. Fær dei noko godt fraa England, so tek dei mot det, men utan aa takka. Det er ikkje meir enn, kva England skuldar dei, De vil ikkje beda nokon engelsk Minister um Reformar. Dei forlanger aa faa reformera sjølv, Irland skal ikkje verta styrat fraa England, men fraa Irland. Irland for Irarne – det er Maalet, og fyrr det kjem, gjev dei seg ikkje.

 

I 1880 vart det Uaar i Irland. Naudi vart so stor, at Bønderne ikkje kunne betala Avgifturne paa Jordi, og vart kastat ut fraa Hus og Heim av Godseigaranne. Det irske Partiet fodrad no, at det maatte gjerast noko snart for aa faa i stand ei lengre Leigetid og strengare Lovar mot Godseigaranne.

 

Regjeringi kom med eit sovore Framlegg, Underhuset vedtok det, men det vart forkastat i Overhuset. Regjeringi hadde ikkje gjort noko for aa fremja det og etter at Lordarne hadde forkastat det, lot dei det liggja.

 

Men no vart Irarne sinnad. Dei trudde, at Regjeringi hadde narrat dei og difor reiste dei seg mot ho. Særleg var det Forster, Ministaren for Irland, det gjekk ut yver. Hungersnaudi hjelpte til, og no var det reint gale. Det var ikkje Dag, utan ein høyrde um Drap paa Godseigarar og andre, um Eldlaus elder Skade paa Fenaden aat mislikad Folk. Forster foor hardt fram mot dei, men det hjelpte ikkje. Parnell og andre vart stemnde for Domstolen for Talarne deira, men det var ikkje Raad med aa faa Dom paa dei. Parnell, ”den ukronad Kongen” av Irland, hadde meir Magt enn den engelske Regjeringi med dei 30,000 Soldatarne sine.

 

Tilstandet vart tilslutt so gale, at det vart naudturvelegt aa vera so streng som mogelegt. Ein ny Tvangslov vart ihopsett. Stathaldaren i Irland skulde hava Lov til aa fengsla alle, som han trudde var faarlege.

 

Irarne gjorde alt, dei kunne, for aa hindra Loven. Dei prøvde paa aa hala ut Tidi so langt som mogelegt. Eingong heldt dei paa i heile 40 Timar, so at Formannen vart nøydt aa slutta Møtet. Dagleg høyrde ein Skjeldsord og Hæding fraa Irarne, og dei vart ofte vist ut or Huset. Endeleg gjekk daa Framlegget gjenom og Landloven kom fyre. Denne fastsetter, at alle, som trur, dei hev for stor Avgift, kann klaga for ei Nemnd, som hev aa avgjera sovorne Saker. Denne skal daa fastsetja Avgifti paa 15 Aar, osb.

 

Irarne tok imot han utan Takk. Dei trudde Ministeriet hadde fenget han til berre for aa vinna Folket.

 

Medan Parlamentet var burte, foor Regjeringi hardt fram. Landssamlaget vart forbodet og Parnell og fleire med han sette fast. Dette gjorde berre vondt verre. I Irland kom det ut eit Upprop, som uppfordrat Folk til ikkje aa betala Avgifturne, og Mord og Drap vart meir aalmenne enn nokortid.

 

Gladstone saag imidlertid, at Motstandarne hadde Rett. I Februar 1882 talat han um, at Sjølvstyre for Irland var ikkje meiningslaust, berre ein kunne halda alle 3 Rike i hop.

 

Seinare viste det seg meir i Gjerd. I Mai vart dei irske Tingmenner sluppne ut av Fengslet og Forster gjekk ut or Regjeringi. Alt saag no godt og væl ut. Men so kom med ein Gong Tidenden um, at Lord Cavendish, den nye Stathaldaren, og ein annan høg Embættsmann var drepte i Fønixparken, Dublin (6te Mai 82). Parnell og Flokken hans erklærat straks, at dei ikkje hadde noko med dette, og at dei hadde ”Avsky” for det. Men det hjelpte ikkje. Endaa Engelskmenner trudde dei, so hadde dei no mist Hugen paa aa gjeva Irland Sjøvlstyre. Nye Tvangslovar kom ut og likeins vart det vart Uppstyr i Irland att. Gladstone freistad ender og Gong paa aa vøla litt paa Tilstandet. Men Irarne var sinnad paa han. I 1885 stellte Parnell og Flokken hans seg imot han og daa laut han gaa av.

 

Endeleg i 1886 hev Gladstone, kann ein segja, gjort Aalvor av aa arbeida for Sjøvlstyre for Irland. Valet gjekk han imot, men me kann vera visse paa, at det varar ikkje lenge, fyrr han sigrar att. Det Ministeriet som no raar i England, er visseleg berre midlertidig. Home-Rule Loven hev alt for mykje Studnad fraa alle dei beste og dugelegaste Politikarne i England til at han kann liggja under.

 

Gladstone er no 76 Aar gamall. I fjor var han her i Noreg og saag seg um. Han likad seg godt her. Han sagde, det var ein av dei gildaste Plassar, han hadde voret, og soframt det vart Høve til det, vilde han koma att.

 

I alle Land hev dei no Augo festat paa, korleis det vil gaa i Irland. Dei ventar ei Avgjerd paa den eldgamle Striden. Og dei er samde um, at den einaste Avgjerd, det kann vera Meining i, er Gladstone sitt Framlegg, det Framlegget, som vil bera Namnet hans ned til dei seinste Tidur. Likso visst som det er, at Home-Rule er den største Reformen i vaart Aarhundrad, likso visst er det, at hans Namn vil minnast lengre, enn nokon annan nolivande Statsmann sitt.

 

 


Frå Fedraheimen 28.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum