[Tidender.] Festen for Regjeringi

 

vart halden paa Garden Lore, Hole Prestegjeld i Ringerike, no Sundag var. Johan Sverdrup, Astrup, Jak. Sverdrup og eit Par andre møtte. Etter at dei hadde etet Middag, heldt N. Lomsdalen ein Tale for Regjeringi. Han takkad ho, av di ho vilde lydast innom til Bøndarne og høyra, kva dei hadde paa Hjarta. Serleg vilde han daa takka Johan Sverdrup.

 

Deretter heldt Statsministaren ein lang Tale, kori han utviklad Programmet aat Regjeringi. Han talad serlegt um Herstellet, som maatte vølast og um Jury. Forresten sagde han ”forligger der en hel Række af Lovforslag fra Regjeringens Side, hvoraf jeg for min Del ikkje kan opgive et eneste, trods Oponionens Bølgegange. Tilslutt ropad han eit Live for det frie Noreg.

 

 


Frå Fedraheimen 25.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum