Kristiania, den 21de Januar.

 

Maalsaki i 1886. I ein ”Oversigt” skriv Husmanden: ”Maalsagen har gaaet fremad. Flere og flere Aviser opta’r Stykker paa Maalet. Fedraheimen venter sig en Krise; thi af Hensyn til Bladets Politikk skal et nyt Maalblad være foreslaaet oprettet”.

           

Kor gildt det skulde vera, um dette var sant!

  

Me hadde og fat paa dette i No. 1. Det hev vortet sagt, at det her i Byen skal finnast nokre Menneskjur, som hev tenkt paa det. Eitpar av Statsraadarne vaare, som er ivrige Maalmenner som skal vera viljuge til aa stydja Bladet med Pengar so mykje som mogelegt. Dei tener 12000 Kr. Aaret no, maavita og daa maa dei vel sagte kunne gjera noko, soframt dei vil daa. Berre det maatte verta noko av det, og det straks!

            

At Fedraheimen skulde venta seg ”en Krise” for Skuld dette, det er ikkje sant.Fedraheimenhev teket sitt Parti fyrr, og dei, som ikkje torer han for Skuld Politiken, dei hev sagt han fraa seg. Dei, som no held han, er anten reine Vinstremenner elder sovorne Høgre og Oftedøler, som ikkje segjer eit Maalblad upp, avdi dei ikkje er einuge med Bladstyret i eit og alt. Det er sovorne Folk, som kann tenkja sjølv, og som ikkje tek ein Tanke for god, fyrr dei sjølv hev prøvt han.        

  

So, naar Husm. talar um ”Krise” so er det berre noko, som han hev innbillat seg. Det er ikkje noko i det.

  

”Om jeg hamrer eller hamres,

ligefuldt saa skal der jamres”.

 

  

”Folkets Avis”– som den austlandske Vestlandsposten no heiter – og Høgrebaldi finn, at Bladstyrar Thommessen ikkje las nok av ”Albertine”. Dei segjer, at han forstod, at soframt han hadde leset upp heile Boki, so hadde Arbeidaranne fenget ei onnor Meining um ho og so hadde dei voret einug med Regjeringi i dette Spursmaalet. Sovoret er berre Revakrokar. Thommessen las upp det verste, som finst i Boki (Visitasjonen) og det andre fortalde han so klaart og greidt, at det var sagte Raad med aa faa uppgjera seg ei Meining um ho. Hadde no T. leset upp heile Boki, so skulde ein høyrt ein annan Laatt i Bjella hjaa desse kristelege Bladi! Saki er den, at Th. kann stella seg plent som han vil, so kann han vera viss paa, at desse Blad klandrar han like fullt.

 

  

Norske Spilstykkje i Utlandet. Gengangere hans Ibsen hev i desse Dagar vortet spilat nedi Tyskland, baade i Berlin og andre Stader. Soleis vart det nyleg spilat i Berlin paa det største Teateret, der Ibsen sjølv var innboden og var tilstades. Stykket vart motteket med Fagnadrop, og Ibsen maatte syna seg den eine Gongen etter den andre. Politiet hadde ikkje tilletet aa spila Stykket meir enn ein Gong; men det var yver 14000 som vilde sjaa det og ikkje slapp inn, so det er Von um, at det straks vert tilletet. Seinare vart det haldet eit lag for Ibsen, der dei fyrste tyske Forfattarar var med.

 

 

Jeg har læst engang, og Satsen er sand:       

Ingen blir Profet i sit eget Land,

segjer Per Gynt ein Stad. Ikkje sant?

 

 


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum