[Ymist.] Lagat som ein Stein?

 

 

Kitty Kielland skriv i Nyt Tidsskriftmillom anna:

 

Me hev so lenge høyrt um, kor gildt det er, at ei ung Gjente fær eit sjølvstendig Arbeide, so ho ikkje tarv gifta seg. Det er greidt, at det er godt, framifraa godt, at ho ikkje treng taka Ægteskapet som ein ”Forsørgelsesanstalt”, men det hev no lydt so lenge, at ein likesom fer til aa gløyma, at som Naturen er lagad, treng kvart Menneskje aa gifta seg, skal han naa si fulle Utvikling, det er, var og hev alltid voret Guds Meining.

 

Sjølvhjelp maa difor vera ein lettare veg til Ægteskap, um det skal verta til nokon Bate.

 

For eit Kvende, som aldrast ugift, maa det, ja bør det koma einsame Dagar, som ikkje Sjølvhjelp elder Gaavur hev noko aa gjera med. Det sturne og stuslege for ho er det, at ho ikkje hev høyrt med i Naturen, i heile Naturens Liv og Arbeid. Kvendet er like so lite som Mannen lagat som ein Stein. For den ugifte Kvinna gjeng det til Spilles ei heil Mengd med Evne og Krefter, fordi Naturen hennar reiser seg imot Dreping._ _ _ _Det kjem for meg, som at det er mangei ung Gjente, som herder seg til i Arbeidet og meinheld slike Kjenslur, som vilde fremja hennar menneskjelege og naturlege Utvikling; for det er ikkje so sjeldan, at ein høyrer just dei, som hev ei viss Interesse, segja, at dei aldri vil gifta seg. Det er vandt for Kvendi aa binda desse tvo Ting saman, det er visst, men det maa ikkje gløymast, at til den fulle Utvikling av sine Evne kjem berre det Menneskje, som hev fenget alt i seg utviklat. 


Det er daa noko, som heiter Liv i Naturen, og er det ikkje so, at Uppalingi av Kvendi hev gjenget burt fraa Livet inn i flikrefine Kjenslur og Tankar, som hev vortet Hovudsaki? Livet hev ein døyvt og tynt elder so hev ein ikkje viljat vist um det.