Um Jordskjelvar.

 

(Del 1 av 2.)

  

Det, som ei Tid sidan hendte i Agram paa Øyi Ischia og i Chios sette Liv i heile Europa. Folk kjende berre til Namnet paa desse ville Magter nede i Jordi og hadde ingi Greide paa, kva det igrunnen var for noko. Men no hev baade lærde og andre teket til aa granska etter for Aalvor.     

  

Det er ufatelegt, at ei so valdsam Naturmagt ikkje fyrr hev vortet granskat. Det kjem vel av det, at dei som bur nærmast vert so rædde, at dei rymer paa Timen, utan aa gjeva Gaum etter noko anna. Men Grunnen til alt som fyregjeng i Naturen kann finnast ved aa granska det, som syner seg. Ein annan Grunn er vel det, at me ikkje kjenner det indre av Jordi, der Jordskjelvarne gjeng fyr seg. Dessutan so finn ein ikkje Løysing paa Spursmaalet berre ved det ”lekamlege” Auga, men ein lyt taka Reiknekunsten og Tenkning med.          

  

Det finst endaa ingen, som hev stelt upp nokor Læra um Jordskjelv. Dette er ikkje noko lett Arbeide, daa det er raadlaust aa sjaa ein Jordskjelv fraa Utbrotet av.       

  

Me skal her freista aa forklara dei Røynslur, som det er verdt aa gjeva Gaum etter, soframt me vil ha Greide paa, kvar Jordskjelvarne oftast bryt ut. Naar me hev set litt paa desse, skal me seinare koma med ei Forklaring.

  

1. Den Bivringi, som fylgjer med Jordskjelven er 3 Slag: støytande, bylgjeformat elder kvervlande.      

  

Fyrste Slaget syner seg berre ein Stad, som ligg like ovanfyre det Punktet i Jordi, der Jordskjelven gjekk ut fra. Det vert kallat Jordskjelven sitt ”Yverflatemidtpunkt”. Den bylgjeformad Bivringi er utanum denne fyrste, og til lenger ho røkk, til mindre er Verknaden. Um ein difor nokon Stad merkjar ei lang, voggande Bivring, so kann ein vera viss paa, at det langt burte hev voret Jordskjelv. Forfattaren kjende soleis Jordskjelvar i Agram paa denne Maaten (9de Nov. 1880).

           

Den kvervlande Bivringi held seg paalag paa same Plassen som den støytande. Det er nett som det skulde vera Brytningar inne i Jordi, som kvar vilde avstad til sin Kant. Ovanpaa denne vert dei ymse Ting (Skorsteinar, Kyrkjetaarn o. s. b.) liksom kvervlad og kastad ikring. Difor dette Namnet.

 

2. Ei Risting. Det ser ut som ein Lov utan Undantak, at det etter kvart Støyt, som var sterkt nok til aa gjera ei Ulukke, kjem fleire meir elder mindre sterke Ristingar. I dei fyrste Dagar etter ein sovoren Støyt kjem det like inntil 100 nye Støytar, og det er Døme paa, at Jordi ikkje hev komet til Ro etter fleire Aar dessmeir. Av dette kann ein slutta, at ikkje ein einaste av dei Støytar, som kjem seinare er so sterke som den fyrste elder Hovudstøyten.

  

3. Naar ein kastar ein Stein i Vatnet, danar det seg ein Bylgjering ikring der Steinen sokk. Plent soleis er det med Jordskjelven og. Det danar seg Bylgjur, som vert større men linnare til lenger dei kjem burt fraa Midtpunktet. Alle Stadar, som ligg like langt fraa Midtpunktet, merkjer Jordskjelven paa same Tid. Alle desse Stader tilsamantekne, vert kallat Bivringsutstrekningi.

  

Kor stort dette er, avheng av, kor djupt nedi Jordi Skjelven byrjad. Til djupare det er, til lenger burte bivrar Jordbotnen.

                                                          

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum