Ymist.

 

Hr. Professor Amund Helland vil utyver Hausten og Vinteren halda geologiske Fyredrag i Kr.a Folkeskulelærarforeining.

 

Statsraad Haugland er no komen att til Byen og hev yverteket Tolddepartementet. Blix skal og vera komen heim, men skal ikkje vera Kar til aa gjera noko enno, daa han ikkje er rask.

 

Hans Jæger  er av Høgsterett dømd til 60 Dagars Fengsel. Mange trur, at Domen er for linn, men det trur ikkje me.

 

Samuel Lindblom, han, som var Orsak til Brannen i Skien, er dømd til 20 Dagars Vatn og Braud.

 

Pastor Oftedal reiser no i Telemork og derikring og preikar. Den 4de Oktober skal han vera i Trondheim.

 

I Vivestad,Anneks til Ramnæs, Jarlsberg, hev dei i ein Kjellar funnet tvo Menneskjelik. Retten vil nok gjera alt, han kann, for aa faa full Greide paa det.

 

Ein Del engelske Krigsskip hev vitjat Trondheim og no sist Bergen. Dei kjem til Kristiania straks, er det sagt.

 

Medlæraren hans Lasse Trædal, Per Velde, hev no vortet Amtsskulelærar i Spydeberg.

 

Ny Landsmaalsbok. Ein liten Rimkrans av M. Hægstad er utkomet i Namsos i desse Dagar. Det er ei Samling av 30 Rim. Ho kostar 30 Øre. (Dag).

 

Paa Landsmaalskurset paa Namdals Folkehøgskule er der iaar 24 Deltakarar. Av desse er 23 Lærarar og Lærarinnor. 22 hev Stipendium. Um Formiddagen er det Skule fraa Kl. 9 til 1 ½ . Fleire Ettermiddagar um Vika er der Ordskifte. Onsdagen den 8de var Fresten V. A. Wexelsen inne paa Skulen og heldt eit Foredrag um det høgre Skulestellet. (Dag).

 

Baade ”Dagbladet”, ”Aftenposten” og ”Verdens Gang” hev no vortet stemnde for Retten. V. G. hev fenget sjølve Presten Schiørn aa dragast med. Det er ikkje greidt aa vera Bladmann heller!

 

Det er ute med Bjørnson no, meiner Morgenbladet, han er komen so langt no, at han talar mot Krigen. Ja, Vantrui veks.

 

Gledelegt  er det, at Striden millom det reine Vinstre og det utskilde Vinstre tek til aa dovna. Det kann dermed verta Von um eit betre Samarbeid millom alle Vinstremenner for det, som dei alle er samstelte um, t. Eks. Maalsaki, Hersaki, Juryen o. a. Striden er ikkje til Gagn for nokon og berre til Glede for Høgre, skriv Dag.

 

I Jemteland hev det alt voret so mykje Snø, at dei kann bruka Slede. I hi Vika var han fleire Tumar tjukk. Paa smaae Vatn laag det Is.

 

I Italia er det ein Mann, Succi, som no hev svoltet i 30 Dagar. Det er nok ikkje meir, enn han stend det yver.

 

Uppreist i Spania. I den spanske Hovudstaden og derikring hev mange militære gjort Uppreist og krev Republikken innførd. Ein heil Mengde hev vortet fengslat, berre i Madrid yver 80 Offiserar.

 

I Bulgaria gjeng det so ymist til no. Det er ikkje godt aa faa Greide paa, korleis det kjem til aa gaa. Dei trur mest, Prins Waldemar av Danmark vert valt til Fyrste att. Han er Bror aat Keisarfrua i Russland, so han vert vel fagnat der, og likeins er han skyld med Kongehuset i England. Imillertid kann ein ikkje enno segja, korleis det gjeng. Det vil nok visa seg.

 

Det er ikkje greidt aa vera Russakeisar heller. Han torer knapt reisa um i sitt eiget Land. Nyleg kom han til Litevsk. Langsmed Banelina var det stelt upp Soldater, som hadde Paabot um aa skjota kvar den, som nærmad seg Lina, naar dei hadde sagt fraa 3 Gonger. Toget var i 3 Delar, og ingen viste, kva for eit Keisaren var paa. Paa alle Stasjonar var det paalagt Banefolket aa halda Dører og Vindaug godt stengde, so ingen fekk kika inn. Soleis er det, naar ein ikkje hev godt Samvit! _

 

Nyt Tidsskrift”, styrt av J. E. Sars og Olaf Skavlan, 8de Hefte for 1886 er komet ut og inneheld:

 

Om bakterierne. IV (slutning). Af F. Gade (s. 557). – Kristiania theater, af Irgens Hansen (s. 596). – Fra samfundsøkonomien, af Lars A. Havstad (s. 608). – Pressestyre, af W. T. Stead (s. 636).

 

 


Frå Fedraheimen 25.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum