[Ymist.] ”Frihedens Seier”.

 

  

Jaabæk skriv i eit Blad um Negtingi av Diktarløn aat Kielland, at ”det var en stor Sag med Hensyn til Følgerne, det var et afgjørende Brud imod et statshusholderisk falsk Prinsip, det var en Frihedens Seier, som vil brede sig ud over fleire politiske Felter”.

 

Av desse Ordi, som det ligg ein viss Eldhug i, ser me, at det var ikkje Spursmaalet um Aandsfridom som laag til Grunn for Jaabæks Negting i Kiellandsaki, og helder ikkje var det den reine Sparepolitikk, som negtar utan aa taka Hensyn til Sak. Men det var noko av den same Tankegangen, som me hev greidt lenger frami Bladet, at Staten bør hava med so faae Saker aa gjera som mogeleg. Altso Utslag av ein meir framkomen og fridomskjær Tanke enn sjølve V. G.  og dei ”reine” hev.

 

Men likevæl er me imot han i denne Saki, endaa me er med han i Prinsipet. Me trur nemleg, at det nettupp er aa verka for den Tanke, at Staten skal hava minst mogeleg Velde, aa gjeva Kielland Diktarløn, han som hev skrivet ”Arbeidsfolk”, ei Bok, som nett visar oss, kor faafengt Statsstellet er – og han som i alle sine Bøker arbeider for aa faa eit nytt Samfundsliv, grunnlagt paa traustare Ting enn Autoritetstanken.

 

Det var ikkje Prinsipet, som var galet (det er rett det, at me bør verta kvitt Diktarløner) men det var Maaten aa bruka Prinsipet i det serskilde Tilfelle som var galen. Me som held oss til dette Prinsipet, finn, at no for Tidi  er Diktarløner meir naudsynlege enn Statsraadsløner til aa grunnleggja eit nytt Samfundsliv. Me maa ikkje vera so bljuge, at me berre for aa heita prinsipfaste jamvæl let vera aa bruka dei lovlege Midlar, som kann føra vaare Tankar fram.

 

Det som hev vantat Jaabæk i denne Saki, er berre det, at han hev voret for styrd og stiv og so kanskje noko upptergad av dei, som vilde ”traassa” Saki fram.

 

Men Jaabæk er gamall, og kanskje me vert dømde som Bakstrævarar alle, jamvæl me som held oss for radikale, um me vert so gamle som han. Det er væl ikkje urimelegt anna, enn at den illske Skrivemaaten um han i V. G.  ogso hev hjelpt til aa gjera Hugen hans saar. V. G. tener ikkje Sak ved aa vera so ilsk mot Personar. Og det Ry for aa vera radikalt, som det vinn seg med det, agtar me ikkje stort hjaa ein, der Radikalismen ikkje sit djupare enn hjaa Verdens Gang.

 

Lat ’om studre med sinom Stave,

han ber ikkje Skarlaks Klæe

det samer so ille ungom Bengilen

ein gamal’e Mann’e aa hæe”

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum