Tvo Bøker.

 

 

Jens Tvedt: ”Skuggar og solglytt”.

Arne Garborg: ”Mannfolk”.

 

          

Forsyne meg set eg dei i den Reid ja. Og det er ikkje berre av di, at Tvedt si Bok kom fyrst. Eg veit væl, at ei heil Horg med kritiklause Kritikarar vil snakka i Munnen paa kvarandre, den eine som den andre, og segja, at det er daa ikkje Meining skapt i det aa setja Tvedt fyre Garborg. Neimen um eg det gjer hell. Dei kann vera gode kvar for seg. Men det er Bøkerne eg vil snakka um, Og daa vaaagar eg aa hava mi eigi Meining. Eg veit ikkje, kvifor ei Bok plent skal vera betre av di ho er skrivi av ein, som hev skrivet ei god Bok fyrr.

            

Men mistyd meg ikkje. Naar ein ser paa dei tvo Bøkerne reint som tvo Stykkje Konst, so veit eg væl det, at Tvedt hamlar ikkje upp med Garborg i det aa teikna greidt og tydelegt. Men ellest vil eg no segja so stort eit Ord, at det er no ikkje berre laakt i den Vegen i Tvedt si Bok og helder ikkje berre frægt i Garborg si.

            

Men det er helst noko anna, eg tenkjer paa. Tvo Ting helst. Det eine er det, at or Bøkerne sankar Folk ikkje berre Vismon um, korleis det gjeng til og hev gjenget til kringum dei. Men dei nører Flogvitet sitt og Hugen sin og med di, dei les. Difor kann dei vel gjera sitt Gagn dei Bøkerne, som syner fram Ukjurskapen og, men den Bokheimen kann allvisst ikkje kallast god, som ikkje byd anna til Føda. Det kann vera godt aa faa sjaa, korleis Innmaten i dette stornasa By-fintyet ser ut, men liksom ein kann standa so lengje aa sjaa ned i ei giftig Hola og trekka Eimen i seg til dess ein raader or og dett nedi, soleis kann ein stira so lengje paa Vesaldomen og Ukjurskapen, til dess han missar Trui, elder Giren vert for sterk, og so stupar han. Difor kann det vera likso naudsynlegt, at her kjem Bøker, som kann gjera Folk glade i Livet og Landet, som at her kjem Bøker, som syner oss, kor ufjelgt og hustrett det ser ut paa some Bau. Mistyd meg ikkje. Det er ikkje det eg meiner, at Folk ikkje toler sterk Kost, at eg helst skulde vilja hava ”sødgblødg dænsk eller frænsk Romantikk”, elder ”grønklædte Huldre, gudelige Bønder og smægtende Bondesønner og Bondedøtre”. Nei eg segjer som sant, eg likar ikkje stort korkje eitrot Søylevatn elder lunka Sokkervatn te drikka. Eg likar helst endefram og kraftig Kost, som set Merg i Beini og Varme i Blodet. Men daa maa det ikkje vera noko som legg seg utyver ein som ein Kaldflir aat heile Stellet. ”Smaatt; Stell! Smatt Stell!” Vesalldom og Ukjurskap det heile! det er Grunntonen i Garborg si Bok. Og ein fær ikkje med Vissa Syn for, at det vilde verta betre, um Folk kunne gifta seg, fyrst dei hadde Hug, for det var daa uvisst, um ein raakad paa den rette.

            

Men eg vil ikkje segja, at sovorne Bøker skal Politiet taka, slett ikkje. Det vert berre til det daa, at dei som kunne hava Gagn a aa lesa dei, dei fær ikkje i dei, men dei som vil lesa dei for aa hugga Griselynne sitt, dei fær i dei, og les dei, i Myrkr og Dulsmaal, og so kann ein vita, kva som vert saadd med sovoren Lesnad. Dei kann vera for seg sovorne Bøker; men det er det eg meiner, at det vert vesall Hugnad, Folk fær paa langframen av det aa standa og sjaa og stira nedi Søyla, som suklar og renn nedyver Kristianiagaturne.

            

So var det det andre, og det var Maalet. Eg vilde likt det mykje betre, um Boki hans Garborg vøre skrivi paa Dansk. Som det no er, so er Maalet driptat: Bymaal til Botnlet og Beiting og so noko Drepel burtyver med norske Former og norske Vendingar. Dei er faae dei Setningarne, som ikkje er tenkte paa Dansk og skrivne med a elder sovore Norsk i Enden paa Ordi. ”I Botn og Grunn” t. D., sem det stend fleire Stader, er det norsk? nei; ”i Botnen” elder ”i Grunnen” er Norsk, ikkje begge i hop til eit; er det Dansk? nei, paa Dansk segjer dei ”i Bund og Grund”, det rimar samen i Dansk, men ikkje i Norsk. Ellest er det ikkje sovorne einstaka Maalveilor eg vil hekta meg fast i, somykje. Det er Maalet heilt igjenom. Det er armt paa norsk To, men utspragla med Fjødrer, som er plukka paa Studenterhybelen, paa Kaféen, paa Karl Johan og nedi ”Vika” med, og som det er set ein norsk Ende paa. Det norske Dreplet er so tett og jamt, at det sume Stader mesta hyar yver det heile og mest held paa og vert Grunnfarge, men so kjem det andre Stader att, som det er berre Drepel. Ja eg meiner ikkje paa dei Stykkje, som er skrivne med Kristianiamaal. Det var ein L. St. ute i Fedraheimen for ei Tid sidan og lagde frami noko um, at Tvedt skulde halda seg meir til Normalmaalet. Skal Garborgs Maal vera ”Normalmaalet”, so vil eg segja so stort eit Ord, at daa gjer Tvedt rettast i ikkje aa skruva seg inni den ”Norm”. Den same L. St.hadde framme um, at Tvedt brukad for mykje ”vestlandske Uttrykk”, som Austlendingarne ikkje skynte. Eg vil segja det, at eg trudde beint aa segja, kvar god Maalmann maatte vera glad i Tvedt si Bok alra helst for Maalet si Skuld, at det er so reint og heilstøypt Norsk. Fær Garborgs Maal Framvokster i Bokheimen, so vert Maalet armt i seg sjølv, til dess det vinn eta i seg so mykje Framandmat, at det kan halda jamt med andre Maal. Mykje heimevakset Maalfang vert daa lagt etter og døyr burt. Men eg hev aldri trudd det, at det var Meiningi aat Maalmennerne, at Gatemaalet og Hybelmaalet og Kneipemaalet i Austlandsbyarne skulde verta norsk Bokmaal.

            

Mesta i den Vegen er det, eg set Tvedt si Bok framum Garborg si. I ”Skuggar og solglytt” er det eit rikt norsk Maal, i ”Mannfolk” er Maalet helder armt og ikkje norsk i Botnen. I ”Mannfolk” er det mesta berre ”Os” og ”Eim” og ”Skodde” og ”Snjo” i ”i Fillur” og ”sluskot” og ”Regn”; i ”Skuggar og solglytt” er det daa ”Solglytt” og, kannhenda væl myke att. I ”Mannfolk” kjem Landsfolk fram berre som raa, dumme og ukjurslege; Landsgjenturne er runnlette, friske, kjøttjukke og dumme, ferduge til aa byda seg aat mest kva Mannfolk, dei ser. I ”Skuggar og solglytt” er Landsfolke kannhenda lite for kvite, men ikkje berre kvite; det er ikkje heilt, som ein kunne ynskja det der hell, men ein kjenner det er frisk Merg i det Folket, som der er framme; dei kann vera myrkrædde og dei kann vera stade paa ymse Bau, men fær ein dei fyrst paa Trallen, so er dei ikkje verst; det finst Emne i dei til ymse Tiltak, som det vantar, er Tanketidn.

  

Difor meiner eg, at Garborgs ”Mannfolk” kann vera god for seg til sitt Bruk; men me skal ikkje vera so kaute av Ukjurskapen sjølv um han er ”moderne” og vert ”moderne” teiknat, at me ikkje vil vita av anna Hugføda, sjølv um det vert sagt, at ho er ”romantisk”; Det veit eg no ellest ikkje, um eg kann segja Tvedts Bok er, anna enn dei fyrste Smaastykkje og so ender og daa ein og annan Svipen; ellest vert det reint beintfram fortalt, som Folk liver, og det er ikkje berre fint.

           

Dette er no mi Meining um desse Ting, og eg trur, eg hev Rett til aa hava ei Meining eg liksom andre.                        

 

  

Arne Vestrum.

 

 


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum