Ymist.

 

 

Fanetoget til Joh. Sverdrup no Sundag var eit aalvorlegt Innlegg mot ”Beslaglæggelsen”. So stort Arbeidartog hev vel knapt Kristiania set, og det var eit sovoret Aalvor og Sømd yver det heile, at det var reint framifraa. Dei einaste, som skjemde seg ut, var dei frisinnad Studentar. Desse Folki skal no alltid gjera alt so sers, og so vert det støtt so, at Folk berre maa læ aat dei. I fjor ropat dei ”Afsky”, daa ”Bohêmen” vart teken, men nokre Maanar etter, daa dei hadde fenget tenkt meir yver det, sagde Mesteparten fraa seg heile ”Bohêmgreida”. Dei veit liksom ikkje, kva dei vil. Ein Dag klemmer dei iveg med noko, som set Liv og Røre i heile Byen, og andre Dagen riv dei det ned att. Naar dei difor skal vera med i noko, so lyt ein taka dei plent som ein tek Borni. Dei kann ikkje styra seg sjølv, og difor treng dei voksne Folks Hjelp.

            

Det, som sermerkte dei denne Gongen, var tri Fanur, som dei hadde fenget maalet noko paa. Paa eine stod det: -Respekt for Grundlovens § 100, paa andre: Giv os Albertine fri! og paa den 3dje: Træk Nathuen af! Dei tvo fyrste var det inkje aa utsetja paa; men den tridje var det mange, m. a. Styret i Arbeidarsamf., som ikkje likad. Dei maatte ta ho burt. Daa Toget hadde komet vel i Gang, skilde Studentarne seg ut (ikr. 20) og gjekk sin eigen Veg.

            

I Folketoget var det i alt 20 Fanur, Folketalet er det ikkje greidt aa segja noko um; men det er visst ikkje formykje aa setja det til 10000. Alt gjekk ordentleg til heile Tidi. Daa Fyreenden hadde naatt Stiftsgarden, gjekk Styret inn til Statsministaren, medan Toget heldt paa aa gaa framyver. Daa Formannen hadde leset upp det Vedtaket, som var gjort i Arbeidarsamfundet fyrre Sundag, mælte Statsministaren:

            

”Jeg har læst den af Deputationen overbragte Beslutning.

            

Da der ved denne ansøges udvirket en Regjeringsforanstaltning, og da Henvendelsen er udgaaet fra en Forening som Kristiania Arbeidersamfund, skal jeg modtage Afskriften af Beslutningen, der vil blive tilstillet Chefen for Justitsdepartementet til Behandling i Embeds Medfør.

            

For at ingen Misforstaaelse skal kunne finde Sted maa jeg meddele, at Justitsdepartementets Chef etter min Overbevisning har gjort sin Pligt mod Samfundet og handlet efter Loven ved at iværksætte den skete Beslaglæggelse og Paatale.

            

Herrerne ville tillade mig nogle faa Bemærkninger. Bestræbelserne i Samfundene for at modvirke Prostitutionen er ikke fra igaar; et stort Antal dygtige Mænd har beskjæftiget sig med Spørgsmaalet, uden at dette nogensteds har fundet en fuldt tilfredsstillende Løsning. De Vanskeligheder, man har at overvinde, er nemlig store. Dette er selvfølgelig ikke tilstrækkelig Grund til at lade Sagen bero paa sig selv. Jeg antager ogsaa med Sikkerhed at kunne sige, at der hos os i Henhold til allerede stedfundne Undersøgelser med det første vil komme under Overveielse, hva der kan gjøres for saavidt mulig at fjerne Ondet. Til at der træffes Foranstaltninger i denne Retning vil jeg som enhver Fædrelandsven villig bidrage. Arbeidet vil aldrig blive uden Velsignelse”.

            

Som ein ser, sagde Statsministaren, at han trudde Justitsministaren hadde faret etter Loven. Det er visseleg ingen, som tvilar paa det. At det finst Folk her i Landet, som ikkje kann lesa ”Albertine” utan aa blygast, kann det vel ikkje tvilast um, naar dette er Tilfellet med sjølve Justitsministaren. Me kann godt tenkja oss, at um uvitande Folk fekk Tak i Boki, so vilde dei ikkje lesa ho. Men skal det vera Meining i ”Beslaglæggelsen” av ”Albertine”, so fær Justitsministaren vera so god aa taka paalag dei beste Bøkerne som finst. Han fær fyrst og framst taka Bibelen, dinæst Spelstykki hans Holberg, ”Det flager” av Bjørnson, ”Mannfolk”, ”Gengangere” av Ibsen o. m. a. Han maa taka paalag alle dei Bøker, som vert mest lesne. Det finst i mange av desse Bøker mykje verre Stykkje enn i ”Albertine”. Naar difor Justitsministaren tek den siste og ikkje dei andre, so kann det, so tenkjer flestalle Folk, som hev leset ”Albertine”, ikkje vera av annan Grunn enn aa liva for Styggedomen aat Storfolket her i Byen. Det er kjent nok, at det finst og hev voret likso store og større Svin millom Politiembætsmennerne her i Byen enn Winther. Anten fær Justitsminissaren forbjoda alle desse Bøker, elder ogso gjeva ”Albertine” fri. Gjer han ikkje det, so fær han ikkje rettvist aat.

 

            

I eit Studentmøte igaarkveld vart det ordskiftat um ”Nathueflagdet”. Stud. Lunde fortalde daa m. a.: Daa Styggeskapen i London kom upp for eit Par Aar sidan, gjekk det eit stort Folketog gjenom Gaturne. Paa eit Flagd var det maalat eit Vrengebilæte av Kronprinsen, som og hadde voret med i Svineriet. Det var ingen som torde taka det fraa dei. Men straks ein her kom med ei Bøn til Statsministaren um aa taka burt den ”Nathue” han i det siste hadde teket paa, daa vart dei hindrad straks. Og endaa talar dei um Fridom.

  

 

Mot Menigheitsraad hev desse Foreiningar uttalad seg. Askim Vinstref. (Smaalenene), Helleland Vinstref. (Stav. Amt), Eidsberg Vinstref. og mange andre.

 

            

Hamarvedtaket hev og gjenget gjenom i ein Mengde Foreiningar, m. a. i Bergen, der det samrøystes vart vedteket.

 

            

15 Tingmenn kjem til aa røysta for Menigheitsraad slik som det er fyresleget av Statsraad Sverdrup.

  

 

Aksel Herlofseni Arendal er no dømt til 6 Aars Strafarbeide.

 

            

Kapplaup vart haldet fyrre Vika millom H. Hagen og Amerikanaren Franklin. Den fyrste rann og den andre sprang. Hagen vann i alle 3 Laup.

 

            

Bladet ”Magne” hev no bytat Namn og heiter Kirkelig Folkeblad. Ullmann hev gjenget ut or Bladstyret.

 

            

Sverike. Det svenske Stortinget vart opnat sist Laurdag. Det kjem til aa faa mykje aa gjera iaar. Fyrst er det Bankstellet og nokre Bygningsspursmaal; Skulespursmaalet saman med Eksamenar ved Allskulen, Prinseløner o. s. fr. Av Lovarbeid kjem det m. a. aa taka fat paa: Prentefridomen, Millomriksloven og Loven um den boklege Eigedomsretten.

 

           

Danmark. Det danske Stortinget vart jagat heim her um Dagen og nye Val skal haldast 28de Februar. Det var noko ved eit stort Pengespursmaal, som Estrup ikkje var einug med Stortinget i, og so uppløyste han det.

 

        

Irland. Det gjeng so ymist der burte paa den fagre Øyi. Høgrestyret i England kjem ingen Veg med Irarne, korleis det so fær aat. Ein og annan Godseigaren hev set seg nøydd til aa nedsetja Jordavdraget; men det hjelper ikkje stort. Det vert nok ikkje nokor onnor Raad enn aa faa Sjølvstyreretten for Irland gjenomførd, soframt det skal verta Orden i Landet.

 

            

Iddesleigh, ein av Høgreministaranne i England, døydde her ein Dagen. Han var fyrst paa Kantoret hjaa Gladstone og steig etterkvart upp til dei høgaste Plassar. Han var ein dugande Mann og ein Ven av Gladstone, endaa dei var usams i Politikken. For nokre Aar sidan stod desse tvo og talad mot kvarandre det beste dei kunne. So vart det ein Stans og daa gjekk Gladstone burt tok Iddesleigh i Handi og takkad han.

  

 

Bismarck hev haldet fleire Talar no paa det siste i det tyske Stortinget. Han kom ind paa Forholdet millom Tyskland og Frankrik. Tyskland vilde ikkje ha Krig og soframt Frankrik meinte det same, so vart det aldri noko av det. Men soleis er det ikkje. Frankrik vil ha Krig, anten det so vert no elder um 10 Aar. Og kjem me til Paris att, so ver viss paa, at me skal gjera Frankrik uskadelegt for lang Tid. Det skal ikkje sleppa so lett fraa det som i 1871.

            

Endaa Bismarck gjorde det, han kunne, so gjekk ikkje Forslaget hans gjenom. Regjeringi kravde Pengar til Heri for 7 Aar, men Stortinget gav ho berre for 3 med 184 mot 154 R.

 

   


Frå Fedraheimen 22.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum