[Ymist.] Vask av Stortingsmenner.

 

 

V. G. skulde ein daa tru var eit laugevenlegt Blad, daa det jamt rosar seg av aa vera so ”reint”. Men det underlege skulde henda, at detBladet neiser Jaabæk for at han hev brukat for mykje Saape, medan han var paa Tinget. Bladet finn, at det er drjugt av han aa senda Statskassa Rekning paa Bad for 82 Kronur. Jaabæk upplyser elles, at det var ikkje til vanlege Laug han hadde fenget serskilt av Statskassa. Det var til ”medisinske bad”, som Lækjaren hadde paabodet honom.

 

Det vart slik eit Staak, daa eit Høgreblad hadde stolet denne Tidend fraa Departementskantor. Mange Vinstreblad vart ville. Aa lat berre alt slikt koma ut, lat det vera for alle Augo synt, det som vedkjem Staten, Statsmennerne og Statskassa!

 

Me for vaar Del synest, at Stortingsmennerne gjerne kunne kosta seg Lækjar og Medisin sjølve. Men me finn det ikkje rett gjort likevæl av V. G., at det stemplar Jaabæk serskilt her, som um han var den einaste, som gjorde slikt, det vil iallfall Lesaranne av Bladet tru. - Men Jaabæk hev ikkje gjort anna, enn vistnok alle Tingmenner gjer, naar dei er sjuke, senda Rekning til Statskassa, soleis som Loven gjev dei Rett til.

 

Ein annan Ting ogso. Tingmennerne hev viss Betaling utreknat for kvar Mil og so Dagpengar attaat til Mat paa Reisa aat Tinget og heimatt. Naar no einkvar ikkje hev brukat so mykjet, som Loven gjev honom Rett til, tru han daa berre krev av Statskassa det, som han verkeleg hev brukat?

 

Nei langt ifraa, det gjer vist Ingen. Alle krev nok alt dei kann faa og legg det ubrukte i si eigi Lumme til aa tena litt sjølv rike paa Statens Kostnad.

 

 


Frå Fedraheimen 12.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum