[Ymist.] Europa 1886.

 

Det gjeng ein Straum gjenom Tidi vaar, ein Straum, som vert sterkare og sterkare og som ikkje stoppar, fyrr han hev brotet ned dei noverande Samfundsformer og skipat alt paa ein annan Maate. Det er Sosialismen, dei kallar.

         

Sosialistarne arbeider for aa likestella alle Folk. Dei vil ikkje, at nokre skal vera nøydde til aa svelta og lida vondt, medan andre hev det godt. Dei vil faa ein rettvisare Samfundsskipnad.

   

Bismarck og andre store Herrar hev arbeidet mot alt, dei hev orkat. Prestarne hev komet med Bibelen og sagt, at det var Guds Vilje, det skulde vera, slik som det var o. s. b. Ingenting hev hjelpt. Sosialistarne vert fleire og fleire for kvar Dag og det kann vel knapt vera Tvil um, at dei ein Gong vil vinna fram.

            

I 1886 var det Uppstyr millom Arbeidaranne i England, Belgien og Frankrike. 8de Februar byrjad dei i London og Uroi spreidde seg straks til dei største Byar i Landet. Endalykti vart, at Regjeringi maatte hjelpa dei til med Arbeid. Same Maanad var det Arbeidaruro i Decazeville i Frankrike. Det var Grubearbeidaranne, som her reiste seg. Dei negtad aa arbeida i fleire Vikur og Regjeringi vart endeleg nøydd til aa granska Bergverkslovarne. Verst var det i Belgia. 18-26 Mars heldt dei paa i Lüttich, samstundes sluttad Arbeidaranne i Gilly og 26de mars tok det til med Eldløysa i Charleroi. Det vart so stort Uppstyr, at Regjeringi maatte senda Soldatar iveg. 29de Mars vart det skotet paa Arbeidaranne. Den klerikale Regjeringi maatte i Mai laana 33 Millionar Fr. for aa gjeva Folk Arbeide.

     

Ved Aarsskifet sat Toryarne i den engelske Regjeringi. Det vart der ikkje lengje. 21de Januar kom Trontalen og i denne vart det sagt, at Regjeringi vilde gaa hardt fram mot Irland. 27de Januar maatte Sallisbury gaa av og gamle Gladstone kom istaden. Det vigtugaste han hadde aa arbeida for, var aa gjera Irland sjølvstendugt. Paa dette sette han inn alt, han raadde yver. Han, den gamle Mannen, talad i fulle 3 ½ Timar. Men Motstanden vart for hard. Home-rule Loven fall 8de Juni med 341 mot 311 R. Gladstone maatte treda av og Salisbury sit no som Fyrstestatsraad.

         

I Slutten av 1885 gjekk det franske Ministerium Brisson av og Freycinet kom istaden trast etter Aarsskiftet. Det meste Arbeidet hev voret lagt paa Skulereformar. Alle prestelærde Folk hev vortet negtat aa vera Lærarar i Folkeskulen. Det er sagt, at dette er den vigtugaste Loven, som er gjeven i dette Aarhundrad. Og visst er det, at det ikkje er nokon kvardagsleg Ting aa skilja Kyrkja og Stat fraa kvarandre. Det er dette, som vart avsluttat her.          

  

Ein annan Lov, som jagat Prinsarne utor Landet, kom ogso ut dette Aaret. At dette var stygt gjort, er flestalle Folk samde um. Mange av dei byrgaste og eldste Fristatsmenner røystad og imot Loven.          

 

I Slutten av Aaret maatte Freycinet gaa av og Goblet vart set til Fyrstestatsraad. Dette kjem vel berre til aa vara ei liti Tid, daa Goblet ikkje skal vera noko tess.

            

Det hev voret sagt, at Frankrike skulde vilja gaa med Rusland i det bulgariske Spursmaalet. Det er ikkje godt aa segja noko visst um dette. Det vilde vekkja Forundring, um desse tvo Land slog seg saman for aa kuga Bulgararne. Men likso utrulege Ting hev hendt fyrr. Det er mykje, som tyder paa, at det ikkje er teket or tome Lufti helder. Um det vert Krig i 1887 er ikkje godt aa segja. Men flestalle Land held paa og rustar seg. Det ser ikkje ljost ut i Europa og det er ikkje utrulegt, at det maa verta Krig av det.

 

 


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum