[Ymist.] Sjur.

 

Sjur var trulovad. Der fanst daa millom alle Gjentur i Soknet ogso ei, som vilde hava han. Ja, han hadde no voret trulovad fyrr ein Gong, men den Gjenta sa han opp att av di ho totte, han var so slarken, og det sa mange andre han var og. Men endeleg fann han daa midt i Hopen denne eine Gjenta, som svarad han Ja paa Timen, og dei vart trulovad. Mange Grunnar hadde han for det, um han ikkje nett heldt so mykje av henne, det fekk vera det same, men ho var no Dotter av ein Vælstandsmann, so det kunne henda, ho fekk noko i Heimagjerd av Pengar – visst var det no ikkje, men ein fekk vona det beste. Og so var det no det, at ”han Far likad det so godt”.

 

Sjur var aktad i Bygdi, trass han var noko slarken, som sagt er. Lenge var han ikkje god for aa tigja med det, men maatte fortelja det baade med Presten og Skulelæraren, at no var han trulovad med henne Kari, og dei totte godt um det, for dei trudde godt um Sjur og kunne ikkje gjeva den Tanke Rom i sitt Hjarta, at han vilde gjera det  um inkje. Det vilde vera Skam for han det, slik Gut, han var – og endaa meir – slik Gjente, ho var. Men Sjur hadde ein Bror, som heitte Leiv. Han hadde høyrt gjete, at nett so mykje i Heimagjerd var der ikkje aa venta. Og naar ho ikkje hadde Pengar, kva var det so for Sjur aa hava henne, for Pengar var dei fælt so glad i paa det Huset. Det var difor best, Sjur gjekk til Gjenta og sa hennar fraa seg. Han kunne altid finna paa eitkvart t. D. at han ikkje var god for aa halda av henne lenger. Aa ja, Sjur let seg yvertelja, men vantad Mot til aa segja henne det. Fleire Gonger skaut han det upp, so høgt han kunne, men – det sokk att. Ein Dag var han fælt til Kar, han hadde alt fenget Baaten paa Sjøen, men i det same han sette Foten ut i han, sokk Motet – tilbotnar, og han kom ikkje lenger. So skreiv han Brev til hennar, der han kom fram baade med den eine og andre Orsaking; det sende han fyre seg, og nokre Dagar etter kom han nokso høgvyrdeleg og vilde snakka med Kari. Han fekk daa det. Ho var altid noko sutsam, kann ein vita, av di han vilde gjera det um inkje, sa likevæl ingen Ting, men let han røda. Daa han var ferdug, spurde ho berre, kva han novilde segja med Presten, ”han fær so likevæl vita det”. ”Med Presten? Eg vil segja beine Sanningi med han”.

  

So sat dei baae tagalle ei Stund, men so sa han: ”Eg vert væl gangande som Forakt for alle gode Menneskje, eg no. Ho svarad han ikkje, men eg – Kvepsen – sat uppi Glaset og lydde paa dette, eg. ”Vil ikkje du svara, so skal eg”, tenkte eg med meg sjølv, og so fauk eg ende burt i Øyrat hans og skreik inn i det: ”Der sa du jamen eit sant Ord, Sjur!” Men Sjuren du, slo han ikkje til meg med Neven, so eg datt ned paa Benken attmed han og laag lenge i Uvit. Daa dei var gjengne sin Veg, so krablad eg upp i Hylla, der eg fann Pen, Blek og Papir. So drog eg det med meg burt paa Klokka, der eg no sit og skriv, og kven, som vil, skal faa lesa det, for eg vart so knakande harm paa’n Sjur, fyrst av di han slo meg, og so av di Kari som er so væn og gild ei Gjente, ikkje skulde vera god nok for han, Tassen. No kann han freista, kvar han vil, so pass Gjente fær han aldri meir, og det skal staa, um han fær nokor – slik han bar seg aat den Gongen.

 

Kvepsen”.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum