Maalsaki og Strindberg.

 

 

I Sverike er det ein Mann, heiter August Strindberg.

            

Han er den største svenske Diktaren no for Tidi.

            

Det, som han hev vortet mest namngjeten for i det siste, er det brennande Hatet han ber til Kvendesaki.

            

Medan vaare Diktarar arbeidar for Kvendi alt, dei kann, so gjer Strindberg nett det motsette.

            

Denne Mannen ser helder ikkje med blide Augo paa det norske Maalstræv. ”Lat oss faa Dansk. Norsk det er provinsielt. Lat oss difor vera fri det”.

            

So paalag talar den største svenske Diktaren um Maalstrævet vaart. Han, den upplyste og kloke Mannen, drøymer nett um det, som so mange Svenskar (og svenske Normenn) drøymer um – at Norig ikkje er eit fritt land, men ein Lut av Sverike.     

  

Kva skal me gjera, naar me høyrer sovoret? Skal me berre læ aat det?

            

Ein kann lett verta freistat til aa gjera noko sovoret; men ikkje trur me, den Framgangsmaaten er vidare klok.

            

Lat oss sjaa oss litt ikring. Dei store Diktarar hev alltid voret dei Folk, som hev gjenget i Fyreenden for Maalutviklingi i eit Land. Sjaa no berre Holberg. Daa han byrjad skriva, var Dansk lite vyrd hjaa Storfolket. Tyske Adelsmenner kom som ein Flaum yver Landet og det tyske Maalet vart brukat meir enn det danske. Det gjekk so vidt, at sjølve Tenestegutar tok til aa tala Tysk.

            

So kom Holberg.

            

Han tok upp det vanvyrdad Danskemaalet, og paa det skreiv han dei beste Bøkerne sine. Han gjorde Narr av desse narrelege Folki, som gjekk der og talad Tysk, Fransk og Latin og som totte, det var ei Skam aa bruka Heimemaalet sitt. Folk lo aat han i Fyrstningi, men han heldt ut; og Dansken segjer den Dag i Dag, at hadde me ikkje havt Holberg, so hadde knapt Danskemaalet voret raadande hjaa oss no.

            

Og plent som det gjekk i Danmark, soleis hev det og gjenget i mange andre Land.

            

La langue est la nation, Maalet er Folket, segjer Fransmennerne. Det vil segja so mykje som, at det ein fyrst og framst kann kjenna eit Folk paa, det er Maalet: So lenge dansk er raadande Maal her i Landet, so lenge er og Folket dansk. Og skal me nokon Gong verta norske fullt ut, so maa og Maalet vaart vinna full Plass.

            

Det er denne Tanken, som ligg til Grunn for Maalstrævet vaart. Det var denne Tanken um eit verkelegt norsk Land, som dreiv Ivar Aasen til aa skriva sine Meistarverk og Vinje til aa gaa iveg medDølen. Det er denne same Tanken, som hev drivet kvar einaste Maalmann til aa gjera det, han kunne.

            

Skal dette Arbeidet vaart sigra?

            

Ingen Maalmann og ingen annan helder, som hev sett seg fullt inn i, kva det gjeld um, tvilar paa det.

            

Det er berre eit Tidsspursmaal. Ikkje anna. Men det gjeld aa arbeida alt ein kann for at det kann gaa so snøggt som mogelegt. Til snøggare Maalsaki vinn fram, til snøggare vert me frie dette Trælarmerkje, som Danskemaalet set paa oss og til snøggare vert me eit betre Folk.

            

Og til dette bør Forfattaranne vaare hjelpa oss so mykje dei kann.

            

Me kann sjølvsagt ikkje venta, at Byfolk som Kielland, Ibsen og Lie, som hev vakset upp og soget i seg den danske Eimen fraa Vogga av, at desse Folk skulde taka til aa skriva norsk. Det vilde berre vera aa skada Arbeidet vaart.

            

Men me hev Forfattarar som Garborg. Han er Bondegut og han skriv norsk, so det stend etter. So hev me Jens Tvedt, Per Sivle, Maakestad o. fl. Um Maakestad si Bok ”Ein Fåre”, hev ein av vaare fyrste Maalmenner og Bokdomarar sagt, at naar ein ung Gut skriv so godt, so maa det vera To i han til aa verta noko reint stort.

            

Altso vantar det ikkje Folk, som baade kann og vil skriva.

            

Det, det kjem an paa, er, um det norske Folket verkelegt vil arbeida alt, det kann, for aa faa Danskmaalet burt. Elder i ei onnor Form: um dei vil stydja dei norske Bokskrivaranne.

  

Det er dette det kjem an paa. Ein fær hugsa paa det, at Forfattaranne er Menneskjur, som skal liva, dei og. Og det er ikkje anna, enn ein kann venta, at dei skriv dansk, naar Folket ikkje kaupar norske Bøker.

  

Det er gode Teikn no paa det siste. Fyrste Upplaget av ”Mannfolk” (1500) er alt utselt og Utgjevaren held no paa og prentar eit nytt. Kann det ganga soleis i Framtidi, so er det ikkje Tvil um, at me snart er ovanpaa med Maalsaki. Naar me er komne so langt, daa kann me læ aat det, Strindberg segjer. Daa kann me syna den storkjeftad Svensken, at me stend paa eigen Grunn likso vel som Svenskarne sjølv gjer, og at me sletikkje tek oss nær av det, han hev aa segja.

            

Ja, norske Menn og Kvende! Lat oss arbeida alt, me kann, for Norskdomen her i Landet. Lat oss ikkje verta trøytte anten me møter Motburd fraa Svenskar elder Danskar, anten her i Landet elder utanfyre. Lat oss gaa rakt fram og sjaa korkje til høgre elder vinstre. Det vert daa oss som vinn eingong likevæl.

            

 

Lat det merkjast i meir enn i Ordi

at me halda den Erven istand

so naar Fedrerne sjaa att paa Jordi,

dei kann kjenna sitt Folk og sit Land!

 

 


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum